Hopp til hovudinnhald

Løynde skattar under isen

Sidan 2006 har arkeologane gjort kring 4000 funn som har smelta ut av isen i høgfjella i Oppland. Dette er unike funn etter reinsjegerar og menneske på vandring. Dei eldste funna er 6000 år. No kjem Espen Finstad til Valdres Folkemuseum for å fortelje om desse funna, om brearkeologi og klimaendringar. Han er arkeolog i Innlandet fylkeskommune. Finstad vil vise bilete og film og fortelje om arbeidet med sikringen av dei arkeologiske funn, både i brekanten og med omsyn til klimaendringar. Velkomen!

TID: Torsdag 10. november 2022 kl. 19.00
STAD: Valdres Folkemuseum 
PRIS: 100 kr (gratis for medlem av vennelaget)
ARR: Vennelaget for Valdres Folkemuseum

  • 1/1
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1