Hopp til hovedinnhold

Ledig stilling som folkemusikkarkivar

Fele produsert på Valdres Folkemuseum, av Bård Riise Hoel

Folkemusikkarkivar

Valdresmusea er regionmuseum for Valdres og ei godt besøkt reiselivbedrift. Valdresmusea har hovudsete på Valdres Folkemuseum på Fagernes og avdelingar på Bagn og i Hedalen i Sør-Aurdal kommune. Valdresmusea har 25 heilårstilsette og 30 sommartilsette. Formålet er bevaring, dokumentasjon, forsking og formidling av den lokale kulturarven. Satsingsområda er folkemusikk, folkedrakt  og bygningsvern. Valdresmusea vart kåra til Årets museum i 2022.

Formålet med stillinga:
Folkemusikkarkivaren skal sikre ei heilskapleg, forsvarleg og tradisjonsfagleg forvalting og formidling av folkemusikkarkivet ved Valdres Folkemuseum. Arbeidet skal gjerast i tråd med museet sine planar og standardar elles på området. Til stillinga følgjer ansvaret for folkemusikkformidlinga ved museet, og elles arbeidet med rekruttering til folkemusikk. Arbeidet skal skje i samarbeid med kulturskulane og dei frivillige organisasjonane. Stillinga inngår i kulturhistorisk seksjon og arkivaren svarer til seksjonsleiaren.

Ansvarsområde:

Folkemusikkarkivet ved Valdres Folkemuseum.

Arbeidsoppgåver:

Fysisk og digital sikring av folkemusikkarkivet:

  • Inntak, ordning og digitalisering av lyd- og filmarkiv
  • Registrering i Fiol

Formidling:

  • Opplæring og rettleiing i folkemusikk frå Valdres
  • Konsertar, konsertproduksjon og utøvande formidling i folkemusikk
  • Forelesing og undervisning til studentar og skuleelevar
  • Tekstproduksjon og publisering

Andre oppgåver:

  • Utarbeide rutinar, system og arbeidsplaner
  • Koordinere registreringsarbeidet med andre tilsette og frivillige i seksjonen
  • Delta i relevante lokale, regionale og nasjonale nettverk
  • Delta i anna museumsarbeid etter avtale

    Vi kan tilby:

    • Ei ansvarsfull stilling med høve til personleg utvikling
    • Høve til å påverke profil og utvikling av Valdresmusea
    • Eit positivt og hyggeleg arbeidsmiljø
    • Medlemskap i KLP si pensjonsordning

    Dine evner:

    • Du er fagleg, nøyaktig og strukturert
    • Du har stor kapasitet og evne til å ferdigstille arbeid på frist
    • Du kan etablere system og følgje opp rutinar og instruksar
    • Du har god munnleg og skriftlig framstillingsevne på bokmål og nynorsk
    • Du har god samarbeidsevne

    Din kompetanse:

    • Utdanning innan folkemusikk
    • Erfaring med arkiv- og museumsarbeid vil bli særleg vektlagt
    • Erfaring med arrangement, kurs og opplæring
    • Utøving i folkemusikk på høgt nivå
    • God IT-kunnskap, bruk av digitale fagsystem og handtering av teknisk utstyr
    • Førarkort klasse B

    Anna:

    Stillingsprosent: 100 %

    Arbeidsstad: Fagernes

    Ein må ta høgde for kvelds- og helgearbeid i periodar

    For meir opplysning om stillinga, kontakt direktør Ole Aastad Bråten, mobil 907 63 635.

    «Landsovereinskomsten for museum og andre kulturinstitusjonar» gjeld for Valdresmusea.

    Søknad med CV sender du til ole.aastad.braten@valdres.museum.no.

    Merk «søknad folkemusikkarkivar». Attestar skal berre sendast ved førespurnad.

    Søknadsfrist: sundag 1. oktober 2023