Hopp til hovedinnhold

Folkemusikken frå Valdres

Hardingfele

Tradisjonsmusikken i Noreg blir som regel definert ut i frå kva feletradisjon som dominerer området. Vanleg fele har vore mest brukt nord og aust for Valdres, på Møre, i Trøndelag og i dei nordligaste fylka. Hardingfela har tradisjonelt vore knytt til område som Valdres, Hallingdal, Numedal, Telemark, Vestlandet og Sørlandet.

Hardingfela vart utvikla i på Vestlandet på 1700-tallet og spreidde seg vidare til reisten av Sør-Noreg og Valdres. Hardingfela skil seg frå den vanlege fela på fleire måtar. Den er rikt dekorert med rosing og som oftast perlemorsinnlegg. Felehovudet er forma som eit dragehovud, menneskehovud eller ein vanleg skroll. Stolen og fingerbrett er flatare, noko som gjer det mogleg å spela på fleire strengar på ein gong. Moderne hardingfeler har til vanleg åtte eller ni strengar. Fire av dei er som på ei vanleg fele, i tillegg fire eller fem understrengar som kling med når ein spelar.

Langeleik

Langeleiken var eit vanleg instrument i store deler av Europa gjennom heile mellomalderen, men då fela vann fram på 1700-tallet gjekk langeleiken etter kvart or bruk. På fleire stader i Sør-Noreg var langeleiken i bruk til litt ut på 1900-talet, mens i Valdres spelar me framleis langeleik i ubroten tradisjon. I Valdres er langeleik eit populært instrument og gjennom dei kommunale kulturskulene får unge langeleikspelarar opplæring i ulike speltradisjonar. Sterke familietradisjonar er framleis hjørnesteinane i det levande langeleikmiljøet i dalføret.

Mens dei eldste langeleikane vart laga av eitt trestykke, er den moderne langeleiken, som vart utvikla på slutten av 1800-talet, sett saman av seks separate deler; ein botn, eit lok, to sider, bakstykke og eit stemmehovud. Ein langeleik har 6–9 strengar, der melodien blir spelt på ein streng medan dei andre strengane er bordunstrengar med fast harmoni, slik moten var i seinmellomalderen. Rytmen blir forma med ein snert i høgre handa, medan melodien blir spelt med tre fingre på venstre handa. Spelteknikken skil den norske langeleiktradisjonen frå spelemåten på tilsvarande instrument i andre land, til dømes den ungarske sittaren.

Dokkedans til langeleik
Dokkedans til langeleikspel er ein gamal tradisjon i store deler av Europa og Asia, og i Noreg er tradisjonen uløyseleg knytt til langeleikspelet. Ei dansedokke er laga av stoff eller tre, cirka 10 cm høg. Dokka er festa med ei snor frå hovudet og opp i eit stativ, som dannar ramma omkring dokka. Andre enden av snora bitt ein fast i den fingeren som held plekteret, og når spelemannen slår att og fram med spelhanda si, ”dansar” dansedokka opp og ned – i takt med musikken. Tradisjonen i Noreg har vore variert. Aagot Einung frå Tinn i Telemark brukte til dømes ein utskoren hest i staden for dansedokker. Hesten var festa til ei snor, slik som dansedokkene, men i motsetning til dansedokkene, var hesten tredd nedover ei jernstong og gleid opp og ned denne i takt med musikken. 

Andre instrument

Munnharpe
Munnharpa er utbreidd over heile verda. Instrumentet har ein særleg utforming og stor variasjonsrikdom. I Valdres var det vanleg å smi eller støype små munnharper, ofte med grunntone i C. Fleire av dei fremste munnharpespelarane i Noreg i dag kjem frå Valdres.

Durspel
Toradar er eit instrument som i Valdres i stor grad har vore knytt til runddansen eller gamaldansen som ein seier her i dalen. I motsetning til Hallingdal har durspelet i liten grad vore nytta til bygdedansspel, men det er ikkje fritt for at det også førekjem. 

Springar

I Nord-Valdres
Dette er den dansetypen me har flest og best kjelder til, og også den typen som blir vist her på museet. Både på Slidrehuset i Vestre Slidre og øvst i Øystre Slidre heldt springaren seg som dominerande samversdans heilt fram til omkring 1940. Både filmmateriale og levande tradisjon gjev eit sterkt inntrykk av individuell og spontan utforming av springaren, og sjølv om det er ein del forskjell å sjå mellom dei ulike bygdene, men det likevel naturleg å sjå dansen i Vang og Slidre-bygdene som ein dans med stor personleg og noko lokal variasjon. Musikken er klart tredelt, og oftast asymmetrisk, slik at fyrste taktslaget er noko innkorta og det andre noko forlenga. Denne asymmetrien kan variere ganske sterkt frå slått til slått, og bidreg også til å gje dansen både variasjon og særpreg. Det er vanlegvis to sviktar i kvar takt. 

I Sør-Valdres
Dansen i Sør-Valdres går delvis som den i nord, men har tre sviktar i takta. Dansen gjekk ut av bruk nokre tiår før den i Nord-Valdres, og kjeldematerialet er mykje spinklare.

Halling

Hallingdansen er i dag mest kjend som ein solodans for menn, men opphavet synest å ha vore ein pardans, ganske lik gangar. Solodansen for menn kan ha vorte utvikla ”på moen”, under militærteneste, det gjeld i alle fall hallingkastet slik me kjenner det i dag. Opphavet til det siste er nok å sparke opp i ein bjelke eller eit anna fast mål innomhus. I militærleirane spente dei derimot utandørs, og då trengtest ei lue (uniformslue) på ein stav. Denne skikken vart så i sin tur overteke i moderne danseoppvisningar.

I Valdres finst ingen kjelder for halling som pardans, og alt i 1840-åra blir hallingen klart nemnd som solodans for menn. Ei nedskrift av Gullik Kirkevoll frå Vestre Slidre er den dominerande kjelda for dansen i dag, og dette er ei svært samansett og mangfaldig form.

Omgrepa laus og halling har vore brukt om kvarandre i lange tider. I Hallingdal har ein til dømes nytta nemninga laus, mens ein andre stader og i Valdres, paradoksalt nok, har nytta omgrepet halling. Eldre spelemenn hadde ofte ikkje noka formeining om kva slags kategori låttane deira høyrde til under, og nytta omgrepet halling om alle låttane dei hadde i repertoaret sitt som gjekk i udelt takt.

Omgrepet halling har også vore gjenstand for debatt, og det har vore ueinigheit om tydinga av ordet. Lenge var det ei utbreidd oppfatting at dansen var frå Hallingdal, men teorien om at hallingen oppsto som eit oppnamn på gangaren, i tyding halve dansen, er nå i ferd med å søkke inn.

Bondedansen gjekk i udelt takt, og er ei Valdres-form av gangar. I ”Skildringer af Seder og Skikker i Vang Valdres i Norge omkring år 1860”, er bondedansen nemnd fleire gonger, men det heiter at: Ungdommen syntes ligesom at have taget patent på springdans, men de femti-seksti og tildels de sytti-ottiårige mænd og koner boltrede sig i den såkaldte bondedans.

Sjølv om dansen såleis ser ut til å ha gått ut av vanleg bruk langt ned på 1800-talet, har det likevel vore enkeltpersonar som har kunna vise dansen i alle fall til 1920-åra. Me kjenner følgjande nokolunde sikre element frå dansen: Einhandstak (som me kjenner frå springartradisjonen), tohandstak (som i springdansen i sør), lausdans og ein uspesifisert samdans, som kan vera komen til heilt på slutten av ”levetida” for danseforma i Valdres.

Runddans

”Gamaldans” eller runddans har vore spelt og dansa i Valdres i alle fall sidan tidleg på 1800-talet. I Gamalt frå Valdres nr. 7 fortel O.K. Ødegaard etter Lars i Krøssengen at ”storfølke uti storgaro” ville ha ”gamle Nordlanden” (Knut Nordland eller Øldre, 1794–1877) som spelemann, framfor den meir kjende Jørn Hilme, for Nordlanden hadde lært nokre ”are danselåtta en springar o halling” tå ein ”taterspelemann”. Dette skulle vera den kjende Karl Fant eller Fant-Karl. Han tente hjå Nordlanden, og fekk mat og hus mot å lære bort runddansspel, er det sagt. Tradisjonen knyter fyrste møta mellom Nordlanden og Karl Fant klart til garden Nordland, og i så fall må det ha vore før 1823, for då flytte Nordlanden til Øldre. 

P.M. Søegaard budde i Aurdal tidleg i 1840-åra, og kom tilbake ein del år seinare. I boka ”I Fjeldbygdeme” frå 1868 fortel han at danseskikkane hadde endra seg i mellomtida. Dei gamle dansane som halling og springar var erstatta av runddans og turdans, skriv han. Her overdriv nok den gode Søegaard, for me veit at det vart dansa springar og halling i Aurdalsbyen lenge etter dette, og i nokre av dei øvre bygdene i Valdres tok ikkje runddansen over som dominerande danseform etter springaren før etter siste krig. Likevel kan ein nok summere opp med at runddansen truleg kom til Valdres omkring 1820, og for alvor begynte å ta over dansegolva omkring 1850.

Runddansen vann stadig terreng i siste halvdel av 1800- og fyrste del av 1900-talet, men frå 1920-åra kom det konkurranse frå nye, oversjøiske dansemotar, særleg tango og foxtrot. Runddansen vart då etter kvart kalla ”gamaldans” (etter programposten ”For gammeldansens venner” i NRK), og levde ei tid etter krigen eit godt samliv med tango, foxtrot, ”sjess” og andre oversjøiske dansar, i det som i dag gjerne blir kalla ”nygammalt”.

Springdans og masurka

I runddansane dansar paret rett mot kvarandre (noko som i visse miljø vart oppfatta som umoralsk på 1800-talet), med båe armar om kvarandre, og fleire av dansane har ei svært rask, virvlande, eintakts snuing rundt éin felles akse. Slik rask snuing kom også med i springdansen (og kanskje i bondedansen) i Valdres.

Masurkaen kan ha kome som polkamasurka med sakte snuing, men seinare har den vanlege, austlandske masurkaen dominert. Litt spesielt er det likevel at mange karar snur masurkaen med tungtakta på høgre foten, nesten som i springar, i staden for på venstre, som er vanleg elles i landet. Det er særleg i øvre Valdres at denne høgrefotsnuinga har vore brukt, men han finst også lengre sør. Valdresjentene har såleis alltid måtta kunne to måtar å snu masurkaen på, men dei er ikkje alltid klar over det. Vrangsnu har også vore brukt ein del, men då over to takter. På 1970-talet fekk runddansen eit sterkt oppsving over heile landet, og ikkje minst her i Valdres. Polsen spreidde seg, men her i Valdres har masurkaen så langt halde stand, og polsen har fått lite innpass.

Vals og Karl Fant
Det er særleg valsar som er knytte til tradisjonen etter Karl Fant, og ein må vel gå ut frå at dette var fyrste runddansen som slo rot. Det synest ikkje som valsen blir dansa annleis i Valdres enn i andre bygder.

Polka og galopp
Polkaen blir tradisjonelt dansa som galopp, og mange dansar med ”taktskifte”, det vil seia at dei bryt opp den todelte takta i grunnsteget med â ta eit enkeltsteg inniblant. Frå 1970-talet har strekkbuksepolka (lettisk polka) kome inn.

Reinlendar
Reinlendaren har vore dansa som lukka, austlandsk reinlender, ofte med taktskifte slik som i galoppen. Det er noko omdiskutert i kva grad desse taktskifta er eit eldre fenomen, og i kva grad det er resultat av påverking frå foxtrot. Mange har brukt bytomfotsteg (”prillesteg”) i snuinga, og ein del har snutt på vranga (over ei takt). På 1970-talet kom det inn open reinlendar.

Tradisjonslinjer innanfor hardingfelespel

Knut P. Ringestad (1728-1810) skal ha vore ein av dei fyrste i Valdres som tok i bruk hardingfela. Han kom truleg i kontakt med instrumentet på Vestlandet, der fleire felemakarverksemder på det tidspunktet allereie var godt i gang. 

Ringestadlinja
Etterkomarane Jørn I. Ringestad (1778-1854) og Knut J. Ringestad (1815-1854) spela og vidareutvikla spelet i Vestre Slidre. Knut J. Ringestad var ein av læregutane til Jørn Hilme (1778-1854) og var i tillegg mykje i saman med ein annan læregut av Jørn Hilme, Gullik Teigstol (1807-1881). Desse spela ei viktig rolle i vidareføringa av lydarlåttane i Ringestad/Hilme-tradisjon, ved at dei både stod sentrale i opplæringa av Ola Hamre (1819-1896).

Krøsshaugspelet
Lars Mikjelsson Krøsshaug frå Vang (1785-1830) var ein av dei fyrste meistrane innafor lydarspel. Han var i si tid ein av dei verkelege trendsetjarane, ikkje berre i Valdres, men også i Sogn og i Hallingdal. Han låg ei stund ute i krigen (1808-1814) og det er ikkje utenkjeleg at han lærte spel frå andre bygdelag i denne tida. Krøsshaugen vart tidleg utsett for overnaturlege makter og anna som kunne inspirere ein spelemann i låtteforminga. Dette hadde riktig nok si naturlege årsak i at det i ei tid nok var mykje alkohol inne i bildet, og Krøsshaugen si endelikt vart tragisk nok eit par drammar for mykje og ein pytt med overvatn på Strandefjorden i Vang.

Sønene til Lars, Lars Larsson (1812-1888) og Andris (1821-?, seinare kalla Teigen) vart dei fremste vidareførarane av lydarspelet etter far deira. Særleg Lars Larsson skulle vise seg å bli ein god og viktig representant for krøsshaugspelet. Han flutte etter kvart til Tørto i Beito i Øystre Slidre, og vart soleis ein av dei viktigaste læremeistrane til Nils Beitohaugen (1863-1927), og ikkje minst ei inspirasjonskjelde for komande generasjonar spelemenn i Øystre Slidre. Nils Beitohaugen sitt spel vart forma av Lars Larsson, og slik kom også mange av låttane etter Lars Mikkjelsson Krøsshaug til Øystre Slidre der dei levde vidare i denne tradisjonen.

Ola Okshovd (1872-1960) er ein av dei største kjeldene innanfor speltradisjonen i Øystre Slidre. Han var ein av dei fremste læresveinane av Nils Beitohaugen og såleis vidareførar av Krøsshaug-spelet. Han deltok også på kappleik, men det er fyrst og fremst arbeidet hans som ”låttevølar” som har hatt mest å seie for rolla hans som trendsetjar i ettertid. Okshovd arbeidde med å gjere om dei små og gamle låttene om til større og småmotivsbaserte låttar. Han laga også fleire låttar, mellom anna sette Okshovd i samarbeid med John Dahle (1874-1939) saman lydarspringaren Sumarkveld i Jotunheimen.

Hilmespelet
Jørn Hilme (1778-1854) skapte i si tid skule innafor låttemusikk i Valdres. Han bygde ut dei stutte låtteformene og la ofte til ristetak for å gje læresveinane sine noko å bryne seg på. Olav Moe kunne fortelja følgjande: ”Jørn Hilme braut tidleg med det gamle – dei stutte eintonige to-vekslåttane, som i grunnen var ei instrumental attergjeving av stev og folkevisor. Han skapte skule i låttebygging: Lengre slåttar, ei sterkt utforma harmonisering i spelet, med fleire tonar som song saman (dobbeltgrip) og ei makelaus bogeføring med merkelege ristetak, triolar, som krev stor tone og teknisk hagleik”. Det er ikkje utenkjeleg at det var i hans tid at småmotivlåttane fekk gjennombrot, ikkje berre i Valdres, men også i andre spelområde der Hilme hadde kontaktar.

Då Krøsshaugane hadde si nisje innafor lydarspel, var det ingen som tok Jørn Hilme i springarspel. Me lyt tru at han hadde ein særs godt utvikla bogeteknikk, og eit sjeldsynt driv i spelet sitt. Men at Hilme fann låttane sine i skog, stein og vatn er nok berre ei av mytane som følgjer med slike meisterspelemenn. I tillegg til at han truleg henta låttar og inspirasjonar frå spelkollegiet sitt, er det faktisk påvist at han tok stykkje innanfor dåtidas kunstmusikk og forma dei om til solide låttar i valdrestradisjon.

Jørn Hilme hadde mange læresveinar, men han var kjent som kresen i utvalet sitt, og tok absolutt ikkje inn kven som helst. Det skal ha vore sju Hilmevrengjer (vanskelege låttar) i alt, og ei av dei var Spelemannsprøva. Denne laut dei som skulle gå i lære hjå Hilme kunne spele for å prove at han var eit dugande spelemannsemne. Fleire av læresveinane til Hilme ruver høgt i spelemannshistoria i Valdres i dag. Ringestadspelet vart farga av Hilme, men også spel sørover i dalen fekk impulsar derifrå. Bendik i Nø’n frå Lobygda var ein av dei flinkaste i så måte, men reiste som så mange andre frå den yttarste armoda til Amerika. Men før han reiste rakk han å gje aurdølen Ulrik i Jensestogun opplæring i hilmespel.

I nyare tid
Andris Dahle (1925-1995) sitt spel er eit resultat av impulsar frå både Krøsshaug- og Ringestadlina. Han lærte å spela både hjå Ola Okshovd og Ivar Ringestad, men spelet hans ber kanskje fyrst og fremst preg av at han ikkje hadde så mykje kontakt med spelemenn utabygdes frå, slik som Olav Moe, Torleiv Bolstad og Ola Bøe (1910-1986) til dømes hadde. Ola Bøe er ein av dei mange som gjekk i lære hjå Ivar Ringestad, og vart saman med broren Jørgen (1904-1966), Andris Dahle, og Harald Fylken (1910-1963), forfektarar av Ringestadspelet.

Me vågar oss med påstanden om at bortsett frå Jørn Hilme, er det ingen som har hatt så mykje å seie for valdresspelet som Torleiv Bolstad (1915-1979). Bolstad kom tidleg i kontakt med låttespelet, og ”kunne” dei allereie i hovudet då han tok til å spele. Etter å ha lært av fleire lokale spelemenn i ungdomsåra, kom han i kontakt med Ola Okshovd på slutten av trettitalet. Der lærte han det meste av det den då aldrande Okshovd sat på, og tok med seg dette då han og kona Kjellaug flutte til Oslo. I byen kom Bolstad i kontakt med fleire av landets fremste spelemenn i Laget for folkemusikk, slike som Kjetil Løndal, Odd Bakkerud og Magne Manheim. Dette hadde nok mykje å seie for utviklinga hans som spelemann, og han gjekk i si tid som deltakar på Landskappleiken til topps i A-klassa fire gonger. Torleiv Bolstad og kona vende tilbake til Valdres på sekstitalet, der han vart sentral som læremeister og samlingspunkt for spelemenn i heimtraktene.

Læresveinane til Torleiv Bolstad var mange, og ennå fleire har seinare både direkte og indirekte brukt han som kjelde ved hjelp av dei mange opptaka som er gjort med han, notenedskrifter osb. Særleg grunn er det å nemne Harald Røine (1940-1998), Trygve Bolstad (1943-), Bernt Balchen (1931-), Olav Jørgen Hegge (1941-2006), Jan Arne Sebuødegård (1950-) og Erland Joplassen (1961-) blant dei som lærte direkte hjå Torleiv Bolstad. Desse har igjen vorte læremeistrar og trendsetjarar for valdresspelet i tida etter at Bolstad døydde, og har vore sentrale i opplæringa av spelemenn som Håkon Asheim (1962-), Tore Bolstad (1966-) og Jan Beitohaugen Granli (1979-). Tore Bolstad vann Landskappleiken i Rauland i 2001, og avslutta med det ei tretti års ”tørketid” for valdrisane. Det var starten på ein ny æra for valdresspelet i kappleikssamanheng, og sidan 2002 har Jan Beitohaugen Granli vunne Landskappleiken fire gonger.

Rispo frå spelemannsliv i Valdres

Lars Mikjelsson Krøsshaug var ein stor spelemann, men åtte også emna til å ordleggje seg. O. K. Ødegaard fortel etter Lars Krøssengen, sonesonen til Lars M. Krøsshaug, i Gamalt frå Valdres VII: Krøsshaugen "va beste spelemann'n i heile bygd'n o kunna gødt mæle se me hono Jørn Hilme, so 'n va mykje samen me. Dei va hjå inan dei karadn o kappast o lærde tå inan. Ei gaang han Jørn Hilme va på Krøsshaug, skulde 'n gofa (Lars M. Krøsshaug) lære ein lått tå hono. Men de gjekk ikkji so fort so Hilmin vilde, o so sa 'n: "De e rart, at du so e so go ein spelemann, e so sein te lære!" Da svara gofa: "De kjem taa di at e ikkji e vindøygd o inkji har meir enn ei kjering!" (Jørn Hilme var kjent for å ha eit godt lag med kvinnfolka).

"Det skulde bli bryllaup i grannegarde hass Knut Øldre (frå Nordland). O då vart de fundert mykji på kem dei skulde ha te fyste spelemann i lage, anti Krøsshaugen enn 'n Knut, so grannegut va. Men endå de hadde høvt se best o ha take granneguten, so vart de te di at gamlemann'n på garde sa: Ta me ikkji Krøsshaugen, so kjem 'n te øyeliggji'n Knut."

Kjerringi hans Lars Mikkjelsson Krøsshaug var Ragndi Eivindsdtr. Ellingbø (ned i garden), f. 1787 og d, 1850. Ho var dotter til Eivind Andrisson Ellingbø og Ingebjørg Olsdtr. nedre Kjøs, (A, O, Øyo,) Ho Ragndi skulle ha vore noko av eit troll i huset. Han Lars laga ein lått om henne, Kjeringlåtten. Han var slik: "Stundo æ mi kjering go, / stundo æ ho so so, / stundo får e lite te mat, / stundo får e alder dæ slag, / stundo får e graut o brim, / stundo får e gå so eit svin,, / Tra la lala la, lala, / tra la lala, / gå so eit svin!".

Lars Krøsshaug var ein av dei som vart eit offer for "drykken". Ein dag hadde han spelt i eit barsøl på Høle i Øye. Så skulle han gå derifrå til Strønd og spela i eit bryllaup. O. K. Ødegaard skreiv etter Lars i Krøssengen at "han gjekk innum på Kvame. Der vanka det brennevin, o han gofa tok til å låte, o etter kor lått, sa 'n: "So seie Krøsshaug-guten!" Men det vart ifullt mange dramma, o då han gofa gjekk, so va 'n noko lite "på 'n" o sprang o dansa upp over Eidssvingen. De va de siste dei såg te hono. Då han gjekk bortetter Strandafjord-isen, gjekk han ned i ei grunn demme og bleiv berre 45 år gamal. Dette hende den 21. mars 1830. Han vart gravlagd 27/3."

Attmed bygdevegen nordanfor Kvie budde ein gamal spelemann, som dei kalla Andris på Teige. Han budde i ei liti stoge der, liksom for seg sjølv. Han hadde vore ein meister til å handsama fela, og enno heldt han ho i god stand. Ein sundagsmorgon om våren sat han såleis og spelte litevetta åt seg. Då kom det to herremenna gåande nordetter frå Kvie, og dei såg svært høgtidssame ut, for det var sjølve bispen (Folkestad) og prosten (Konow), som var ute og for. Dei skulle ha visitasmesse i Høriskyrkja den dagen, og så tok dei seg ein spasertur føreåt. Då dei høyrde dette lætet, stana dei ved stova hans Andris og gjekk inn til han. Andris skjønte trast kva karar det var, men låst seg ikkje større vare på noko. Han sat berre og klappa og strauk fela si.

Knut Nordland var ein av dei som lærte spell hjå Krøsshaugen. Han skulle visst ha vore i lag med Jørn Hilme og Karl Fant også i si tid. Sonen prøvde også å ”apa” noko etter far sin, men det skulle visst ikkje ha vore noko særleg til suksess. Guttorm, sonen hans Knut, let og noko på fela og freista herme etter faren. "Men han har ikkji spelemannsevno, han Guttorm," sa han Knut." Han læt som han skulde ha klakka på ei låvedør!" la han til.

Til slutt var Knut Nordland vorten så namngjeten spelemann at han laut spela i mest alle gruse lag både i Vang og i Valdres elles, Lærdal og andre stader "innmed sjøo". Knut var så svær til å gå. Mest kvar haust var han på Vestlandet og spelte ei tid. Då tok han fela si og gjekk nordetter Kviture og til Lærdal på dagen. Når det var store "pengebryllaup", var Nordlanden så ærekjær at han tolde lite at nokon spelemann vart sett høgare enn han sjølv.

Når det var store ballar ut i Storgøro i Aurdal, vart ofte han Knut Nordland beden til spelemann. I lang tid var han der til kvar jol i fine lag. Men no kunne ikkje han Knut spela etter notar, og så truga dei med at dei ville ikkje ha han lengere. "Men so kom dæ ei fin dame o ga me ei notebok. O då e hadde lært nota, vart dæ grust mæ me att!" hermer dei etter han

Ein gong han var i Sogn hadde han fått nokre til draga båten åt ein full mann inn i setohuset hans og lagt han opp på betane, to tverrstokkar som gjekk frå ein langvegg og bort i hin i dei gamle raustestogone. Dette vart til ein lått med denne stevstubben til: "Ko før ha du stelt de so /at båten æ kåmin på betin?".

Ola Viken var husmann i Viken på Leira var ein god felespelar. Ein granne sa til han ein gong at felespeling var synd. Ola svara ”Felespeling æ og te bitala gjøld mæ!.

”Ei a’n gång hadde ’n kjøft ei meistele og fele hjå Nils Belji, so va ein meisters felemakar o gjeve 5 dalar for ho. O heime hjå se sjølv skuld’n prøve fela. Han sat fyst på peiskrakke, men dè vilde ’kji ljøme rettig, o so prøvde ’n i alle røna i stogun o te sist i ro’n baka døre, o då dè heldan ikkji der gjekk so ’n likte dè, so va dè ’kji lengji, so ’n sa, før fela sat i vegge.

Folkemusikkarkivet på museet

Litteratur, lydopptak, videoopptak og nolevande folkemusikarar og folkedansarar, er viktige kjelder til kunnskap om folkemusikk og folkedans i Valdres. 

Relevant litteratur om folkemusikk og folkedans i Valdres, finn du til dømes i Knut Hermundstad sine bøker, og i bøker og artiklar av forfattarar som O. K. Ødegård, Gullik Kirkevold, Olav Moe, Øystein Gaukstad, Ingar Ranheim og Elisabeth Kværne. 

Har du lyst til å lære meir om musikk-, dans- og songskatten vår, er du hjartelege velkomen til eit besøk på arkivet på Fagernes. Har du kommentarar eller artikkelen her, må du gjerne ta kontakt med Valdresmusea.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1