Hopp til hovudinnhald

Kulturarv i lendet

Foredrag: Korleis kua bante veg for turkulturen

Velkomen til foredrag om korleis kua bante veg for turkulturen

Valdres Folkemuseum
Tyinvegen
13. feb. 2025
19.00
Kjøp billett
kyr i fjellet

Velkomen til foredrag om korleis kua bante veg for turkulturen. Foredragshaldar er Karen V. Lykke, professor ved Senter for utvikling og miljø, Universitetet i Oslo. 

Etter foredraget vil det vere mogleg å stille spørsmål og dele egne refleksjonar. 

TID: Torsdag 13. februar 2025 kl. 19.00​
STAD: Festsalen, Valdres Folkemuseum
PRIS: Kr 140 (kr 50 for dei under 26) GRATIS for arealplanleggarar
ARR: Valdresmusea

Fjordkafeen er open før foredraget, kjøp gjerne middag, kaffi eller kake.

Arrangementet er del av museumsprogrammet Eit skigardsdele - frå stølskultur til hytteindustri.

Foto: Juliana Bonin

Karen V. Lykke

Lykke er agronom, etnolog og kulturhistoriker. Hennar forsking er i skjæringspunktet mellom naturbruk og matproduksjon. Ho har forska mykje på landbrukshistorie, og korleis beitedyras rørsle i kulturlandskapet har vore og framleis er grunnleggjande for den norske turkulturen. Lykke har mellom anna skrevet artiklane «Hefting the land: a locative heritage of hooves and feet» og «Kulturarv i lendet - Beitedyras hug, dug og hevd» om dette temaet.

  • Kvinne
    1/1
    Karen Lykke
Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 2