Hopp til hovudinnhald

Ei framtid for setra?

Seterdrifta stupar, men 750 budeier klamrar seg fast

  • Kyr på beite i seterområde i fjellet
    Foto: Turid Wangensten

Tradisjonen med å føre krøttera til seters er snart ein saga blott. Rasjonaliseringa i landbruket forklarar truleg noko av nedgangen. For andre er det reiselivet og byggeaktiviteten som trugar setertradisjonen. Korleis skal vi få bøndene tilbake til setra?

Livet på setra har vore ein spegel til livet heime på garden. Når ressursgrunnlaget har vore knapt heime, har beiteområda i skogen og på fjellet sikra eit næringsrikt tilskott til husdyra våre. Slik har det vorte god mjølk og ressursutnytting av. Dessutan har beitedyra bidrege til eit artsrikt kulturlandskap på fjellet og i skogen. Utan dyr på beite – og med ein pressande reiselivsindustri – forsvinn artsmangfaldet og kulturlandskapet.

Setertradisjonen er ein eldgamal kultur- og driftsform med røter tilbake til bronsealderen. Midt på 1800-talet var det over 100.000 setre i drift i Noreg. Sidan har det gått ein veg. Nedover.

Landbrukspolitikken har truleg noko av skulda, for målet har lenge vore færre produsentar og større brukseiningar. Følgjeleg har behovet for utmarksbeite vorte mindre med åra. Og med færre mjølkebønder heime i bygda, har også talet på budeier i fjellet gått betrakteleg ned.  

Politikarane har gjerne tankar om kva som vil vere til det beste for landbruket. Det betyr ikkje at bøndene, forskarane og rådgjevarane er einige med dei folkevalde. For medan Stortinget driv bøndene ut i risikofylte investeringar og vedtek reformar som kastar gardbrukarane ut i ein brutal og global konkurransemarknad, er det krefter i landbruket som no meiner at utviklinga bør gå i ein annan retning.

Krisa med klimaet er noko av årsaka til denne dreiinga.  

Klimautfordringane har kome tettare på oss dei siste åra, gjennom tørke og flaum. Vi må derfor omstille oss slik at vi kan møte framtida med mindre forureining og lågare utslepp. Det gjeld òg for landbruket som gjennom metanutslepp frå drøvtyggarar bidreg til betydelege utslepp.

Motsett vil beitemark med velutvikla rotsystem halde godt på karbonet i jorda. Seterdrift basert på lokale beiteressursar, ikkje minst i utmarka, er derfor svar på nokre av klimautfordringane. Beite bidreg dessutan til høgare biologisk mangfald.

Mat produsert av grasetande dyr på næringsrike utmarksbeite har dessutan dokumenterte helseeffektar. Det gjer Noreg til ein meir interessant matnasjon. Ofte er det mat produsert på setra; smør, rømme og ost, som stikk av med fyrstepremiane i dei store matkonkurransane. Mat produsert på setra har slik betydning for omdømet til norsk mat.

Med seterdrifta følgjer òg dyrevelferdsfordelane. Ei ku på beite er ei lukkelegare ku. Men kva slags plass har eigentleg seterbruket i politikken, og kva er regjeringa si melding til dei som vil drive smått og godt?

For «big» er ikkje alltid «beautiful» og stadig fleire peiker på kva slags verdiar som går tapt når matproduksjon i fjellet forsvinn, eller gravemaskinkjeften vender opp ned på gamal kulturmark. Forskarane i NIBIO har til dømes peikt på konsekvensane ved at stadig meir av beitemarka blir bygd ned, og dei har i mange tilfelle oppmoda lokalpolitikarane om å plassere hyttefelt i andre område enn på dei gamle setervollane.

Lyttar politikarane til forskarane?

Fagfolka i Landbruksdirektoratet ser òg gjerne at mjølkebøndene vender tilbake til setra og tek i bruk dei ubrukte beiteområda. I 2023 forklara direktoratet kvifor setertilskottet kunne vere ein viktig motivasjon for bøndene til å halde fram mjølkeproduksjon og seterdrift, og dei oppmoda Stortinget til å doble tilskottet.

Vi ventar stadig på ei dobling.

Heilt svart er det ikkje. Stadig fleire unge bønder ser moglegheitene med å nytte ressursane på garden annleis og betre, og til trass for at mange kommunar fortsatt helsar nedbygging av beitemark velkomen, er det ikkje alle som sel arvesylvet mot kortsiktig gevinst. For seterlivet ber på verdiar som ikkje så lett kan bytast mot pengar: minne, identitet og kultur.

Samstundes som mange gardbrukarar stenger fjøsdøra for godt, arbeider sterke krefter for å løfte seterdrifta fram som del av verdas kulturarv. Det kan gi anerkjenning og oppmuntring dersom den norske-svenske søknaden for seterkulturen passerer nålauga og skrivast inn på dei prestisjetunge Unesco-listene. Det vore i så fall ei stor bragd. Det er nemleg ikkje berre framtida for landbruket som no står på spel. Viktig kulturarv er òg i ferd med å forsvinne.

Derfor er verdsamfunnet no i ferd med å gje Noreg eit viktig oppdrag – å sikre den mangfaldige seterkulturen for framtida. Ysting har lenge fått merksemd som «kulturarv på setra», men seterlivet rommar så uendeleg mykje meir. Her høyrer også lokken, musikken og forteljingane heime. På setra møter vi språket og namna og kunnskapen om veret, dyra og naturfenomena.

Setra rommar eit univers av sosiale og kulturelle skikkar, og sjølv om mange museum gjer ein stor innsats med å formidle den norske seterkulturen, så er det på dei aktive setrene – på fjellet og i utmarka – vi møter den komplekse, mangfaldige og levande seterkulturen.

Som nasjon – og som samfunn – har vi ei plikt til å ta vare på den norske kulturarven. Og nett no brenn det for seterkulturen. Når Dagros og budeia forsvinn frå setra, mistar vi viktig kunnskap og betydelege delar av kulturarven vår. Men vi mistar òg ressursar og potensialet for framtidig vekst og verdiskaping. Og derfor må vi samarbeide endå betre; politikarane, bøndene, musea og organisasjonslivet, slik at bøndene blir med på ei omstilling og finn vegen attende til setrene. 

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1