Hopp til hovudinnhald

Kvifor vart musea etablert?

Den nasjonale kulturen skulle byggjast på tuftene av urørt natur og folkeleg kultur
I tiåra fram mot 1840 såg borgarskapet i Noreg på folkekulturen som eit historisk vrakgods i utviklinga av det moderne. Men ideologien var i ferd med å endre seg og Henrik Wergeland tok alt på 1830-talet til orde for å samle norsk folkemusikk. På 1840-talet nådde nasjonalromantikken Europas utpost i nord. Ideane kom frå tysk kultur, der brørne Grimm i 1812 gav ut dei fyrste samlingane med folkeeventyr.

Andris E. Vang-støga - på Valdres Folkemuseum
Det var skulemeistaren, kyrkjesongaren og folkeminnesamlaren Andris Eivindsson Vang (1795–1877) som bygde seg det huset i 1831, og det vart flytt hit til museet like etter andre verdskrigen. Andris Vang var ein eineståande formidlar og leia til dømes nær tusen lokale bryllaup, barnedåpar og gravøl gjennom livet. Som ein av dei fyrste i landet gav Andris E. Vang ut bok skriven på dialekt alt i 1850; med lokale folkeminne, segn og skikkar som han hadde samla og skrive ned, seinare gav han òg ut bok der han skreiv om skikkar knytt til bryllaup, gravøl og andre høgtider. Vang var oppteken av kjærleik til kulturen og det å dele kunnskap med folket i bygda, og det vart sagt om han at «han tala som ein hyrde og fekk folk til å gråte».

Ideane om ein nasjonal kultur vart skapt på tuftene av urørt natur og folkeleg kultur
Kunstnarar og innsamlarar drog rundt på bygdene. Landskap, folkedrakter og byggeskikk vart dokumentert. Segner, folketonar og språk vart samla inn. Med Johan Christian Dahl (1788–1857) sitt måleri Hjelle i Valdres (1850) nådde romantiseringa av Noreg eit klimaks. I bileta til J. C. Dahl fekk stavkyrkja, fossen og fjella plass. Og om ikkje landskapet passa med Dahl sitt bilete av den norske landsbygda, pressa han det saman i eit nytt, spektakulært tablå; fjella spissare, fossane meir dramatiske. 

Folkemusea
Dei fyrste folkemusea i Noreg vart fyrst oppretta fleire tiår seinare. Valdres Folkemuseum vart oppretta i 1901, som eitt av dei fyrste i landet. Det var framsynte menn i bygda som ivra for museumssaka. Argumenta for å etablere kulturhistoriske museum handla særleg om to ting:

Bygging av nasjonen
Frå mellomalderen og fram til 1905 var Noreg først i union med Danmark, og sidan i union med Sverige. Mot slutten av 1800-talet vart fleire og fleire opptekne av at Noreg måtte frigjere oss frå unionen med Sverige og at «den norske nasjonale kulturen og karakteren» på bygda skulle vera med å legitimere ein sjølvstendig norsk stat. Samlarar gjorde store oppkjøp av antikvitetar oppover langs dalstroka og bidrog til at kulturarven forsvann ut av bygda, dette var ein følgje av at norske bondeantikvitetar var svært populære i byane og i utlandet. Nasjonale straumar og ei auka interesse for norsk kulturhistorie, bidrog til at det fleire stader vart det etablert lokale museum.

Reaksjon på det moderne
Framveksten av norske museum var òg ein reaksjon på moderniseringa av Noreg om skaut fart på denne tida. I det gamle bondesamfunnet levde folk i eit naturalhushald. Dei baka, sanka, onna, mjølka, slakta, jakta og fiska. Dei konserverte maten, reparterte og produserte klede og reiskap, og dei bygde ofte òg husa sine sjølve. Det var eit kollektivt arbeidsfellesskap, der alle var med i arbeidet og gjorde det dei evna, uansett alder. Folk stelte naturen, dyra og kvarandre. Dei tok seg tid til å fortelje og bringe kunnskap vidare. Mange hadde svært godt handlag og skapte vakre gjenstandar, klede og musikk. Mot slutten av 1800-talet hadde verda vorten mindre, og nye trendar prega korleis folk dreiv jordbruk, bygde hus og kledde seg. Kunnskap som var overført frå generasjon til generasjon, gjennom hundrevis av år, var i ferd med å gå i gløymeboka. Med industrialiseringa overtok maskinar for hesten og menneska. Tradisjonelle hus, klede, gjenstandar og reiskap gjekk gradvis ut av bruk, vart rivne, kasta, gjett bort eller selt for ein billig penge.

Museumsstiftarane i Valdres frykta at lokalbefolkninga innan kort tid ville miste både gamal kunnskap og forankringa si til historia. Dei ville òg vise fram historia til turistane som det vart stadig fleire av, og skjønte at den planlagde jernbanen kom til å bidra til sterk økonomisk vekst, og meinte museet måtte ligge på Fagernes, fordi endestasjonen til Valdresbanen skulle leggjast hit. Museumsstiftarane var altså opptekne å bygge nasjonen, av valdrisane si sjølvkjensle og kva slags blikk ein ynskte at folk utanfrå skulle ha på oss. Kanskje kan vi i dag kalle dette eit tidleg identitets- og merkevarebyggingsprosjekt?


Museum24:Portal - 2025.01.07
Grunnstilsett-versjon: 2