Hopp til hovudinnhald

Gamle skåp og nye tonar

Helga Myhr spelte inn si nye plate i ei stove der det tidlegare budde ein spelemann. Med tonar frå ei ny tid har Helga skapt merksemd om eit hus og ein spelemann, og brakt noko frå fortida tilbake til stova.

Iver Guttormsen (f. ca. 1800) var husmann på Fristadplassen i Vestre Slidre. Han var spelemann, og skinefellmakar. Han var gift med Marit, saman hadde dei fleire born. Ein av dei var Guttorm Iversen, (f. ca. 1832).

Guttorm Iversen overtok Øvre Fristadplassen rundt 1870. Han var hustømmermann. Lite veit me om hans musikalske talent eller preferansar. Men me trur han hadde sans for godt handtverk og det estetiske. Guttorm har hatt tre vakre dekorerte skåp då han budde på Fristadplassen. Dei er fint skore med mange forseggjorte detaljar. Overflata er dekorativt måla med ådring, mens dekorelementa er måla med ulike farger. Dei er laga for Guttorm. På skåpa står namnet hans, konas namn, stad og årstal; «Gutorm Iversen, Sigri Einersdatter, Fristad 1881».

Gutorm og Sigrid hadde to born, Einar (f. 1862) og Kari (f. 1870). Einar reiste frå Fristadplassen og stova der faren og farfaren hadde budd. Han kjøpte bruket Nedre Moen i 1895 og tok skåpa med seg dit. Dei gamle husa i Fristadplassen vart seinare flytt til Valdres Folkemuseum. Stova ligg langt inne på museumsområdet. Her har det vore stille lenge.

I sommar braut Helga stillheita med bogen og fela, då ho spelte inn si nye plate "Natten veller seg ut" i stova frå Fristadplassen. Musikken på plata består av song og felespel. Stova og interiøret har vore med å gje plata særpreg, ein klang som passar til det unike lydbilete i krysninga mellom jazz og folkemusikk.

Innspelinga har skapt merksemd om stova frå Fristadplassen og spelemannen som budde her. Merksemda førte til at dei tre skåpa som var flytta frå Fristadplassen var gjeve i gåve til museet. No kjem skåpa attende til huset frå Fristadplassen.

Gamle skåp og nye tonar, alt høyrer heime i den gamle stova.

Publisert 25.10.2019

  • 1/5
    Helga Myhr på plateinnspeling i stova frå Øvre Fristadplassen, sommaren 2019. Foto: Eirin Breie
  • 2/5
    Husmannsstova frå Fristadplassen, på Valdres Folkemuseum. Foto: Anne Marit Noraker
  • 3/5
    Skåpa frå Fristadplassen vart laga på 1880-talet. Foto: Eirin Breie
  • 4/5
  • 5/5
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1