I Polen har regjeringa stengt ei utstilling fordi ho ikkje framstiller landets krigshistorie i eit heroisk lys. Museets direktør er sparka og det statlege tilskottet halvert. Regjeringa ynskjer utstillingar som held liv i patriotiske førestillingar.
Då er det annleis i Noreg. Våre politikarar er passive i spørsmål om museum. Så er relasjonen mellom staten og musea annleis her heime. På 70-talet kom ei statleg tilskottsordning for musea og det offentlege tok på seg eit forpliktande ansvar for sektoren. Med pengar frå staten følgde «armlengds avstand-prinsippet» som køyreregel mellom partane. Tanken var at staten ikkje skulle vere i direkte kontakt med musea. Om dette har det vore politisk semje.
Verdival, business og butikk
Med auke i offentleg finansiering har det statlege engasjementet likevel meldt seg. Og om dette engasjementet har partia meint forskjellig. Skal politikarane legge føringar for arbeidsoppgåver og verdival og kan musea vere reiskap for å nå andre samfunnsmål enn dei musea sjølve set? Skal musea greie seg med mindre offentlege tilskott og må dei styre kreftene sine mot business og butikk? Det er i dette skjeringspunktet vi finn skillelinjene i museumspolitikken i dag.
Det politiske engasjementet har gjerne handla om kva musea skal gjere. Då er det fort å gløyme at musea også skal kunne meine. For køyrereglane mellom staten og musea handlar ikkje berre om bestilling av tenester, men om retten til ytring, uavhengig av kor pengane kjem frå. I opposisjon er det lett å vere einig om dette. I posisjon veks ynska om å styre. Då er det verre med kritikk av personar og hendingar i vår eiga tid.
Handlingsrom til å stilla kritiske spørsmål
I 2014 måtte kulturminister Thorhild Widvey forklare seg for Stortinget om kva slags kontakt ho hadde hatt med styreleiaren i Museene i Sør-Trøndelag. Bakgrunnen var at direktøren ved Trondheim Kunstmuseum i vårprogrammet kalla Frp eit nasjonalistparti. Det likte ikkje kulturministeren, som kontakta styreleiaren, som vidare klaga på direktøren for å ha «sett i gang eit helvetes leven». Widvey utfordra fridomen til musea. Og ho gløymte at kritikk driv den kloke samtalen framover, også i musea. Då må handlingsrommet for drøfting av historie bli større, ikkje mindre.
Kritikk er enkelt å snakke om. Særleg når personane råka av kritikken held seg i fortida. Då er det verre med kritikk av personar og hendingar i vår eiga tid. Til trass for at staten gir musea «handlingsrom til å stilla kritiske spørsmål om notida», kvir mange museumsfolk seg for nett det og reduserer seg sjølve til ufarlege kommentatorar over kjente kulturhistoriske emne.
Røynsler utanfor komfortsona
Eg likar ikkje utan vidare slike museum. Eg vil ha museum som ikkje berre er koselege og som stadfestar norsk identitet, men som stiller spørsmål ved den og skapar uro. Som gir rom til alt det som ikkje stemmer, ikkje passar inn, det vi ikkje forstår, ikkje kan forklare. Vi skal gi rom for røynsler utanfor komfortsona og til menneske i utanforskap. Slik dei gjer ved musea i Sør-Troms Museum.
Då må vi våge oss ut i samfunnet og inn i samtida. Her finn vi gjerne andre svar om kven vi er, kor vi kjem frå. Og nett her kjenner ein det nødvendige ubehaget. For ikkje alle toler at musea utfordrar nasjonens kjensler og identitetar. Ikkje alle toler at museumsfolket kryp fram i ordskifta og gjev til kjenne meiningar om folk og samfunn. Derfor skal vi gjere meir av nett det.
Mange museumsfolk engasjerer seg til dømes for den lokale byggjeskikken. Det er bra, men det er tankevekkande at så mange museumsfolk blir tause når kommunen riv hus med historisk verdi. Kritikk av politikk, forvaltingsapparat og personar med makt er vanskeleg for museumsfolk. I staden for å undergrave engasjement i musea, må staten og eigarane utvide rammene for kritikk som del av norsk museumspraksis.
Bagatell eller tendens i tida? Litt for ofte møter eg museumstilsette som seier dei kjenner seg pressa av menneske med makt. Ein fryktar negativ omtale og reduksjon i dei offentlege tilskotta. Derfor er armlengds avstand-prinsippet så viktig. Til beste for ein fri museumssektor.
Artikkel i Aftenposten 11. september 2017