Hopp til hovudinnhald

Julebukk og julegeit

Å gå julebukk

Frå gamalt høyrte det jula til at ungdomen kledde seg ut, og gjekk i store følgje frå hus til hus. I spissen for følgjet gjekk som regel ein eller to av dei eldste ungdomane, kledd ut som julebukk og julegeit. 

Julebukktradisjonen skal skrive seg attende til mellomalderen, og tradisjonen fanst i heile Norden. Tradisjonen har opphav frå hedensk tid, då det vart arrangert bukkeopptog og slakta ein geitebukk for å få eit godt nytt år. I mellomalderen skal òg kyrkja ha framstilt djevelen som ein person med maske og bukkehorn. 

«Bukkeberaren gjekk fyrst inn gjennom døri når dei skulle ta inn ein stad. Så kom han som bar geiti og sidan røyste heile julebukkskreidi inn» , skriv Knut Hermundstad. 

På dei fleste gardane fekk dei servert øl i ein stor ølbolle, som gjekk frå munn til munn. Ofte hadde følgjet med eigne lommelerker. Følgjet hadde gjerne peika ut kvar dei skulle sist på førehand, ofte var det til ein stad der det allereie var bedt inn til gjestebod, eller der ungdomane arrangerte eige juleball i bedargrenda. Der var det mest alltid dans. Julebukkane hadde gjerne med seg ein spelemann, og følgjet kunne bli verande til langt på natt. 

Ein kunne gå julebukk frå tredje til den tjugande juledagen, men på helgedagane var dei i ro, i følgje Knut Hermundstad. Det heitte seg at jula var over trettandedagen (heilagtrekongarsdag), men folk gjekk gjerne julebukk heilt til tjugandedagen. Trettandedagen var gamle juledagen, og tjugandedagen gamle nyttårsdagen før den nye kalenderen vart tatt i bruk i Noreg i år 1700.

Maskene

Maska som julebukken bar, var som regel laga av tre og forma som eit bukkehovud. Munnen kunne opnast og lukkast, og inni var det raudt stoff eller ein skuff med glødande kol. Trehovuda skal somme stader ha blitt trekt med skinnet frå ein geitebukk, geiteskjegg eller hestetagl. Maskene var festa til ein lang stav, dei hadde horn, og dei var kledd med skinn eller klede som utgjorde kroppen til dyret, og samstundes skjulte han som bar maska. Dei kunne òg nytte kalvehovud (Lily Weiser-Aall). 

Figurane skulle vera groteske og skremmande, og gode geitehovud kunne gå i arv i generasjonar. Eit viktig aspekt ved julebukktradisjonen er viljen til å temje si eiga redsle. 

Folklorist Anne Helgesen seier at julebukken hadde ein kontrollfunksjon som skulle lære ungane å meistre skremmande opplevingar. Ingen forsøkte å skjerme barna for julegeiteopptrinna, seier ho. Tvert imot, skremminga var lekk i oppdraginga, slik at barna skulle bli lydige og utføre pliktene sine. Etter som åra gjekk, vart ungane mindre redde for julebukken.

Sitat frå andre stader i Noreg

I Anne Helgesen si bok om figurteater finn ein skildringar frå ulike stader i Noreg, og her kjem nokre døme. Ei folkeminneskildring frå Mandal fortel: «En forskaffede sig en Stang, saa lang som en selv. Han arbeidede en kjæft, som han indrettede saa, at han kunne aabne og lukke Gabet etter Behag, farvede den innvendig rød og fæstede den til Stangen. Denne holdt han nu saaledes, at Gabet vendte frem, og satte sig derpaa i ridende Stilling; den anden ende af Stangen dannede halen, og over det hele ble en stor Skindfeld tilheftet.» 

Ein informant frå Hallingdal seier dette: «Dei tok da å sydde i hop to skinnfeller med håri ut. Så stelde det seg ein mann i kvar ende med kroppen gøymd under fellen. Den fremste bar ei stong som var slik laga at ein kunne lengje ho ut, når han kom inn i eit hus. Først såg ein ingenting anna enn skinnfellen som kom ruggande innover golvet. Men snart byrja ei stong med eit fælt hovud med ei bukkehedna å lyftas opp. Da det rakk så oppunder ein ås, byrja hovudet å bite i åsen så treflisane fauk. Det var eit tau som ein av mennene under fellen heldt i, som var i samband med kjeften. Når ein rykte i tauet, gjekk kjeften opp, og ei hard fjør i sjølve hovudet smelte han att.» 

Frå Hallingdal heiter det: «Ho var fæl og sjå til, med stavar til horn, spiker til tenner og ein kjeft full av glør.» Frå Kvinnherad vart det sagt at bukken hadde stål og flint i halsen slik at det gnistra når den gapte.

Å gå julebukk på 1900-talet

Fleire kjelder nemner at skikken med julebukk vart avløyst av den nyare tradisjonen med julenissen, men dette var nok ein glidande overgang, med ein julebukkskikk i endring. Skilnaden var oftast at julenissen gir, medan julebukken skal få bevertning (Lilly Weiser-Aall). 

Julenissen vart meir og meir vanleg frå fyrst på 1900-talet og då vart det meir vanleg at ungar gjekk julebukk frå hus til hus. Når julebukkane kom inn i ein heim, var praten mellom julebukkane og husfolket viktig. Dei som fekk gjestar ville sjølvsagt finne ut kven desse utkledde julebukkane var, og kommentarane deira gjaldt ofte røysta/stemma til julebukkane, eller eit ord eller eit uttrykk som kunne avsløre julebukken. Som oftast snakka ein om veret, kvar julebukkane kom frå og kvar dei skulle vidare. 

Julebukkane utnytta ofte den fordelen dei hadde av å vere maskerte, og gav små hint om at dei visste forskjellig om husfolket. I siste halvdel av 1900-talet døydde tradisjonen nesten ut.

Publisert 26.11.2019

KJELDER:
Lily Weiser-Aall: Julenissen og julegeita i Norge. 1954
Knut Hermundstad: Samversskikkar i Valdres. 1974 
Knut Anders Berg: Julen i norsk og utenlandsk tradisjon. 1993
Anne Helgesen: Figurteatrets historie
. 1999

JULEBUKK FRÅ MUSEUMSSAMLINGA

Denne julebukken vart laga fyrst på 1900-talet, av Martin Vingdal (1888-1958) i Øystre Slidre. Han laga den etter modell av eldre bukkar. Bukkehovudet er laga av tre. Munnen kan opnast og lukkast ved hjelp av ei snor. Inni munnen er det raudt stoff, og på toppen geiteragg og to horn. Maska er festa til ein lang stav. Ofte var det eit skinn eller klede festa til maska. Skinnet på denne bukken er av nyare dato, etter istandsetting på Valdres Folkemuseum kring år 2000. Julebukken vart utlånt og stilt ut på Nasjonalmuseet i 2023, i utstillinga "Oltre Terra. Historier om ull." VFF 4995.


Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1