Då Ralph Aulie Styker (1906-1979) gjekk bort i 1979 mista Valdres ein av sine fremste kunstmålarar - og ein høgt akta sambygding. I Valdres kjende Ralph at han kom heim til eigne, men vegen var lang for mannen som var fødd av norske utvandrarar i enkle kår i Canada.
Valdres ber på ein stor kunstnarisk arv etter Ralph Aulie Styker. Ikkje berre som minne frå den gongen Ralph teikna dompapar på skuletavla, eller innsatsen hans under 2. verdskrigen. Då Ralph døydde skjenkte enka etter Styker, Annie Onstad Styker (1907–1995) til saman 80 måleri, akvarellar, raderingar og gjenstandar til Valdres Folkemuseum.
Torsdag 6. februar 2020 kan du bli betre kjend med den kunstnariske arven etter Ralph Styker, og innsatsen hass under 2. verdskrigen. Valdresmusea viser òg fram ei rekke av måleria etter Styker.
STAD: Valdres Folkemuseum
TID: Torsdag 6. februar kl 19.00
FOREDRAGSHALDAR: Ole Aastad Bråten, direktør ved Valdresmusea
Sjå Styker-bileta på Digitalt Museum