Hopp til hovedinnhold

Mangfaldsarbeidet ved Valdresmusea

Om korleis vi arbeider. Om fallgruver og nye rom.

  • 1/1
    Ved Valdresmusea åpna vi i 2013 utstillinga Folkemusikk og nasjonalisme. Kaleidoskopet vart då nytta som eit gjennomgåande designelement. Eit kaleidoskop er som barndommens leikestjernekikkertar; der alle fragment alltid kan stillast saman og sjåast frå fleire sider. Men ein kan aldri sjå alle sider og mønstre på ein gong. Slik er det i grunnen med alt. Kva for rett har musea til å rangere enkelte menneske og kulturuttrykk som viktigare enn noko anna? Kva kan musea gjere for å bringe fram breiare perspektiv på det vi samlar og formidler? Grafisk design: Velour

Vi som arbeider ved norske kulturhistoriske museum, har nok til alle tider vore prega av trendar i formidlings- og samlingsarbeidet. I dei siste åra har Kulturrådet kravd at vi skal rapportere på mangfald, inkludering og deltaking. Korleis har så vi ved Valdresmusea møtt Kulturrådet sine forventningar? Kva slags historier har vi vore opptekne av? Er det nokre fallgruver her? Og kva slags nye rom har opna seg?

Museumsarbeid gjennom 120 år

Valdres Folkemuseum vart stifta i 1901, og bygd opp i ein nasjonsbyggingsand der prosjektet på mange vis handla om å bygge opp historier om eit felles vi. Forståeleg nok. Behovet for å bygge sjølvkjensle og framtidsoptimisme var viktig etter fleire hundreår under Danmark og Sverige, masseutvandringa til Amerika og oppattbygginga etter krigen. Etter kvart vart vi ei hjørnesteinsbedrift i reiselivet i Valdres. Og dei siste tiåra har museumsarbeidet også vore viktig for merkevarebygginga av Valdres. I dag har Valdresmusea kring 25 tilsette, og vi drifter fleire museumsanlegg i tillegg til Norsk institutt for bunad og folkedrakt.

Heile vegen har vi hatt som oppgåve å ta vare på, dokumentere, forske og fortelje vidare om kulturarven og folka som har budd i Valdres. Samlingane våre består i dag av ca. 100 hus, 500 kunstverk, 30 000 gjenstandar, 20 000 historiske song- og musikkarkiv, 700 historiske arkiv, 300 000 historiske foto og 100 000 nasjonale draktregistreringar. Årleg held vi rundt 10 handverkskurs og like mange foredrag, og vi er arena for fleire større festivalar. I eit normalår har vi rundt 60 000 besøkande, og bunad, folkemusikk og dans, bygningsvern og stølskultur er av satsingsområda våre.

Blindflekker i arkiva

Samlingane er ordna og katalogisert og er meint å skulle representere essensen av eit kvardagsliv. Slik opnar samlingane for ei brei tilnærming til folkelivet i eldre tider.

Men i kva grad finn vi eigentleg dokumentasjon og spor etter skeive eller folk som har synlege funksjonsnedsettingar? På folkemunne kjenner vi til enkelte historier frå 1800-talet om sjølvmord eller oppbevaring av sinnslidande i eit bur utan kontakt med bygda. Vi kan spekulere på om den og den kan ha vore homofil, og vi kan lure på kva som eigentleg ligg bak når vi ser ordet vanskapt og sjuk på sinnet i folketeljingar og kyrkjebøker. 

Historisk er det ofte knytt tabu og skam til menneske som var annleis og livsformene dei representerte. Og det har nok også påverka dei museumsfaglege vala som har blitt lagt til grunn for innsamling og dokumentasjon. Det typiske er at slike historier sjeldan er skrive ned nokon stad. Dei som blinde flekkar i arkiva. Men vi finn heldigvis nokre unnatak.

Erling Stordahl: Mellom anna bevarer Valdresmusea arkivet føregangsmannen Erling Stordahl (1923-1994) og kona Anna. Erling var blind, men klarte seg godt. Han bana veg for både Riddarrennet og handikapidretten i Noreg og elles i verda. Arkivet er så unikt og viktig at det har fått plass på lista over Noregs dokumentarv.

Ragnhild Kaata: Vi har arkivmateriale som viser at døve og blinde Ragnhild Kaata (1873-1947) fekk skulegang og verdigheit i eige liv. Forfattaren Hilde Diesen skreiv nyleg bok om Ragnhild, som var den fyrste døve som lærte å snakke i Noreg. Ho skriv om korleis metodar som kunne «gi stemma luft og fingertuppane lyd» vart take i bruk i kampen mot uvitenheit og menneskeleg isolasjon. Då vi for ei tid sidan arrangerte foredrag på museet om Ragnhild og dei døve, var det rørande å sjå korleis det norske døvemiljøet tok turen på foredragskveld med døvetolk i Valdres.

Sigurd Inge: I kyrkjeboka frå Svenes sokn i Nord-Aurdal kan vi lese at Sigurd f. 1823 vart ført opp som gut då han vart døypt i 1823. Men kyrkjeboka fortel også at hen var hemafroditt, altså tvekjønna. Under konfirmasjonen i 1838 vart hen ført opp som jente med namnet Inge.

Generaliseringar og utelatingar

Når noko løftast opp som viktig, er det gjerne mykje som har blitt utelate og generalisert – både når det gjeld kva som er dokumentert, stilt ut og fortalt. Som museumstilsette bidreg vi til å lage strukturar, samanhengar og oppfatningar av informasjon. Vi generaliserer, forvrengjer, ekskluderer og filtrerer ut element. Slik gir vi merksemd til utvalde deler av opplevinga vår av røynda. Fordelen er at informasjonsmengda blir handterleg. Men vi kan også slette informasjon som er viktig for forståinga vår av historia og av oss sjølv.

Dei siste åra har fleire kritisert musea og meint at ein bevisst har unnlate å både samle inn og skrive deler av historia til både enkeltmenneske og særskilte grupper i samfunnet. Kritikarane meiner at arkiva og samlingane derfor ikkje speglar det reelle mangfaldet som ein finn ute i samfunnet, og at desse menneska aldri vil kunne finne historiene om seg eller kulturen dei representerer. Det er ein forståeleg kritikk som vi har prøvd å kome i møte.

For i kva grad utfordrar vi som er museumstilsette eigentleg sementerte oppfatningar av korleis livet var før? 

Nye perspektiv på museumsarbeidet

Dei store forteljingane: I 2015 lanserte Valdresmusea Dei store forteljingane; som tar oss inn i liva til fire valdrisar som skil seg frå dei glansbileta som plar å representere regionen. Her fekk fire personar fortelje om utfordringar frå sine liv. En hadde vakse opp som transperson, ein annan hadde hatt problem med rus, ein hadde mista arbeidet, medan ein hadde ein sterkt funksjonshemma son og ein mann som hadde take sjølvmord. Nokre sto fram ved namn, medan andre var anonyme. Dei fire fekk eige sine eigne historier – som vart presentert i ein fotoutstilling med ein tilhøyrande tekst-katalog. Utan tekstlege tolkingar frå oss. Det vi var opptatt av var korleis vi kunne bidra til å utfylle biletet av «historia om oss» for ettertida. Kanskje kunne vi også bidra til nye refleksjonar rundt korleis lokalsamfunnet behandlar dem som faller utanfor? Kva slags ansvar og omsorg viser vi i møte med kvarandre?

Dei store forteljingane vart eit viktig prosjekt for oss, samtidig ser vi at det ikkje er nok å berre leggje mangfald og samfunnsrolle til enkeltprosjekt. Vi må stadig stille oss spørsmåla på nytt: I kva grad speglar vi breidda av livet på bygda? Og korleis kan vi ta opp i oss denne tankegangen i det daglege museumsarbeidet?

Folkemusikk og dans har bestandig vært et satsingsområde på Valdres Folkemuseum. Til dømes har dei besøkande heilt sidan 1960 kunne oppleva minikonsertar med folkemusikk og dans kvar dag, kvar heile time, heile sommaren. Musikken og dansen har alltid vore ein suksess, både for tilreisande turistar og for det heilt lokale folkemusikkmiljøet. Vi har arbeidd med rekrutteringa til folkemusikken, vore møtestad og arena for formidling og utøving av tradisjonsmusikk og dans, og det er ikkje reint få musikarar og dansarar som har hatt sommarjobb på museet gjennom tidene.

Samtidig ser vi at både museet og folkemusikkmiljøet generelt har vote ganske så tradisjonsbundne i formidlinga si. I kva grad har til dømes publikum sjølv fått delta? Kva slags perspektiv har vi vore opptekne av? Korleis ser den typiske folkemusikaren ut? Og kvifor har vi til dømes hatt for vane å tenkje at dansen alltid skal presenterast av eit par med ei jente og ein gut?

Stølskulturen: Stølskulturen er også noko vi løftar høgt i formidlinga vår. Det kan vera stølsdagar på museet, bygningsvernkurs i fjellet eller torsdagsforedrag der forvaltninga av sårbare støls- og utmarksområde blir tematisert. Også her utfordrar vi oss sjølv til å tenkje meir på mangfaldet, til ikkje berre å trekkje fram de gjenkjennelege historiene.

Samtale om minner: For nokre år sidan hadde vi også eit samarbeid med Nord-Aurdal kommune og lokale demensforeiningar der vi inviterte folk med demens opp på museumsstølen. Vi fekk nokre rørande opplevingar – der lukter og lyder, møte med kyr og allsong rundt kaffibordet kalla fram minne frå eit ungdoms- og vaksenliv til fjells. Gamle kvinner, som til vanleg både snakka og huska lite, song plutseleg alle vers av Anders Underdals «Mitt bu, min heim, min keisardom». Nokre av dei kunne fortelje om kva som skulle til for å koke endå betre brunost, eller korleis ein kunne knerte hoggorm. Det var som om heile spekteret av sanseopplevingar låg ankra opp i sinnet. Vi gjennomfører ikkje dette prosjektet lenger, men minna våre om desse samtalene har ført til mange nye gode samtaler med andre gamle i den siste fasen av livet.

Basisutstillingane: I de nye basisutstillingane våre presenterer vi folkekunst, handverk og bunadshistorie. Det er ei utstilling som er en hyllest til det skapande mennesket, både den mannlege og kvinnelege handverkaren. Vi dykkar ned i vakker folkekunst og presenterer gjenstandar og historier om læring, kreativitet og påverknad utanfrå. I utstillingane stiller vi også spørsmål om kven vi er og korleis vi fortel historia om oss. Som berar av nasjonen sin kulturarv meiner vi det er vesentleg å tørre å utforske den nasjonale identiteten mellom kulturarv og ideologi, mellom kven vi var og kven vi ønskjer å bli.

Shafana Ali: Utstillingane trekk publikum gjennom den norske bunadhistoria. Vi viser fram vakre tekstilar og presenterer dokumentasjonsfilmar og viktig handverkshistorie. Vi fortel om korleis bunaden ble etablert som nasjonalt symbol i tiåra før unionsoppløysinga i 1905. Og om korleis bunaden etter krigen har vore å forstå som en nasjonal, men ikkje ein religiøs markør. 

Men kva skjer når etterkommarar av innvandrararar kjenner seg så norske at dei begynner å bruke bunad? Dette kommenterer vi med å trekkje fram eit bilete av Shafana Ali, i rogalandsbunad og brodert religiøst hovudplagg. Vi beskriv reaksjonane og hatmeldingane som kom då ho delte biletet av seg sjølv i 2016. Her går vi inn i eit polisk rom som gir grunnlag for refleksjon og samtale. Kan hijab brukast saman med bunaden? Korleis fungerer eigentleg integreringa av innvandrarar? Kva skal til for at ein kjenner seg heime eller ekskludert? Kven fell utanfor?

  • 1/1
    Foto: Beitohaugen/Velour

Side om side dveler vi også ved døme på korleis norske NS-medlemmer etter krigen vart behandla i det norske storsamfunnet. Om farga sportsutøvarar som kjempar for Noreg i OL. Og om ei rekke andre døme som seier noko om kva slags nasjonalistiske strømmingar som finst i Noreg i dag.

Kong Harald: Vi slepp også kong Harald til. På ein måte ønsker han velkomen inn i utstillingane med sitatet fra talen i slottsparken der han som Noregs konge verkelig viser hjarterom: «Nordmenn er jenter som er glade i jenter, gutter som er glade i gutter, og jenter og gutter som er glade i hverandre. Nordmenn tror på Gud, Allah og Ingenting. Det er ikke alltid så lett å si hvor vi er fra, hvilken nasjonalitet vi tilhører. Det vi kaller hjem, er der hjertet vårt er, og det kan ikke alltid plasseres innenfor landegrenser.»

Hardingfeler og Hellebør-Knut: Samen med hardingfeler frå samlingane, har vi også stilt ut bilete av ein av eigarane av felene. I staden for å vise klassiske biletet av høgreiste, norske spelemenn i tradisjonell positur, har vi valt å løfte fram eit foto av Knut Olsson Melby som vaks opp utan bein. Han vart fødd i 1823 og døydde i 1904. Det er eit annleis foto, som utfordrar sementerte oppfatningar om både spelemannsliv og livet som funksjonshemma i tidlegare tider. Ikkje berre viser det noko så sjeldan som eit gamalt biletet av ein person utan bein. Det fortel også ei historie om ein funksjonshemma mann som klarte seg godt i det gamle bondesamfunnet. Hellebør-Knut, som han vart kalla fordi han budde på Hellebør-Brøtin, hadde både kone, gard og fem ungar. Han var mangesyslar, handverkar og spelemann, og han tok seg greitt rundt i bygda på alle fire. Biletet utfordrar altså førestillingane våre og oppfordrar oss til å nyansere formidlingspraksiser på musea i dag. 

Samtidig ser vi også fleire fallgruver vi kan gå i når mangfaldet skal løftast opp ved norske museum.

  • 1/1
    Foto: Jørn Ranum

FALLGRUVER OG NYE ROM

Lager vi nye stereotypiar?

Kva skjer når musea fell for freistinga å kaste sitt barmhjertige slør over visse grupper? Og kva slags kunnskap har vi eigentleg om dei romma vi går inn i? Er det er fare for at vi tar rolla som forståsegpåarar på fagfelt vi ikkje har ekspertise på?

Ved Valdresmusea har vi ingen intensjon om å leike hobbypsykologar eller kalle noko for unormalt. Men vi ser at i arbeidet vårt med å forvalte og formidle historia, så har vi hatt ein tendens til å ignorere at menneske kan leve på ulike vis. Og vi er opptatt av at når vi skal velje ut kva som skal formidlast, bør ikkje gjenkjenning vera den einaste målestokken for utveljing. Viss folk ikkje kjenner seg att i det musea presenterer, skal det mykje til at museet er ein stad dei oppsøker. Ved å spegle ei breidde, meiner vi kulturarven og spørsmåla vi stiller nettopp kan opne nye rom.

Vi meiner vi bør vera forsiktige med å lage nye stereotypiar, til dømes om oss og dei andre. Sett vi folk i bås, gjer vi lett den same feilen på nytt. Det vi vil er jo å bringe fram breidde og kunnskap, ikkje å bidra til stigmatisering og stakkarsleggjering. Heller enn å lage eigne utstillingar om dei som er annleis, vil vi at publikum skal få gjere seg sine refleksjonar i den eksisterande formidlinga. At det er den beste måten å spegle eit rikare og breiare mangfald i samfunnet på. Til sjuande og sist kan vi jo alle kjenne oss både utanfor og annleis på kvar våre måter.

Kan vi drive med politikk?

Det har nok hendt at nokre synest at vi kan gå vel langt i å sette spørsmålsteikn ved vedtatte sanningar i samfunnet. Vi skriv kronikkar i avisene og inviterer til debatt. Vi kan stille politisk lada spørsmål i utstillingane våre og bygningsvernrådgjevaren går iblant ut i media og stiller spørsmål om kommunale rivingsvedtak. Og det er klart, når vi opnar for uienigheitsfellesskap, legg vi jo også til rette for ulike politiske stemmer og utvidar kanskje definisjonen av museet som arena.

Som museum er vi samtidig stadig i berøring med byråkratiet, som samarbeidspartnarar for å nå ulike kulturpolitiske mål. Valdresmusea har til dømes eit tett samarbeid med offentlege instansar om alt frå reiselivssatsingar og skulesekkproduksjonar til kulturminneplanar og bygningsvernrådgjeving.

Men om fylket, kommunane eller Valdres Natur- og Kulturpark hadde begynt å instruere musea i kva vi skal arbeide med, hadde det vore problematisk. Bygningsvernrådgjevaren skal spreie kunnskap og auke bevisstheita om bevaring av bygningsarven. Heile tilskotsordninga til norske museum, bygger på demokratiske prinsipp og at musea skal være uavhengige. Kulturlivet er ein del av demokratiets infrastruktur. Som media er vi opptatt av å være både lim og lupe i samfunnet. Det betyr at vi både skal ha lupe-blikket og spreie kunnskap – og bidra til dialog og samtale.

Dette vil ikkje at vi er eller skal være politiske aktørar. Men vi bidrar gjerne til å opne nye politiske rom. Det handlar om å ta publikum seriøst som betraktar, til dømes ved at dei kan assosiere saman både inne i utstillingane og etter at museumsbesøket er over.

Forringar vi det tidlegare museumsarbeidet?

En annan fallgruve er at vi i iveren etter nye måtar å arbeide på kan kaste gamle museumssatsingar ut med badevatnet. At ønsket om å nå nye grupper ender med at vi gjer oss uinteressante for dei som er dei viktigaste interessentane og stakehaldarane våre, slik som eksisterande støttespelarar og brukarar av musea.

Men ved Valdresmusea ser vi liten grunn til at det å velje ut nokre satsingsområde og nye perspektiv bør stå til hinder for å fortsetje å løfte fram til dømes den gamle jordbrukshistoria eller kunnskapen om byggjeskikken.

Tvert imot er vi opptatt av at det tidlegare museumsarbeidet ikkje skal forringast. Det er perspektiva vi vil utvide. Vi står på skuldra til forgjengarane våre på museet, og det er som regel ingen som er betre til å forvalte kunnskapen om samlingane våre enn det vi her.

Vi ser at vi ikkje har sjans til å tenke breidde når det gjeld ei utviding av gjenstandssamlinga. Til gjengjeld kan vi gjere det når vi samlar inn privatarkiv, tilbyr omvisingar i friluftsmuseet eller programmerer foredragsrekka vår. Moglegheitene er uendelege til å speile den breie historia, og enda meir relevante for publikum blir vi når vi går i dialog.

Klarer vi å drille oss sjølve?

Vi er altså opptatt av å anerkjenne at menneske kan leve livet på fleire måtar. Skal samfunnet og demokratiet fungere, må vi motarbeide dei kreftene som fører vidare skam og som plasserer menneske i urettferdige utanforskap. Men i kva grad klarer vi å drille oss sjølve og staben vår i at dette er viktig? 

Vi museumstilsette har gjerne meir enn nok å gjere med den daglege drifta. Vi kan ikkje forvente at alle i staben tenkjer på inkludering og mangfald kvar dag. Samtidig treng vi stadige påminningar for å skjønne at vi må utvide perspektiva våre. Derfor løfter vi gjerne fram historier om menneske som en tidlegare ignorerte, anten vi lager fotoplansjar ute i friluftsmuseet eller har arkivmøte og snakkar om kva slags materiale vi bør ha særleg merksemd på. Derfor minner vi stadig kvarandre på møtene vi hadde med demente på museumsstølen, eller samtalane vi har hatt med skuleelevar inne i nasjonalismeutstillinga. Og derfor lar vi regnbogeflagget vaie på museumsflaggstanga på Fagernes store deler av året, for å minne både kvarandre og omverda om at det å være eit inkluderande museum er noko vi skal vera kvar dag. Ikkje berre den dagen eller uka i året som kvardagsrasisme, psykisk helse eller pride står på medias agenda.

Foredrag under oktoberseminaret Psyk bygdehistorie, 28. oktober 2021

  • 1/1
    Ved Valdresmusea lar vi regnbogeflagget vaie på museumsflaggstanga titt og ofte. Det gjer vi for å minne kvarandre og omverda om at det å vera eit inkluderande museum er noko vi skal vera kvar dag, ikkje berre den dagen i året då rasisme, psykisk helse eller pride står på medias agenda. Flagget blir ei påminning om viktigheita av å sette mangfald på dagsordenen kvar dag. Foto: Anne-Marte Før
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1