Jump to maincontent

Ledige stillingar som bygningshandverkar

  • 1/1

Valdresmusea søkjer antikvariske handverkarar til to av våre avdelingar

Valdresmusea er det konsoliderte museet for Valdres og forvaltar den største kulturhistoriske samlinga i regionen. Valdresmusea driv Valdres Folkemuseum, Bagn Bygdesamling, Bautahaugen Samlinger og Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Vi søkjer to handverkarar:

  • 100 % stilling ved Valdres Folkemuseum
  •   40 % stilling ved Bautahaugen Samlinger

Valdresmusea sin visjon

Vår visjon er at Valdresmusea skal bli det fremste museet i landet i arbeidet med levande tradisjonskultur. Vi skal bygge, forvalte og formidle historisk kunnskap og skape opplevingar med relevans for menneske i notid og framtid. Vi søker engasjerte og sjølvstendige handverkarar som deler vår visjon om vårt samfunnsoppdrag.

Stillingane er underlagt Antikvarisk seksjon som har ansvar for 110 antikvariske bygningar. Seksjonen har ansvar for dokumentasjon, tilstandsvurdering, vedlikehald og restaurering av alle dei antikvariske bygningane samt å vidareføre tradisjonell handverkskunnskap.

Arbeidsoppgåver

  • Reperasjon, vedlikehald og restaurering av antikvariske hus
  • Dokumentasjon undervegs og i etterkant av tiltak
  • Gjerding med skigard og andre typar gjerde
  • Bistå i gjennomføring av handverkskurs (instruksjon, planlegging, tilrettelegging mm)
  • Bistå i gjennomføring av formidlingsopplegg for barn og ungdom
  • Andre førefallande oppgåver

Kompetanse

  • Handverkspraksis frå arbeid med antikvariske bygg (med særleg vekt på lafta bygg)
  • Utdanning frå fag- og høgskular, eller samanliknbar kompetanse gjennom kurs og erfaring
  • God innstilling til antikvarisk bygningsvern
  • Du må ha sertifikat for bil og traktor

Handverkarane møter publikum i sitt dagelege virke, og det er ynskjeleg at ein tek seg tid til ein prat med dei besøkjande. Handverkarane har dedikerte oppgåver innfor seksjonens virkeområde, men vi er òg avhengige av fleksible og allsidige medarbeidarar som av og til kan bidra på andre område. Vi søkjer handverkarar med vilje og evne til å arbeide på tvers av avdelingane.

Vi tilbyr:

  • Anledning til fagleg og personleg utvikling
  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver
  • Eit godt arbeidsmiljø og deltaking i eit unikt fagmiljø
  • Medlemskap i pensjonsordningane i KLP
  • Løn etter avtale

Søknadsfrist: 8. januar 2023

Kontaktperson:

Ole Aastad Bråten

Direktør

Valdresmusea

Mobil 907 63 635

E-post: ole.aastad.braten@valdres.museum.no