Hopp til hovudinnhald

Kunsten å berast av snø

Foredrag

Thomas Aslaksby med treski

TID: Torsdag 3. mars klokken 18.00
STAD: Valdres Folkemuseum
PRIS: Kr 100 (gratis for dei med årskort)

Thomas Aslaksby er skimakar, rettleiar i friluftsliv og geitebonde. No kjem han til Valdres Folkemuseum og fortel om ski før og no – og inn i framtida. Foredraget startar ute der Thomas viser ulike ski og teknikkar. Iallfall om det er snø. Det vil også høve til å prøve tønnestavar.

Om Thomas – skrive av Johan Godal

Skimaking og skiløyping høyrer til ein av grunnstrukturane i kulturen vår, og det dreiar seg om ein omfattande kultur både når det gjeld å lage og å bruk ski. Sidan 1930 åra har det vore ei rivande utvikling når det gjeld skiteknologi. Det gjeld skimaking så vel som bruksmønsteret. Den eldre skitradisjonen som baserte seg på lokalt råstoff og i hovudsak løyping utanfor preparerte bakkar og løyper, er utviklinga i ferd med å renne frå. 

Thomas Aslaksby er eineståande i dette å både lage ski i tradisjon og å bruke skiene på tradisjonell vis. Thomas har søkt kontakt med dei fåe tradisjonsberarane som har funnest og han har trena på den tradisjonelle bruken. 

Den tradisjonsborne skimakinga omfattar mange treslag: Eik, ask, alm, rogn, bjørk, selje, gran, furu. I Østerdalen og Sverige fanst det tennarski. Å forstå og føre vidare den omfattande kunnskapen som kviler attom, krev ei aktiv tilnærming. Det er om å gjera både å lage og å bruke skiene. Det dreiar seg om å hente inn kunnskap vi er i ferd med å misse. Aktiv opplæring av fleire tradisjonsberande skiløyparar og skimakarar er viktig del av det å taka vare på sentrale delar av vår immaterielle kultur. 

Dette er ein klar parallell til det som skjer med tradisjonsbåtane. Også der er den særkjennande aktiviteten, bygging og bruk. Det er ved både å lage og bruke at vi forstår og kan formidle vidare. 

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1