Hopp til hovudinnhald

Historia om Den Norske Turistforening

Velkomen til foredrag med Sverre Larssen som fortel, tidligere generalsekretær i Den Norske Turistforening (DNT). Han skal fortelje om utviklinga av DNT, med spesiell vekt på Thomas Heftye som stifta foreininga. Heftye hadde ein finger med i spelet i det meste av det som skjedde i Noreg på den tida, både i politikken, i bankvesenet og i jernbanedrifta. Thomas Heftye inviterte det store nettverket sitt til samtaler og selskap på Sarabråten i Østmarka, med blant andre Henrik Ibsen, Ole Bull og Aasmund Olavsson Vinje som gjestar. Kan hende var det her ideen til Den Norske Turistforening vart sådd?

Sverre Larssen teiknar eit interessant og levande bilete av starten på det som skulle bli Noregs største friluftslivsorganisasjon.

TID: Torsdag 1. oktober 2020 kl. 19.00
STAD: Festesalen, Valdres Folkemuseum

Inngang kr 100.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1