I 2014 feira vi dei demokratiske tradisjonane våre. I rusen av Grunnlovsjubileet skimtar vi den framsynte 1814-generasjonen. Vi har hegna om ideane deira, men late husa dei bygde rotne på rot. Bygningsvernet må organiserast betre.
Utanfor Halden står herskaplege Vevlen, ein herregard frå 1812, bygd av eidsvollsmannen Carl Adolph Dahl. Vevlen er eit klassisismens tempel i ein europeisk utpost. Ein gong skein det av Vevlen. I dag har naturen teke attende den gamle bygningen. Om ikkje lenge er 1814-minnet Vevlen historie.
180 km nord for Vevlen ligg Eidsvollsbygningen, eit viktig nasjonalt minnesmerke. Huset har ei ikonisk kraft og er eit av dei fyrste nasjonale kulturminna vi blir kjende med. Bygningen er eit viktig monument over dei som skreiv Grunnlova, men fortel òg om norsk industrihistorie og korleis europeiske stilideal fann vegen til karrige Noreg. Men, medan Eidsvollsbygningen i 2014 fekk eit antikvarisk løft, fall Vevlen ned. Kvifor lar vi dette skje? Snakkar ikkje eigarar og statlege myndigheiter saman?
Det skal helst skine av historiene og vi trivst best når vi får skine med dei. Då direktøren ved Eidsvollsbygningen foreslo full restaurering av den gamle bygningen, var ikkje Staten sein å be. 380 millionar kroner har det heile kosta. I jubileumsåret sat pengane laust hjå statlege styresmakter. Riksantikvaren vedtok fredingar og statsrådane kasta glans. Bygningsvernet skulle få ein oppsving. Det vart med tanken.
Kostar å vere kar
I 2005 slutta Stortinget seg til nye mål for kulturminnepolitikken. Innan 2020 skulle alle freda hus vera sikra tilfredsstillande vedlikehaldsnivå. – Urealistisk, meinte fagmiljøa den gongen. Og får truleg rett. Skal ein nå Staten sine mål for bygningsvernet trengs ei reorganisering og av sektoren og 165 millionar kroner – kvart år fram til 2020. Det skjer neppe.
I 2015 brukar Staten 650 millionar[1] på kulturminnevern i Noreg. Riksantikvaren blir drive for 130 millionar medan 120 millionar skal sikre vedlikehald av freda bygningar i privat eige. Norsk kulturminnefond (statleg forvaltingsorgan) gjev støtte til istandsetting av verneverdige bygningar i privat eige. Fondet fekk ei budsjettauke i år og har dei siste ti åra delt ut over 300 millionar kroner til 1694 prosjekt. Fondet melder likevel om store etterslep.
Musea forvaltar òg store deler av bygningsarven og mottek litt over ein milliard kroner i årleg støtte frå Staten. Men, museumsoppgåvene er mange og berre ein liten del av statsstøtta går til bevaring av dei 4800 kulturhistoriske museumsbygningane. Musea brukar òg fåe ressursar på bygningsvernarbeid utanfor museumsskigarden, til trass for at det i musea finst kompetanse som kunne koma alle aktørane til gode. Framtida for bygningsarven handlar ikkje om pengar til Riksantikvaren og Kulturminnefondet åleine. Skal ein sikre bygningsarven må musea med. Musea har vilje, men manglar grønt lys frå Kulturdepartementet.
Det er ei litt underleg organisering av kulturminnevernet i Noreg. For, medan Riksantikvaren og Kulturminnefondet rapporterer til Klima- og miljødepartementet, skal dei om lag 4000 museumsarbeidarane rapportere til kulturministeren. Kunnskapsministeren har ansvar for tilvekst av handverkarar til bransjen, og bønder, som får støtte til særskilte kulturminnetiltak i landbruket, rapporterer til landbruksministeren. Ordninga er elles sterkt redusert. Klima- og miljøministeren har eit overordna ansvar for at ein når dei nemnte 2020-måla. Heng du med?
Reorganisering av feltet
Klima- og miljødepartementet har høge tankar om korleis musea skal sikre bygningsarven, til trass for at musea høyrer heime i Kulturdepartementet. «På mange områder har museene og kulturminneforvaltningen felles interesser og forholdene ligger godt til rette for samarbeid», står det i St.melding 35, «Framtid med fotfeste» (2012–2013).
Kulturdepartementet er lunke til eit slikt samarbeid. I St.melding 49 «Framtidas museum» (2008–2009) er bygningsvern knapt nemnt, sjølv om musea forvaltar dei største konsentrerte samlingane av verneverdige hus i landet. Musea skal konsentrere seg om eigne samlingar. Private huseigarar får klare seg sjølve. Er det slik musea skal utøve sitt samfunnsansvar? Skal ikkje arbeidet ved musea koma samfunnet utanfor museumsskigarden til gode?
Look to Oppland
I Oppland, som rår over mesteparten av dei freda og verneverdige bygningane i landet, har bygningsvernrådgjevarar tilknytt musea vore viktige støttespelarar for private huseigarar. Ved Valdresmusea har ein sidan 2010 skipa til kurs for 300 huseigarar. Ved Mjøsmuseet har ein ytt tenester til 230 huseigarar. Det er eit mål at huseigarane sjølve tek vare på husa sine. Bygningsvernrådgjevarane i Oppland bidreg til at dette skjer.
Tiltak
Dei fire ministrane bør snarast ta ein prat om korleis dei saman kan nå dei nasjonale 2020-måla. I møte kunne dei til dømes drøfte følgjande tiltak:
1. Samle kulturminnefeltet: Ei nasjonal satsing vil best kunne gjennomførast dersom ein samlar sektoren i eitt departement, gjerne Kulturdepartementet. Statsråd Widvey rår allereie over ein viktig sektor og kompetanse for bygningsvernet: museumssektoren.
2. Gje musea større ansvar: Som lekk i arbeidet med ei kommande kommunereform må musea få ei viktig rolle i arbeidet med regional utvikling, og som bidragsyter i regionalt og nasjonalt bygningsvernarbeid.
3. Tilsett bygningsvernrådgjevarar i alle fylke: Styrk museumssektoren gjennom tilsetting av bygningsvernrådgjevarar ved regionmusea. Syrg òg for at museumssamlingane blir tekne i bruk som arena for eit framtidig kurs- og kompetansehevingsarbeid.
4. Styrk Norsk kulturminnefond: Auk den årlege tilskottsramma i Kulturminnefondet til 200 millionar kroner og opne for søknadar frå museumssektoren.
5. Styrk Norsk kulturråd: Auk overføringane til Norsk kulturråd sitt arbeid med kulturvern og museumsutvikling, og stø prosjekt knytt til sikring og forvalting av bygningsarven.
6. Musea vil vera med når bygningsarven skal sikrast for framtida. Då trengs ei reorganisering av sektoren og synlege løft på dei framtidige statsbudsjetta.
Publisert i 2014