- 1/2
Ekteparet Knut og Berit Hermundstad. VFF 16-001417 Trond B. Hamre - 2/2
Knut Hermundstad VFF 4-002856
Knut Hermundstad dreiv heile sitt vaksne liv med folkeminneinnsamling og kulturminnearbeid. Han var redaktør for, skreiv eller bidrog til over tjue bøker og ei rekkje tidsskrift om Valdres-historie. Og han leia Valdres Folkemuseum under ein storstilt utbygging av friluftsmuseet.
Knut Hermundstad (1888-1976) budde på Leira det meste av sitt vaksne liv. Men han var fødd og oppvaksen i Vang og var fødd i enkle kår, som eldste son av grendeskreddaren Håvard Knutsson Hermundstad. Han gjekk på folkehøgskule i Sogndal (1907–08) og lærarskulen på Hamar i 1908–11. Han arbeidde fyrst som lærar i Etnedal og ved framhaldskulen i Øystre Slidre, før han i vart lærar ved Valdres Folkehøgskule der han arbeidde i 36 år frå 1917 til 1953.
Då Hermundstad vart 65 år, avslutta han lærarjobben, vart statsstipendiat, og brukte resten av livet å drive med kulturminnearbeid og folkeminnesamling på heiltid. Han var formann i Valdres bygdeboknemnd 1949–68 og og redaktør for fem bind av bygdeboka. Han var medlem av styret for Valdres Historielag frå 1932 til sin død med diverse verv. I tillegg leia Hermundstad avholdslosjen Ungskogen 1920–27 og var fylkesleiar Det Norske Totalavholdsselskap i 1927, 1929 og 1930.
Knut Hermundstad la ikkje minst ned ein stor innsats for Valdres Folkemuseum. Han var formann i museumsstyret frå 1949, og var frå 1956 til 1958 fyrste styrar for museet. I desse ni åra vart museumsarealet utvida, og Hermundstad organiserte den største utbygginga i friluftsmuseet si historie. På få år vart det sett opp storgardstun, gardstun frå Øvre Valdres, husmannsplassar, stølshus, handverks- og utmarksavdeling.
Arkivet etter Knut Hermundstad ligg i museumsmagasina på Valdres Folkemuseum, og det er imponerande å sjå kor stort og breitt arbeid han la ned i innsamling av folkeminne; til dømes gjennom notat, intervju, foto og ein lang rekke manus og bokutgjevnadar. Arkivet inneheld notatar om mellom anna skulemenn, kyrkjesoge, arbeidsliv, bondeliv, folketonar, stadnamn, nemning, folkeminnespørsmål, handverkarar, ætt og personar, stølsbruk, gardssamfunn, næringsliv, grannesamfunn og husmannsplassar. Kjeldematerialet er uvurderleg og unikt i norsk samanheng og gjer ei unik inngang til å forstå livet slik det var før.
Litteraturliste
- Gamletidi talar. Gamal valdreskultur, 1. 1936
- «Valdresnaturen» I: Den norske turistforenings årbok 1939
- Bondeliv : Samrødor og song etter Ragndi Moen. Gamal Valdres-kultur, 2. 1940
- Litt kyrkjesoga frå Vang i Valdres. 1942 (Særtrykk fra Tidsskrift for Valdres Historielag 1940 og 1941)
- I manns minne. Gamal Valdres-kultur, 3. 1944
- Ættararv. Gamal Valdres-kultur, 4. 1950
- Ættarminne. Gamal Valdres-kultur, 5. 1952
- Valdres folkemuseum i 50 år. 1953
- Valdres handelssoga : Med bilete : 60-års jubileumsskrift for Valdres handelsstands forening : 1892-1952. 1953 (= Valdres bygdebok, bd 4)
- I kveldseta. Gamal Valdres-kultur, 6. 1955
- Kvorvne tider : Gamal Valdres-kultur, 7. 1961
- Valdres bygdebok, bd 5, del 1. 1964 (Hermundstad skrev stoffet om jakt, fiske, reiseliv, handverk)
- Øye stavkyrkje. 1965
- Valdres bygdebok, bd 5, del 2. 1965 (Hermundstad skrev stoffet om stølsbruk og industri)
- St Tomaskyrkja på Fillefjell. 1966
- Truer om villdyr, fangst og fiske. Gamal Valdres-kultur, 8. 1967
- Høre stavkyrkje, bygd ikr. 1180. 1968
- Vang stavkyrkje, truleg bygd ikr. 1175. 1969
- Valdres bygdebok, bd 6. 1969 (Hermundstad skrev stoffet om folkemusikk, misjonsforeninger og dissentere)
- Villreinsjakt i Sør-Jotunheimen 1864-1899. 1972
- Samversskikkar i Valdres. 1975
Artiklar av Knut Hermundstad i tidsskrift for Valdres Historielag o.a. tidsskrift
1933: Gjætarliv i Valdres i gamal tid
1934: Bladstyrar og forfattar Anders Stiloff
1934: Livssoga og livsverket til Ola Strond på Søyne
1934: Gamle ordtak. Av K.H. etter A. Hauge, Nord-Aurdal
1935: Soga um Jørn Hilme og sønene hans.
1936: Nokre kulturminne i Nord-Aurdal
1936: Røyse-brudlaupet (ei folkevise). Etter A. Hauge, Nord-Aurdal
1939: Nils Nilsson Beitohaugen. Ei stutt livssoga.
1940: Litt Valdres-kyrkjesoga 1. Anne og Ivar ved Leira. 2. Misjonsåndi i Nord-Aurdal i 1880-90-åri
1940: Tømmeskyrkje-stemna og Fekarhelge på Fillefjell
1941: Budrag. Av Gullik Kirkevoll og K.H.
1941: Litt Valdreskyrkjesoge 3. Paul Gerhard Sand og den store kristelege vekkingi i Valdres ikr. 1880
1944: To gjæve sogemenn har falle frå (lærar O.K. Ødegaard og Tore Ødegaard)
1946: Johannes Belsheim og Vang i Valdres
1946: Himmelbrev. Eit nyfunne himmelbrev frå Sparstad i Vang på Stee i Vestre Slidre
1946: Stogotomti til major Bech ved Ristebrui i Vestre Slidre
1947: Gamle Valdres-hus
1947: Himmelbrev. Soga til himmelbrevi
1947: Valdresfolk som krigen reiv bort: Gustava Rasch. Major Gunnar Piltingsrud. Stud.med.vetr. J. Heggelund. Lærar og løytnant Knut A. Fuglien. Brita Larsdatter Øye.
1947: Anders O. Øye.
1948: Noko tilfang til soga um ætti på Veningstad og Reie
1948: Eivind Eivindson Reie
1948: Kvie i Vang i Valdres
1949: Omgangsskulelærar Johannes Dale
1949: Dei fyrste folkeminne frå Øystre Slidre
1949: Ola i Hamare i Høre i Vang
1949: Gamle Valdresspelemenn 11. Olav Moe
1949: Major Sagen
1949: Då major Bech var husmann
1949: Austegardsguten
1950: Bjørneprat med Nils Nilsson Stutlien i Etnedalen
1950: Olaus Islandsmoen
1950: Elling Edvardson Elsrud. Av K.H. og Erling Bjørke
1951: Haugianaren Anders Jonson Brekke
1951: Flubergen
1951: Andreas Olsen Hauge
1951: Noko om vilt og veiding i Øystre Slidre
1952: Valdres Folkemuseum i 50 år
1952: Noko om vilt og veiding i Øystre Slidre 2
1953: Valdres-folkeminne frå Romsdalen
1953: Meisterspelemannen Gullik Sveinson Teigstol
1954: Valdres-minne frå Romsdalen
1954: Emburt og Endre på Skjervun
1955: Valdres historielag i 40 år
1955: Kol- og tjørebrenning i 1870-åri
1956: Tradisjonen om Bæno kyrkje og Kyrkje-Bøno gard
1956: Storsmeden Tidemann NNilsson Øygarden og den allsidige sonen Eirik Tidemannson Øydegarden
1956: Meisterspelemannen Knut Nordland
1958: Lars Syverson Brenden
1959: Bendik Toreson Gausåk eller Bendik i Nø'n
1959: Tilskot til kyrkje- og kristensoge for Sør-Aurdal
1960: Fjellstemnone i gamal tid
1960: Ei haugianarætt i Sør-Aurdal og Etnedalen
1960: Bjørnen herjar i stølsbuskapen
1960: Grannelaget eller bedarlaget
1961: Professor Arne Bergsgård og Valdres
1961: Amerikabrev om Amund Eidsmoen og skipsulykka på Eriesjøen i 1862 o.a. Brev frå Knut Kleven med hustru ved K.H.
1961: Eit etteralte arbeid ved kyrkjesongar Ole Thorsrud
1962: Ein naturelskar og ein fagnamann og sumt han har fortalt
1962: Ei haugianarætt i Sør-Aurdal og Etnedalen endå ein gong
1962: Ei inventarliste over det dei gamle omgangsskulelærarane bar i skuleskrinet sitt
1963: "Svarvaren" eller Vesle-Knut på Køllstadbakka
1964: Dr. Torstein Høverstad
1965: Sigurd Islandsmoen
1965: "Svarvaren"
1966: Noko nytt om stormålaren Tidemann Øygarden
1966: Brødbaking i Nord-Etnedal
1967: Ein norsk-amerikanar som museumshjelpar og Valdres-ven
1968: 100-årsjubileumsskrift for Vinjebui og Eidsbugarden
1972: Pastor Anders Gjevre. "Den lærdeste filolog bant alle norsk-lutherske prester i Amerika"
1977: Knut Hermundstad fortel om barne- og ungdomsåri sine
1977: Livsmålet hans (Vårvon 1928)
1977: Fraa Hamar ("Valdres" 1908)
1977: Gamleheimar i Valdres ("Valdres" 1924)
1977: Endre på Skjervun
Litteratur om Knut Hermundstad
- Festskrift til Knut Hermundstad = Tidsskrift for Valdres Historielag 1958
- Minneskrift om Knut Hermundstad = Tidsskrift for Valdres Historielag 1977
- «Kva Hermundstad skreiv, eit bibliografisk riss» I: Tidsskrift for Valdres Historielag 1977
- "Aa, jeg vet en sæter" - Litt om fjell, folk og tro, artikkel av Knut Aukrust i "en vild endevending av al virkelighet" Norsk Folkeminnesamling i hundre år, av Line Esborg og Dirk Johannesen (red.)