Hopp til hovudinnhald

Hyttelivet på godt og vondt

Foredrag

  • Foto: Jens Robøle. VFF VS-3.35.

Ja, altså, eg har den fordelen at eg kjenner Valdres og fjellet og hytta både innanfrå og utanfrå. Så no skal eg gjera eit forsøk på å gjera greie for det.

Eg har delt det inn i fire kapittel: Fjellet, Valdres, hytta, korona.

Ein ting: Eg kan no feire 50 år som hyttemann. Då familien Norheim skulle flytte ifrå Slidre for snart 50 år sidan, ville foreldra mine og ei tante og ein onkel at me skulle ha ein stad i Slidre-fjellet. Det vart ei ny hytte innunder Svarthameren, nesten innpå Syndin, sett opp av Olav Riste og familien.

Far min, presten, skulle ha alle papir og formalitetar i orden, noko som ikkje var heilt vanleg den tida ved kjøp og sal tå eigedom. Så lensmann Smedhaug som representant for lov og rett, fortalde etterpå, har e fått høyre, at han aldri før hadde skrive under på noko skjøte på ei så dyr hytte. Familien Norheim betalte nemleg ingen ting under bordet. Men heile summen svart på kvitt på dokument.

Det var også ei tid.

Kapittel 1: Fjellet

Å, det er så fint i fjellet, seier me. Og meiner det.

Men fjellet har ikkje alltid vore fint. Fjellet har vore ufint, vilt, farleg, stygt, unødvendig for somme, livsnødvendig for mange. Men ikkje fint. Ikkje før no.

Fjellet har vore nyttig. Fastbuande valdrisar har hausta i fjellet. Fiska aure og øbbør. Plukka mølte og tytebær. Mjølka kyr og geit. Skøte rein og bjørn. Austi fjellet jakta dei gudbrandsdøler. Vest fjellet jakta dei hallingar.

Det var eit slit i fjellet, akkurat som nedi bygda. Om dei hadde ein følelse tå friheit? Kanskje? Jegerane slapp kvinnfølkmas. Men dei måtte vera fullt konsentrerte og passe på bevegelsemønster og vindretning. Kvinnene fekk vera på stølen i fred for karar og husmenn, heile veka, men dei hadde ansvar for barn og kyr og geit og gris og ysting og kinning.

Friheiten kan ha kome med nasjonalromantikken, midt på 1800-talet. Det er då Tidemand og Gude dreg til fjells med målarskrin.

Når ferdafolket kjem til Valdres, bruker dei fyrst fjellet berre på gjennomreise. Gyda skulle vera au pair i Høresbygde, og måtte vel dra over Filefjell for å koma dit. Olav Digre kom kanskje over Syndin og Dingladn og ned Trillebakkadn til Slidre for å splitte og herske og halde ting ved tingsteinen på austsida tå Slidrefjorden. Kong Sverre drog kanskje skipa sine over Syndin og ned Tidleidalen på veg til Vika.

Fjellet var ein gjennomfartsveg, med tæla bakke og lettkjørte sleper og løyper. Nedi lia og dalen var det gjerne blautt og tett med skog.                     

Det er berre dei siste 200 åra at fjellet har vore fint. Ja kanskje ikkje så lenge heller.

Då unge Knut Vole gjekk opp på Galdhøpiggen, for sirka 150 år sidan, og kom ned att og fortalde folk at han hadde vore på Piggen, så fekk han til svar, «kofør det då?»

Ho Brita Brenna, oppvaksen på Vaset, no professor i museologi, ho skriv i ei bok som heiter Utsikter om då kongeparet i Danmark-Norge, Christian VII og Sofie Magdalene, drog gjennom Norge i 1733. Dei var borte i fire månader og elleve dagar, saman med eit følgje på nesten 190 personar – med bagasje, pjank, pargas. Dei måtte ha mykje bagasje, for både dronninga og dronningmora var med.

Dei overnatta på norske bondegardar, helst storgardar, og mange stader var det laga portar og portalar – av gran, nedi bygda.

Turen gjennom Norge gjekk over Dovrefjell. Den gongen var det vanleg å bruke ord som skjønt, pittoresk eller sublimt. Slike ord var i bruk den gongen. Men korkje kongeparet eller det store følgjet deira bruker slik ord om det dei såg. Ikkje til fjells. Det var ikkje aktuelt. Landskapet var ikkje vakkert i seg sjølv. Landskapet berre var der.

Det var hus og vegar og bruer og skog som gjorde landskapet interessant. Det kan virke som det mest eksotiske for danskane var granskogen.

Då dei kom heim att, fekk dei innreidd hagen sin med ein skogkrull av gran, ikkje med utsikt i ope lende. Noko som er interessant, er at dei innreier hagen sin på slottet sitt med dansk og norsk landskap.

Fordi det er vakkert? Nei, meir som eit minne, om eg forstår Brita rett.

Så enno er ikkje landskapet og naturen og fjellet vorte vakkert.

Det skjer seinare.

I 1799 er det ein fransk danna mann, Jacques de la Tocnaye, som må dra frå Bergen til Christiania, ein strabasiøs tur i snø, bondestover og kulde. Vegen ned frå Filefjell skildrar han slik: «Nedanfor Tyin, der eg overnatta, blir landskapet vakrare, idet ein kjem gjennom ein tett befolka dal der ein her og der støyter på minnesmerke over gamle nordmenn, for eksempel runesteinar og gravhaugar.»

Det kjem seg når ein kjem ned frå fjellet.

For 200 år sidan var det ein ung løytnant som var teiknelærar og landmålar som budde i Christiania. Gerhard Munthe heitte han. Sumaren 1819 skulle han heim att til han far og ho mor i Kroken i Sogn. Han hadde med seg ein kamerat, ein dansk kunstnar som heitte Johannes Flintoe. Karane la i veg oppgjennom Hallingdal og ned til Sogn. Når sumaren var over drog dei til Christiania att – gjennom Valdres.

Det var slik Valdres vart oppdaga, på ein måte.

Det var mykje natur å sjå på turen – natur og følk og dyr og gardar og stølar og høge fjelltoppar og bratte djuv og elvar og fossar, og komiske situasjonar. Johannes Flintoe må ha syntest at både dalen og fjellet var fint å sjå, for han teiknar det så fint.

Etter kvart vart fjellet finar og finar, og i 1840-åra drog Tidemand og Gude og fleire andre kunstnarar til fjells, og fjellet vart aldeles nasjonalromantisk.

Ein kollega og kamerat oppdaga Valdres på same tida: Wilhelm Carpelan.

Sjå den fine utstillinga ved inngangen, som Anne Marit Nordaker og Ingri Bolstad her ved museet har laga.

Diktarar og studentar og byfolk drog til fjells, slik som Aasmund Olavsson Vinje og «felagane hans» - til Eidsbugarden.

Kapittel 2: Valdres

Og då er me i Valdres. Vinje skildrar fjella mellom anna slik, då han skulle skrive om hytta han var med og spleisa på, der me i dag kallar det Eidsbugarden:

Eg plassen valde etter syn på mange,
ved Bygdins vestre ende på ein tange.
Frå logne heim der ser du tinder vaja,
og Slettmarkhø som likjest Himalaya. –
Med kvite lokkar stend ho i tankar,
so nett som hægste tinden Gaurisankar.

Kvifor drog folk til Valdres? Til fjells i Valdres? Sikkert noko tilfeldig. Folk drog ikkje berre til Valdres, me må hugse på det.

Så kan me lure på: Kvifor dreg folk? Kan dei ikkje halde seg heime? Å dra, å reise, er eit velstandsfenomen, eit danningsideal, eit tidsfenomen. Fileas Fogg skulle reise jorda rundt på åtti dagar. Kommandør Farragut skulle fara «jorda rundt i kavbåt». Jules Verne skreiv om folk som reiste. Rikfolk har alltid reist. 

I Christiania fekk folk seg løkker og landsted utanfor byen. Grüner fekk seg ei løkke utanfor byen: Grünerløkka. Brørne Homan skapte Homansbyen. David Bolt kjøpte det som vart Bolteløkka. 

Rikfolk og kunstnarar drog på landet. Knut Hamsun drog til Frydenlund for å koma seg att i frisk fjelluft – men nede i bygda. Hauk Aabel drog til Hausåker. Svenskeprinsen Eugen drog til Fosheim.

Så drog dei etter kvart oppi skogen. Fosheim Sæter vart det heitande oppi Svedalen.

På Fosheim Sæter var det sanatorium, akkurat som på Tonsåsen. Om Fosheim Sæter heiter det i «Illusreret Reisehaandbog over Valdres og Land» i 1902 at «Beliggenheden er meget lun, da Sanatoriet er omgivet af Gran- og Birkeskog, dekket mot nordvest, nord og nordøst af betydelige Høider, der danne et godt Værn mod kolde nordlige Vinde. Trægrensen gaar derfor ogsaa opover Fjeldsiderne, ligesom Vegetationen er særdeles frodig i Forhold til Stedets Høide over Havet».

Det var ein øystreslidring som hadde skrive den reisehandboka: G. Th. Windingstad, eller Gølik Tølleivson Venningstad som dei vel sa austa åsen. Han var far til Anna Stordahl og Arne Windingstad.

Tilbake til Fosheim Sæter anno 1902: Dei reklamerer med «varmt Bad med tempereret (eller kold) Dusch. Kr. 0,50. For kold Styrt eller Dusch Kr. 0.25.»

Og ein ting, som imponerer oss i dag: «Post ankommer 4 Gange ugentlig».

Elles var det fullt av hotell og pensjonat i Valdres for meir enn 100 år sia:

Av sirka 30 hotell og liknande langs Rute I  Valdres, frå Begnadalen til Filefjell, er 18 nede i bygda, 12 i fjellet – og av dei igjen tre sanatorium. (Med alle forbehold).

Valdres sett utanifrå

Sjølv om G. Th. Windingstad er øystreslidring, journalist i Samhold på Gjøvik i 1902, så klarer han å sjå Valdres utanifrå, med tanke på tilreisande.

Ein annan valdris som ser Valdres utanifrå, det er ein vangsgjelding, ein filosof og pedagog som heiter Torstein Høverstad. Og han kan ta i, i si analyse av dalen og fjellet. I Den norske turistforenings årbok i 1939 skriv han det slik: 

«Framum alt er valdrisen merkt av fjellet. Det er hans umsissande riksom at han å kalle er vaksen upp på fjellet; har fått det til den og leikekamerat frå barneåra. Vinteren kan vera streng og strid; han pressar alt folket samen nede i dalen. Heime på gardane; og vetterkjøving legg seg yver alt yrande sumarliv. Fjella stengjer, kuver, dalen blir so trong, Valdris so lite og livlaust, hug og sansar får so annsamt med eige sjæleliv. Det kann føra til gruvling og sårt sjæleliv. Oftare vèn det folk til å akta på kvarandre, kvessa kritikken sin på kvarandre, ala upp sladder. Kroppsleg og sjæleleg blir det so trongt, so ufritt, so smålegt. Natura vert for hard, fjella for høge, trolla for sterke; det åndsborne i menneska står i fare.

Men so kjem sumaren og opnar fjellet for store og småe; …» held han fram, og då kjem det seg.

Han tek skikkeleg i når han skriv, slik var Hermundstad, slik var tida. Og han skreiv truleg under tidspress  for å få ein årbokartikkel ferdig.

Ivar Aasen var i Valdres, han var mange stader, og han ser ut til å kome i god kontakt med bygdefolket. Han skriv i Reise-Erindringer i 1845:

«Forøvrigt synes Valdreserne at være ligefremme, vennlige og muntre Folk, Ligesom andre Fjeldboere sætte de megen Pris paa Legemsøvelser og Styrkeprøver. …»

Ein kan lure på kva det er med Valdres, sidan dalføret og valdrisane har fått så mange karakteristikkar.

Eg trur Valdres er ein ganske vanleg dal med ganske vanlege folk. Det er meir snakk om at når me kjem utanfrå, så legg me merke til det som kanskje er spesielt. Og så er det som ei forventning om kva me skal møte.

Me skal møte ei koseleg dialekt, me skal møte folk som er laga av heil ved, gjerne ein bonde eller ein grynder, me skal møte folk som er glad for at me kjem, me skal møte folk som møter oss med respekt, me skal møte folk som har god tid, for det har me når me er på ferie, me skal møte folk som er naturmenneske, me skal møte folk som ikkje knotar men som det likevel går an å forstå, me skal møte folk med pussige ord og vendingar og ein god replikk som me kan herme etter, me skal møte folk som tek mindre betalt enn inni byen, mindre betalt for timen enn me sjølve gjer i våre yrke, me skal møte folk som set pris på at me handlar lokalt, me skal møte folk som er einige med oss i livsens store spørsmål som skatt, hyttefarge, utelampelys, språkspørsmål.

Og ingenting av dette stemmer. Nesten ingen ting.

For me er lite sære, me hyttefolk. Me er nok hyggelege, mange tå uss, så lenge det vara.

Men kven er ikkje det?

Avisa Valdres skreiv på leiarplass her ein dagen om ei perfekt hyttedame som kjøper alt lokalt i Valdres, anten ho skal ha gjort noko her enn der.

Og ingenting er vel betre enn det. Og var det berre mange slike.

Ein del andre stiller vilkår for å vera greie.

Då Sør-Aurdal kommune skulle innføre eigedomskatt, var det ei anna hyttedame som skreiv i Valdres at no ville ho handle inn før ho drog til Valdres. Akkurat slik som eg. Eg fyller ofte diesel i Ådalen, for den kostar fort tre kroner mindre for literen enn i Valdres. I dag var det berre ei krone i forskjell. Og det er jo eit lokalt næringsliv i Ådalen med, akkurat som i Valdres. Men eg handlar mat og avis på Fagernes eller i Ryfoss.

Ein kan fort frå eit feil inntrykk av hyttefolk med å lesa avisa Valdres. For dei som skriv der, av hyttefolk, dei skriv helst når dei er frustrerte og føler at dei ikkje vinn fram med det dei går og ber på.

Det finst mange døme på det. Her eit par døme:

Ein hytterepresentant skreiv for å forklare forskjellen på ei hytteforeining og andre lag og foreiningar:
«Hytteforening er ikkje nioen alminnelig interesseforening på linje med Jeger- og fiskerforbundet, idretts- eller historielaget. Vi representerer en gruppe som ved sitt kjøp av hytteeiendom, hyttebyggings- og hyttevedlikeholdstjenester har investert mer enn noen annen …, og med et flergenerasjonsperspektiv for de aller fleste. …»

Så der fekk dei den, alle dei som har investert i hus og heim og arbeid og frivillig innsats i idrettslag og musikklag med dugnad og verv og oppgåver for vaksne og barn og tilreisande – i eit fleirgenerasjonsperspektiv.

Ein som no for tida ser Valdres utanifrå, det er Oslo-journalisten Håvard Rem i Dag og Tid. Han har vore i Valdres og skildrar mellom anna dalen slik:

«I bukhola til Noreg, inst i landet, ligg nyreforma Valdres som eit indre organ, hjartet truleg, eller ein indrefilet.» Og så har han gjort det same som eg ville gjort om eg var ein Oslo-journalist og skulle besøke eit distrikt, snakka med bønder og grynderar.

Men såkalla lønstakarar er det ikkje så mange som snakkar med. Men det er dei det er flest av.

Så no vil eg avslutte denne stunda med det som så langt er siste del av Syndin-songen:

Her i vår så kom ein skummel pandemi.
Så e tenkte e sku dra på hytta mi:
Ja reise langt til fjells i fred åleine,
ikkje vera heime,
leva smittefri.
Ja for hytta kunne bli ein fin kohort
der e kunne drive med lite tå kort. 
Men e vart nekta opphald tå kommuna,
trur du at det muna
gå te advokat?
Midtre Syndin, der du ligg så fin.
Koronalaus og feberfri
vil e gå ein tur på ski
aller helst når sole skin.
Midtre Syndin, vera der ei ri,
med rummebrød og spekjifat,
eta joikakakemat,
i eksil på hytta mi.

Kapittel 3: Hytta

«Ja! Det var snaudare i bua enn ventande kunde vera», skreiv Vinjes turkamerat H. E. Berner når han karakteriserer hytta til Aasmund OlavssonVinje ved Eidsbugarden:

«Ikkje fanst det ein turr vedpinne i huset. Ikkje var det mose eller lyng, ennsegje halm til å liggje på. Det var eit emne til ei seng, men berre med 3 eller 4 fjøler i botnen, så det var ¼ meter mellom kvar fjøl! Peisen stod inni ei sval fyre buromet, so dette ikkje kunde bli uppvermt, um ein elda aldri so mykje på peisen.»

Ikkje rare hytta altså.

Lenge var både mykje fritid og ei hytte å tilbringe feriedagene på, eit privilegium for dei få. Men på 1900-tallet skjedde store samfunnsendringer som la grunnlaget for den hyttekulturen vi kjenner i dag.

Velferdsstaten tok form, og klasseforskjellene ble mindre. Åttetimersdagen ble innført i 1919, og man fikk tre uker lovfestet ferie fra 1948, noko som la grunnlag for det nye fritidssamfunnet, skriv etnologen Arne Lie Christensen. Han har skrive ei hyttebok som heiter «Ut i det fri. Livet på setra, hytta og landstedet».

Og då eg dreiv med «Den mellomstore hytteboka», på denne tid i fjor, fekk eg veta at det no for 110 år sidan, i 1910, vart lodda ut ei hytte til inntekt for det nye museet på Fagernes, det som i dag heiter Valdres Folkemuseum, der eg i dag er gjest i Venelaget.

Det var «Lutspelet aat Valdrissamlingi til inntekt for ei bygdesamling av gamalt fraa Valdris.»

«Berre 50 øyre lutnummeret!» «Største lutspelet paa landsbygdi Norig. For berre 50 øyre kann du vinna upp til 2,400 kr. verd. Prøv!» «Godkjend av politimeister og amtsmann.»

Dei hadde fått tak i 367 gevinstar. Fyrstepremien var ei tømmerhytte. …

--

Det er mange hytter i Valdres. 20 000 for å ta eit rundt tal. Så godt som alle hyttene ligg på fjellet. Kofør det? Det er vel gjerne fordi mange syns det er fint i fjellet. Og så er det vel fordi det er der det er råd å få seg hytte no, for dei som har råd til å få seg hytte. For dyrt er det. 

Hytter nedi bygda finst vel nesten ikkje. Men nokre: Midt i Slidre, i Vestre Slidre, der eg vaks opp, gjorde riksveg 60 to svingar svingar på seg mellom kyrkja og Slidretun. Fyrst var det Stupulsvingen, så kom Hyttesvingen. Der budde søstrene Breiholtz i eit enkelt hus som nærmast var ei hytte. Det var ei hytte til der. Hyttene var skilt ut undå Skogen, på prestegardens grunn. Og så fanst det ei hytte her og der nedved Slidrefjorden, men ikkje mange. 

Fyrst på 1900-talet, for meir enn 100 år sia no, begynte det å koma nokre hytter og hytteturistar. Gjerne til Tonsåsen, Nøsen, Filefjell. Til Tonsåsen kunne du ta toget. Til Nøsen måtte du ha hest og slede eller gå. Til Tyinkrysset kunne du etter kvart koma med buss. Det same til Beitostølen, når det vart brøytt dit.

Etter 1960 og den tid kjem det fleire hytter. For då får mange menneske ordna arbeidstid, ferie og søndagsfri, løyve til bil og råd til bil, og råd til ei enkel hytte. Både byfolk og fastbuande. Det kjem hytter på Vaset, Syndin, Yddin, Beitostølen, Tyin, Kruk, Tonsåsen og andre stader eg ikkje er kjent. Stølen er jo også ei slags hytte for folk, i påska, om sumaren. Og stølar fanst det jo over alt.

--

I ein statistikk frå Statistisk sentralbyrå inn me at det ved inngangen til 2020 var totalt 18.520 hytter i Valdres. I dagens Valdres les me at Privatmegleren i Valdres sel minst ei hytte per dag. Og endå er ikkje dette det einaste meklarhuset i Valdres. 

Den 50 år gamle hytta eg eig ein del i, vart sett opp etter instruks på eit rundskriv frå Vestre Slidre kommune datert januar 1967, etter «Regler om hyttebygging etter bygningsloven av 18. juni 1965», mangfaldiggjort på spritduplikator med svak blå skrift. Der heitte det seg at «… Bebyggelsen skal plasseres slik at den bryter minst mulig med naturpreget i området. Utsiktspunkter av særlig interesse for allmenheten og punkter og partier som har særlig betydning for landskaps-karakteren skal ikke bebygges». Og vidare: «Det skal være minst 20 meters avstand fra bebyggelse til gangsti eller kjøreveg som er åpen for allmenn ferdsel (avstanden regnet fra vegens midtlinje.» Og det er meir: «Høyden på hus og grunnmur skal holdes så lav som mulig.» Slik var det den gongen. I dag er det omvendt.

Hyttene forandrar seg, og det same gjer me.

No ligg hyttene midt i stien, ikkje minst 20 meter derifrå. «Utsiktspunkter av særlig interesse for allmenheten og punkter og partier som har særlig betydning for landskaps-karakteren» blir bebygd som berre det. Og det er ikkje lenger dekning for å seia at «Høyden på hus og grunnmur skal holdes så lav som mulig». 

På side 34 i Den mellomstore hytteboka siterer eg den kjende museumsstyrar og bygdebokforfattar og folkelivsgranskar Knut Hermundstad. I 1964 skriv han det slik, i Valdres Bygdebok band 5: «Ei form for turistferdsle er hyttelivet. Utanbygdsbuande folk har i dei siste åri kjøpt seg tomter av bønder, sameigor eller statsålmenningar og har sett seg opp hyttor, som dei bur på i feriane. Sume har og kjøpt ferdige hyttor eller sel. Denne form for tuistferdsle har auka frå år til år. Ofte er det utflytte valdrisar som har fått seg hytte i heimbygdi. Men det er og ei mengd byfolk og andre utbygdingar som har fått seg hyttor i Valdres-fjelli. Her likar dei seg godt, og dei aller fleste er velkomne i feriane sine.»

Siste ti-året er det oppført 3 000 nye fritids-bustader i Valdres, melder avisa Valdres.

Kapittel 4: Korona

Så var det koronaen. Den har gjort noko med oss. Me har vorte meir redde for ein an. Redde for smitte. Og spesielt redde for smitte inni byen. Ikkje på fjellet. Og det er noko i det.

I vår vart landet vårt «nedstengt» som det heitte. Regjeringa tok grep: Statsministeren snakka om næringslivet, justisministeren snakka om etterveksten sin og helseministeren snakka om dugnad.

Her i Valdres var det ein hyttemann som skreiv i avisa at han var «en annenrangs innbygger». Det var fordi hyttekommunen hadde sendt ein sms til hytteeigarane om at me ikkje skulle koma no – og som han sa: «lenge før sentrale myndigheter lagde forskrifter for at folk ikke skulle dra på hytta. … Vi er annenrangs innbyggere.» Og så skreiv han at «denne krisen har satt både lokale holdninger og rettighetene våre i relieff».

Sikkert noko i det.

«Denne påsken får dere fjellet for dere selv, og kanskje blir det da tid til litt refleksjon. Husk da: Dere trenger oss mer enn vi trenger dere», skreiv han. I same innlegget spør han seg sjølv: «Tenk om vi ikke kommer tilbake?»

Ein søraurdøl svara på innlegget til hyttemannen som rekna seg for annanrangs innbyggjar, mellom anna slik: «Det er han ikkje. Han er faktisk ikkje innbyggjar i Sør-Aurdal i det heile». Så kom han inn på utsegna med at «Dere trenger oss mer enn vi trenger dere».

Sjølvbildet til somme hytteigarar kan altså vera noko overdrive, meinte han. Kanskje søraurdølar har bygd vegen han dagleg brukar til jobben, brøyta snøen i gata der han bur, eller bygd huset han har arbeid i? Vi treng kvarandre, skreiv han.

Det var jo pent sagt.

For å vera morosam, skreiv eg i Valdrisen i vår at eg kanskje sku gå te advokat fordi eg ikkje fekk dra på hytta, men at eg ikkje hadde nokon advokat.

Men det er vanskeleg å prøve å vera morosam, for det viste seg at andre folk faktisk meinte alvorleg at dei vil gå til rettssak og til advokat for å prøve ut hytteforbodet.

Andre hyttefolk lurte på om hytteforbodet var grunnlovsstridig.

Og atter andre kritiserte hyttekommunane for ikkje «å vera rigga» for å takle pest og pandemi. Nei, kven er vel det? Og kven tenkjer vel på slikt når det meste går bra? Og er det politisk vilje i landet til å bygge opp helseberedskapen i fjellkommuane?

Eg kom meg ikkje til fjells i påska, eg heller. Men eg hadde nok vorte heime lell. Eg syns det er primitivt å oppsøke mykje snø på seinvinteren.

Her eit året skreiv eg ein song om Midtre Syndin, fritt etter 70-tals-hitten «Missisippi» med den australske gruppa Pussycat, som ikkje må forvekslast med den norske gruppa Pussycats.

Alle høyrer jo at Mi-i-i-sisippi kan syngast som Mi-i-idtre Syndin, og omvendt.

Det som er fint med ein slik song, er at, skjer det noko, kan eg berre skøyte på med nye vers og nye refreng. I fjor var eg heimsøkt av ein svær bøling ammekyr på hytta, og då fekk eg med eit vers om det i Den mellomstore hytteboka, mens me dreiv og laga boka. Eg måtte faktisk forsterke gjerdet mens kyrne sto og knuffa og pusha.

No i år måtte eg laga eit eige korona-vers. Pussycat song fyrst to vers og så to refreng. Så det har eg med gjort.

--

Foredrag på Valdres Folkemuseum, 10. oktober 2020

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1