Hopp til hovedinnhold

Miljøvenlege hus

Viktigare enn nokon gong er det i dag å vera miljøvenleg, dette er også viktig når det gjeld hus og bygningar.

Fyringsutgiftene må ned, me set inn fyringsanlegg av ymse slag. Mange av desse gjer at bruken av ved går ned. Det er enklare å la eit luft til luft anlegg gå enn å fyra i omnen. Då går det mindre ved, men meir straum, sjølv om dei gjev frå seg meir enn dei tek, desse anlegga. Kva er mest miljøvenleg?

Me ser dei små vassdraga våre bli bygd ut for å tilfredsstilla den aukande bruken av straum til dette og hitt. Skogen tek over, det veks til med bjørk og gran, langt innover fjella våre. Om me nyttar ved til oppfyring kjøper me den gjerne i små sekkar, mykje av han kjem frå austlege delar av Europa. Billeg, men er det miljøvenleg?       

Mang ein gardbrukar og skogeigar er glad til, om nokon vil hogga seg ved langs kantane på jordet, eller i skogen som er i ferd med å bli for tett. Ikkje mange nyttar seg av dette, men kjøper ved i småsekk frå aust–Europa, eller fyrer med straum.

I fjellområda, som i stor grad er eigd av staten; kunne det vore mogleg at hytteeigarar kunne få hogga seg ved der? Det kunne hjelpa noko på at skogen tek over områda hyttene står i, desse hyttene som snart er hytter i skogen og ikkje hytter på fjellet. Samstundes som mange ville finna dette som ein hyggeleg aktivitet å driva med? Eller rett og slett som ei god treningsøkt?

Eit hus som allereie er bygd krev lite energi og er dermed miljøvenleg!

Kanskje er det ikkje like varmt døgnet rundt, kanskje er det kaldt å smetta ut frå dyna og koma inn i stova der det ikkje er dei dryge 20 gradene me gjerne vil ha. Kaldt til ein får fyr i omnen med veden ein har hogge sjølv, eller har kjøpt frå ein lokal produsent, kortreist ved er miljøvenleg. Om me brukar dei husa me har, brukar me energi på å fyra dei opp, men me brukar ikkje energi på å riva dei, me brukar ikkje energi på avfallsortering og bortkjøring, ei heller på nye materialar og diverse fine moderne byggevarer, byggevarer som gjerne har ei levetid på rundt 30 år før dei må bytast ut. 30 år er ikkje lenge, eller bør ikkje vera det, når me pratar om eit hus si levetid.

Eit gamalt hus kan med ganske enkle grep gjerast meir komfortable med omsyn til bukomfort. Likevel er det viktig at rett grep vert teke. Dette kan dei rette fagfolka hjelpa med. Om ein likevel vel å ta ned sitt gamle hus er det ofte delar av det som kan brukast oppatt. Oppattbruk er miljøvenleg!

Nye hus krev mindre energi for å haldast varme, men krev mykje når dei vert produserte. Det er miljøvenleg å bu i hus som allereie er bygd, og, det er lov å ta på seg litt ekstra klede om ein frys. Det er ingen skam å ta på seg ullsokkar og ein god genser på ein kald dag!

Avisa Valdres, juli 2013

  • 1/1
    Det er ikkje alltid like lett som her å sjå kva som skal til av miljøtiltak. Foto: Anne Marit Noraker
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1