Hopp til hovedinnhold

Jørgen Trøen

Minneord

  • Foto: Ingri Valen Egeland

Jørgen vart fødd 6. juni 1934 og døydde 7. mars 2021. Gravferda var frå Slidredomen 17. mars 2021. I ei tid med restriksjonar fekk berre familien vere tilstades.

Han var i mange år gift med Inger Rust frå Etnedalen (f.1933) dei fekk fire døtrer; Sigrun, Karin, Torill og Olaug. Jørgen vart ein omsorgsfull bestefar og oldefar, og stolt av kvar og ein av etterkomarane sine.

Jørgen vaks opp på Solberg i Slidre. Foreldra var Torgeir Knutsen Trøen (1901-1973) og Kari Knutsdotter Haugland (1903). Det vart etter kvart ein syskenflokk på fire, Marit Bergheim (1927-1915), Knut (1932-2017), Jørgen (1934-2021) og Kjell f. 1938. Alle fekk med seg ein musikkarv som dei forvalta godt og førde vidare.

I oppveksten var somrane på stølen ei god tid for syskena. På Trøllhøvd var det 32 stølar og kvar laurdagskveld samla ungdomane seg til dans og moro. Frå han var liten lærde Jørgen verdien av å få arbeidet gjord. Resursane var knappe på det vesle bruket, men dei verdsette livet på stølen Trøllhovd og samarbeide med dyra på garden. Særleg skulle han utvikle eit nært forhold til hest, gjennom livet åtte han rundt hundre hestar, og han hugsa namnet på dei alle.

Jørgen lærde tidleg praktisk arbeid  og alt som smågut hadde han trong for å skape og forme. På framhaldskula laga han, under rettleiing av Knut Snortheim, eit fint utførd møblement.

Jørgen var svært allsidig. Han gjekk landbruksskule på Leira i 1953 og overtok farsgarden Solberg i 1960, og dreiv ein annan gard i tillegg.

I mange år var han vaktmeister på Studentsamskipnaden i Oslo, og han vart livdyrkonsulent i Hed-Opp, no Nortura.

Jørgen starta campingplass og dreiv Slidre hestesenter frå 1974. Her samla ungdomane i bygda seg, her vart det rideleir og tilbod til turistar. Jørgen fekk fram fleire gode tråvhestar og deltok på løp på Vikodden, Bjerke og Momarken.

Lokalpolitikaren Jørgen var respektert, anten folk var einige eller ueinige i sak såg dei at han skjøtta verva sine med integritet og til beste for bygda.

Jørgen vaks opp i ei tid med mykje song, dans og musikk i Slidrebygdane. Han var sjølv ein god musikar, nykkelharpa vart hans instrument. Han kunne mange låttar, særleg godt likte han dei på låg bas. Han laga også låttar sjølv, som «Eggjaren» som broren Knut spelte i eit opptak frå 1983, og som kom ut på plate i 2003. (Laget for folkemusikk, i solo og samspel, TA:LIK 2003).

I Valdres radio har dei mange opptak  der brødrene Knut, Kjell og Jørgen spelar og systera Marit las dikt. Eit program om joletradisjonar merka seg ut, og vart ofte sendt i reprise.

Ofte var Knut spelemann når Marit og Jørgen dansa, og dei tre brørne spelte også i lag i mange år, familietradisjonane var deira felles arv. I 2006 fekk Jørgen og broren Knut Haldor Røynes ærespris for si store innsats for musikken og dansen i Valdres.

Kristian Tvenge vart fyrste læremeisteren hans Jørgen i dans, seinare Alfred Mørken og andre i hans generasjon. I hovudsak var det springaren etter Gullik Kirkevold som prega dansen til Jørgen. Ofte dansa han med syster si Marit, og seinare med dottera Karin.

Jørgen starta Slidre Gamaldans i 1969, det vart stor oppslutning om laget. Då han tok initiativ til midtsumarleik på Slidreøya, møtte tusenvis av folk fram, og i 1977 vart det fjernsynsprogram av dette. Jørgen var òg sentral i dei to fjernsynsprogramma NRK laga på Jørn Hilme-stemnet i 1975. Han hadde dansa mykje på kappleiken heilt sidan starten i 1960. På dette fyrste stemnet vart han kåra til den sterkaste karen i Valdres, då han letta ein lyftestein som i dag ligg nær Tvengestølen på Storøya.

Han dansa på konsertar og opptredde på festivalar og konsertar i mange europeiske land, men og i Amerika. Då Fjellfolket drog til Polen i 1976, var Jørgen med. Same året vann han landskappleiken i lag med Marit Bakken.

Jørgen var med å prega Jørn-Hilme-stemnet gjennom 60 år. Ofte sto han øvst på resultatlista, like ofte sat du ved domarbordet. Som ein del av ein musikalsk storfamilie bidrog de alle på så mange vis gjennom åra.

At Jørgen var musikar kunne ein òg sjå på dansen, mange sette stildansaren Jørgen høgt, og ikkje sjeldan vart det applaus når han snudde rundsnuen! Han tok opp arven etter Sigrid og Knut Snortheim i ungdomslagsarbeid og samla ungdomen til kurs. Han var instruktør på dansekurs på ungdomsskula, og tallause kurs i gamaldans og springar held han, ofte med dottera Karin til god hjelp. Jørgen vil bli hugsa for dansegleda, ferdigheit på dansegolvet og på kappleiksena og gleda over å kunne følgje musikken i kvart steg og i kvart eit vek og tone.

Valdres Folkemuseum hadde ein stor plass i hjarte til Jørgen, han fargela dei små og store hendingane her med hesteskyss og staseleg framferd. Han bidrog med hesten i oppsetjinga av Sol av Isfolket på Valdres Folkemuseum, og var ei god støtte for nervøse skodespelarar. I 19 sesongar køyrde han hest på museet, og då kongeparet vitja Valdres i 2010 fekk Jørgen æra av å køyre dei.

Jørgen sto på for å få Slidrehuset, bygd i 1903, til Valdres Folkemuseum. Han var leiar i Slidre gamaldans då dei kjøpte huset og ga det til museet i 1973. Han berga også Einangferga frå å bli brent, også den er no på Valdres Folkemuseum.

Minnegåva etter Jørgen skal gå til å forvalte Slidrehuset og Einangferga.

Jørgen representerte det beste i Valdreskulturen, songen, spelet og dansen, og han stilte alltid opp når nokon måtte ta eit ekstra tak. Han evna å gleda seg over andre som dansa og kosa seg. Han var inkluderande og tenkte på alle. Til fleire som gjekk bort i folkemusikkmiljøet skreiv han minnedikt.

No har kraftkaren slutta å lyfte, 
dansaren har takka for dansen. 
Hestekaren har knytt opp taumane og spent frå vogna. 
Takk for turane og kvil fred.

Fagernes, 14. april 2021, Jan Arne Sebuødegård og Elisabeth Kværne

  • 1/3
    Slidrehuset vart bygd i 1903 og flytt til Valdres Folkemuseum i 1973. Dette biletet er tatt under Jørn Hilme-stemnet i 1974. Ukjent fotograf. VFF 4-002811.
  • 2/3
    Einangferga, 1961. Ferga vart flytt til Valdres Folkemuseum sist på 1960-talet. Ukjent fotograf. VFF VS-4158.
  • 3/3
    Jørgen Trøen var kusk under kongeparets besøk på Valdres Folkemuseum i 2010. Jørgen og hesten hans var elles modell for skulpturen i Fagernes sentrum. Foto: Fredrik Calmeyer.
Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1