Hopp til hovedinnhold

Fugleliv på museet

  • Foto: Julia Helgesen

Storøya på Valdres Folkemuseum er ei halvøy der det året rundt bur ein rekke fugleartar. Det største mangfaldet i fuglelivet finn ein under vårtrekket og på forsommaren. Meisar, flaggspett, pilfink, grå- og måltrost, raudstjert, låvesvale og tårnseglar hekkar i og ved dei gamle bygningane og i tre og buskar over heile området.

Under trekktida kan ein heil rekke andre artar observerast i tillegg. Tidlege morgonar seint i mai eller tidleg i juni er som reine konsertar å rekne, og seinare på sommaren er det srrii-srrii-ropa til tårnseglarane som dominerer. På vatnet rundt halvøya kan ein vere heldig å sjå siland, og om vinteren hender det at stillitsen er på besøk. Fossekallen held dessutan til i Neselva året rundt.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1