Hopp til hovudinnhald

Kulturminne i krig og konflikt

På Gaza er øydeleggingane enorme, men palestinarane mistar ikkje berre familie og heimar. No står også kulturarven deira står i fare for å gå tapt.

Tapstala er ufattelege og meldingar fortel oss at over 25 000 palestinarar har mista livet so langt i krigen. Truleg er så mange som halvparten av dei barn. Og fleire vil det bli. For den som overlever kuler og granatar ventar faren for sjukdom, svolt og sidan død. På Gaza er det inga hjelp å få. Men ikkje berre bombar den israelske staten skuler, heimar og sjukehus. Dei bombar òg universitet, moskear, museum, kyrkjer og kulturminne. Det er ikkje berre palestinarane ein vil til livs. Også kulturen deira står i fare for å bli borte.

Krigen på Gaza er derfor òg ei kulturell krise, og i granskinga som Sør-Afrika har bede Den Internasjonale domstolen i Haag gå i gang med, vil ein òg undersøke øydeleggingane av den palestinske kulturarven. Tusenvis av menneske mistar no ei mor, ein far, eit sysken, men dei står òg i fare for å miste minna om seg sjølve som eitt folk.

Åtaka føyer seg inn i eit mønster der det langsiktige målet ser ut til å vere ei undergraving av det palestinske kollektive minnet, og er i praksis ei vidareføring av den politikken som låg bak åtaka i 2001 og 2002, då israelske militære braut seg inn Palestinsk statistisk sentralbyrå og konfiskerte data og øydela arkiv. 

Derfor bør musea i Noreg engasjere seg. For det er ikkje ei oppgåve for palestinarane åleine å sikre reistane etter eigen kultur, særleg når denne no står under press. Vern av kulturarv er eit globalt ansvar og ei plikt som dei fleste nasjonane i verda i fellesskap har tatt på seg. Sterkast kjem dette til uttrykk gjennom Haag-konvensjonen om vern av kulturverdiar i væpna konflikt. Konvensjonen slår fast at øydelegging av kulturminne i væpna konflikt er ei krigsforbryting.

Den kollektive plikta til å sikre kulturarven for ettertida kjem òg til uttrykk gjennom musea – også dei norske – si tilslutning til The International Council of Museums (ICOM). Gjennom denne organisasjonen har verdas museum utvikla etiske retningsliner og standardar for korleis ein skal jobbe med kulturminne. Dei siste åra har ICOM engasjert seg særleg i spørsmål om kulturminne i krig og konflikt.

Men ikkje alle ser det slik. Førre veke uttala kulturminneministeren i Israel, Amihai Eliyahu, at Gaza-stripa var vakrare enn nokon gong. – Alt er rasert og utsprengt. Ein fryd for auga, uttala ministeren i landet som har slutta seg til dei same internasjonale spelereglane for vern av verdas kulturarv, som Noreg. Uttala frå ministeren er ikkje til å tru, og det hadde vore på sin plass med ein internasjonal protest mot Israel si deltaking i ICOM.

Men heller ikkje for museumsfolk i Noreg ser øydeleggingane på Gaza ut til å engasjere, med heiderlege unnatak av Museene i Sør-Trøndelag og nokre fåe andre. Fleire museumsleiarar seier tvert i mot at dei er redde for å vise eit for sterkt engasjement. – Krig er politikk, museum driv med fag, har fleire museumsleiarar uttala. Og på sett og vis har dei rett. Men musea er også brikker i demokratiet sin infrastruktur. Dei er samfunnet sin hukommelse og skal sikre minna etter oss alle. I ei tid då demokratiet, men også respekten for einskildmennesket synest meir truga enn nokon gong, må vi syrgje for at vi i Noreg og reisten av verda er sikra eit godt og inkluderande institusjonsliv.

Og dermed skal vi ikkje vere så redde for å røre ved politikken. Det gjer vi kvar dag anten vi er del av den nasjonale kulturminnepolitikken, syslar med opplæring i verneverdige fag, og elles bidreg til gode, meiningsfulle samfunn.

Krigen på Gaza romar mange lag. Og den rører ved noko grunnleggande; retten til å utøve eige kultur og språk. Og medan bombene legg Al Israa-universitetet, Omari-moskeen og det gamle Pasha-palasset i ruinar, så mistar det palestinske folket kvar dag ein bit av seg sjølv og tilgangen til eige språk og kultur.

Så, kva kan vi gjere? Noreg må i det minste protestere på at medlemsland i ICOM bidreg til kulturelle øydeleggingar på Gaza. Vidare kan musea i Noreg gje støtte til dokumentasjonen av øydeleggingane, men òg sikre at kulturminna ikkje ender opp som salsvare på ein hensynslaus kulturminnemarknad. Og dersom dei palestinske styresmaktene ber om det, bør norske museum stille til rådvelde ressursar til mellombels sikring og bevaring i trygge norske magasin. Musea i Noreg tilhøyrer ein internasjonal museumsfamilie. Når krisa er stor for eit land i krig, skal vi andre vise veg og bidra til at kulturarven, eller reistane av han, blir teke vare på for ettertida.

Kristin Armstrong-Oma, leiar i Norges museumsforbund
Ole Aastad Bråten, nestleiar i Norges museumsforbund

Kronikken sto på trykk i Morgenbladet, 9. februar 2024

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1