Fotoarkivar Bettina Walser Garmann presenterer fotoarkivet ved Valdres Folkemuseum. Her er eit mangfaldig utval av bilete frå heile Valdres, av menneske og landskap, kvardag og fest. Bettina vil òg gje gode tips til korleis ein best mogleg kan nytte søkeverktøyet på DigitaltMuseum.no. Fotoet over er tatt fyrst på 1900-talet, under ei slåttonn på Øvre Nes på Fagernes. Ukjent fotograf. VFF 4-000062.
TID: Torsdag 30. januar 2020 kl. 19.30
STAD: Valdres Folkemuseum
PRIS: 100 kr (gratis for medlem av laget)
ARR: Vennelaget for Valdres Folkemuseum
Munkekroen er open fram til foredraget starter
Årsmøte i Vennelaget: kl. 18.00–19.00, rett før foredraget. Alle medlemmer er velkomne. |