Hopp til hovedinnhold

Kvinnekulturen på øya Kihnu i Estland

Velkomen til foredrag v/fotografen Anne Helene Gjelstad. Ho har sidan 2008 dokumentert liva og den sterke kulturarven til dei fantastiske, eldre kvinnene på dei estiske øyene Kihnu og Manija i Østersjøen. Tradisjonen tru har dei eldste levd på gamlemåten heilt til no, og går enno i fargerike, heimelaga ullstakkar til dagleg. Kunnskapen om det tradisjonelle handverket er nedarva gjennom generasjonane, og dei unge jentene blir framleis lært opp av mødrene og bestemødrene sine.

STAD: Festsalen, Valdres Folkemuseum
TID: Torsdag 14. oktober 2021 kl. 19.00
PRIS: Kr 100 (gratis for vennelagsmedlemer)
ARR: Vennelaget for Valdres Folkemuseum

Om prosjektet

Samfunnet på desse estiske øyene har vore lukka for utanforståande. Øyfolket er beskjedne, og ynskjer å leva enkle liv utan innblanding frå omverda. At Gjelstad har fått koma inn og blitt så godt mottatt er eineståande. Gjennom elleve år har ho arbeidd på øyene og knytta nære, personlege band med kvinnene. 

’Big Heart, Strong Hands’ var mellom anna støtta av Unesco og det estiske kulturdepartementet. Den turnerte Estland i sju heile år etter opninga på Kihnu museum i 2011 og vart vist 22 stader, mellom anna i Nasjonalmuseet i Tartu, Museum for moderne kunst i Pärnu, i vandrehallen i parlamentet i Tallinn og i utstillinga ‘Intangible Cultural Heritage’ i Kinas nasjonale kunstmuseum. Prosjektet vart  vurdert som eit av de beste i Magnum Photography Awards 2016 og var blant dei 10% høgast rangerte seriane hjå LensCulture i 2016.

Gjelstad har altså hausta prisar internasjonalt for fotografia sine. Ho skapar kunstneriske, personlege bilete og held fotokurs.

Avgrensa plass. Billett kan reserverast på førehand her.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1