Hopp til hovudinnhald

Ingar Ranheim

  • Ingar Ranheim. Foto: Anne Marit Noraker

Eg vil få bera fram ei helsing og ein takk på vegne av styret, tilsette og tidlegare kollegaer ved Valdresmusea. Ingar var ein fagleg svært dyktig, høgt akta og godt likt kollega. I dag er vi fylde av eit stort sakn og endå større vemod.

Valdres Folkemuseum var arbeidsplassen til Ingar i 34 år. Sjølv om han helst vart omtala som folkemusikaren og -dansaren, var han ein like stor kapasitet i det norske museums-landskapet. Som forskar og utøvar stod han i ei særstilling i museums-Noreg.

Ingar vart ansatt på museet i 1986. Men samlivet med Valdres Folkemuseum starta allereie i 1971 då han vart del av det berømte folkemusikkprogrammet. Glansdagane frå 70-talet med pokerspel og festar fekk vi høyre mykje om. I 1997 vart Ingar direktør. Det var han fram til 2003. Då gjekk han over i rolla som konservator fram til han slutta i 2020.

Sjølv om det var dansen og musikken som stod i sentrum for Ingar sin forsking, så fokuserte ikkje han på utøving av musikk og dans aleine. For Ingar var tradisjonskulturen ramme omkring så mykje meir, til dømes spørsmål om identitet og tilhøyr.

Det siste store arbeidet hans var ein artikkel frå 2020 publisert i Musikk og tradisjon, «Frå pardans og laus til tur og orden – om den norske hallingdansen».

Ingar leia museet gjennom den kritiske konsolideringsreforma frå slutten av 90-talet. Han hadde trua på dei mellomstore løysingane, og han såg at museumsreforma kom til å bidra godt i den allereie desentraliserte kulturpolitikken i Oppland.

Ingar var museumsmann i ei brytningstid og han var oppteken av at museet måtte virke i samtida og bidra godt i dei faglege og politiske diskusjonane. Han var framsynt og modig, og han våga å stille spørsmål der andre valde å teie. Ingar introduserte på mange måtar det moderne museet. Det er i denne tradisjonen vi jobbar i dag.

Så gjekk åra. Ingar vart sjuk. Vi såg utviklinga, og vi fann løysingar for korleis vi skulle ha det. Men vi såg òg kor strevsamt han hadde det. Då var det godt å kunne legge seg nedpå, og dei siste åra hadde han ein divan ståande på kontoret sitt. Den var god å ha.

Ingar hadde stor omsorg for dei som tok på seg leiaransvaret etter han sjølv. Han visste kor einsamt det kunne vere, og han såg at dagane kunne bli lange. Så eg fekk låne divanen hans. – Berre legg deg her om du treng ein kvil, sa han. Så då gjorde eg det, la meg nedpå, sov ein liten dubb, eller titta nysgjerrig på Ingar sine bøker i hyllene. Det er òg eit minne, og det illustrerer kor omsorgsfull og snill Ingar var.

Takk for at eg fekk låne divanen din, Ingar. 

Ole Aastad Bråten, direktør ved Valdresmusea

Museum24:Portal - 2024.10.08
Grunnstilsett-versjon: 1