Immateriell kulturarv på museum framstår gjerne som overflatisk formidling av eldre handverksteknikkar og kulturelle uttrykksformer. Det er ikkje tilfelle på Skålbergsetra i Austvatn i Nord-Odal.
På ein gamal støl langt inne i Odalsskogane driv konservator Knut Ola Storbråten eit viktig arbeid med stølsdrift og rekruttering til landbruksfaget. Skal ein sikre stølstradisjonane for framtida kan ein ikkje ta lett på det. Aktiviteten på Skålbergsetra er unik. I Noreg. Eg kjenner knapt til noko anna museum som ser heilskapen i ein stølskultur som på Skålbergsetra, og som greier å formidle denne så fint og levande som her.
Der andre nøyer seg med enkel lappesteiking og sal for turistane, driv Storbråten setra med full krøtterbesetning, ysting og matforedling, matlaging, vask og husstell. Når arbeidet er over er det tid for song og musikk, avislesing, kryssord og ein tur heimom i bygda. Her lærer dei unge budeiene av dei eldre – og fører dermed ein tusenårig nomadekultur vidare – til stor nytte for landbruket i regionen, og til glede for alle dei som tek turen innom. Arbeid med immateriell kulturarv på museum krever grundig forståelse. På Skålbergsetra har dei knekt koden.
I 2007 ratifiserte Noreg Unesco-konvensjonen om immateriell kulturarv. Med den tok Noreg på seg å sikre livsvilkåra for meir enn bygningsarven og den materielle kulturarven. Konvensjonen omfatta til dømes folkemusikken og folkedansen – og dei mange handverksdisiplinane. Og det var dei sjeldne og sårbare uttrykka her heime som Noreg skulle ta eit særleg ansvar for.
Norsk kulturråd fekk det nasjonale ansvaret med å samordne tiltak på området. Men utan at vi alle, på kvar våre område, tek ansvar, vil vi ikkje vere i stand til å nå måla med konvensjonen. Her speler einskildmenneske, organisasjonslivet og musea viktige roller. På Skålbergsetra har dei ei fin tilnærming til den immaterielle kulturarven. Her har vi andre mykje å lære.
Eit mål med konvensjonen er å sikre livsvilkåra for dei einskilde kulturuttrykka, slik at dei same uttrykka skal kunne halde seg levande også i framtida. Det er gjerne her utfordringa melder seg for musea – som framstiller den immaterielle kulturarven som historiske, avslutta fenomen, som høyrer fortida til, ikkje som verksame, oppegåande uttrykk i vår eiga tid. Slik tenkjer mange på museum. På Skålbergsetra tenkjer dei annleis.
For der musea generelt formidlar støling og immateriell kulturarv som sementerte, avleggse kulturformer, greier Storbråten og Anno Museum å formidle stølinga som ein livskraftig del av norsk landbruk, som del av ein tusenårig kultur- og naturforvaltingstradisjon – og som vi som samfunn har ei plikt til å sikre for framtida. Då hjelp det ikkje med enkel takkebakst ein sundag i ny og ned, eller ei museumsku på beite eit par veker om sommaren. Då blir kulturarven «på lat» slik ungane uttrykkjer seg – om det som ikkje er ekte eller på ordentleg.
Det same ser ein på andre område òg. Der andre nøyer seg med enkel demonstrasjon av musikk og dans, går andre i djubda og driv rekruttering gjennom året, held dialogen med kulturskulane og peikar på viktigheita av at også dei gir prioritet til den lokale musikk- og dansetradisjonen. Andre held handverkskurskurs eller skapar møteplassar der ungane kan lære av dei eldre, eller bidreg som lekk og kunnskapsbank mellom tradisjonsutøvarar og levande miljø.
I Innlandet har ei ordning med bygningsvern sikra at handverkskompetansen ikkje berre blir i bøkene, men blir gjort tilgjengeleg for huseigarar som sjølve vil sette i stand husa sine. For det er der den immaterielle kulturarven høyrer heime – hjå menneska i lokalsamfunnet. Dinest på museum.
Derfor må vi gjere som Storbråten på Skålbergsetra – vi må forstå røyndomen og formidle heilskapen i den immaterielle kulturarven. Musea må ta på alvor at kunnskapen sit i hendene, ikkje i doktorgradane, og vi må anerkjenne dei menneska som forvaltar den tause kunnskapen og erfaringane i hendene. Like mykje må vi lære oss å sjå samanhengen mellom den kulturen vi skal sikre for framtida og den politikken som blir forma på dei einskilde områda.
Det hjelper ikkje at musea ropar høgt for auka museumsbudsjett åleine. Musea må heise fane for alle dei sakene som råkar dei i museumskvardagen: for gode fagutdanningar som skal vidareføre tradisjonshandverka, for at kulturskulane sikrar lokale musikk- og dansetradisjonar, for ein landbrukspolitikk som viser omsyn til tusenårige stølstradisjonar, og for ein arealpolitikk som vernar om gamle krøtterstigar og viktige beiteområde.
Musa skal bidra til å gjere den immaterielle kulturarven levande, meiningsfull og verksam for menneske i vår tid. Då må vi lære oss å sjå heilskapen i kultur- arven, og sumtid gjere oss til aksjonistar for dei sakene vi trur på. Slik dei gjer på Skålbergsetra.
VG, 2. august 2021