Hopp til hovedinnhold

Gamle vindauge

  • Foto: Anne Marit Noraker

Dei gamle vindauga er som regel solide. Dei vart laga for å kunne reparerast og treverket som vart nytta var tettvakse og haldbart. Eit vindauge består av glasruter, trerammer, trepluggar, beslag, skruar, stiftar og kitt. 

I prinsippet kan alt forsiktig takast frå kvarandre, og du kan erstatte øydelagde delar ved å kopiere det som måtte vera skada. Rustne beslag kan du fikse med stålbørste og linoljebad. Rutene festar du att ved å legga dei i linoljekitt. Skal du måle, bør du bruke linoljemåling.

Museum24:Portal - 2024.04.07
Grunnstilsett-versjon: 1