Hopp til hovudinnhald

Forskaren og kulturen

Levande kulturarv på museum

På 1800-talet blømde interessa for det opphavlege og det ekte. På landsbygda fann forskarane den «rette» kulturen og førestillingane om det norske. Sidan den gongen har Valdres vore eit viktig fangstområde for segner, songar og gamle skikkar.

I arbeidet med dokumentasjon og innsamling av folkeminne har ein hatt for vane å plassere forskaren og utøvaren innafor kvar sine kulturtradisjonar. Kultursamlarane tilhøyrde den moderne, velutdanna eliten. Folket, som stod i sentrum for dei same studia, var stemmer frå fortida og høyrde aller best heime i historia.

Fascinasjon og forakt er som kjent to sider av same sak, på 1800-talet så vel som i vår eiga tid. Folket var interessante fyrst og fremst som kulturberarar, ikkje som kulturskaparar med evne til å fortolke og foredle ein nasjonal ande. Denne oppgåva tok dei intellektuelle seg sjølve av. Like fullt var det i folkedjupet at dei intellektuelle fann nasjonen sitt kulturelle grunnstoff. Det var her ein fann ryggrada i nasjonen sin veksande kropp.

Gjennom foredling og omskaping kunne kvalitetane i denne kulturen koma verkeleg fram. Og med komfortabel distanse til folkekulturen skapte kultureliten på 1800-talet ein eller fleire idealiserte og tilpassa nasjonalkarakterar – bonden, skiløparen eller spelemannen. Desse representerte ikkje mindre enn essensen av ein gamal, norsk kulturtradisjon.

Slik tenking forsterka det allereie eksisterande skiljet mellom ei kultivert overklasse i byane og ideen om eit naturbunde, men sterkt folk ute på bygdene. Dette danna også grobotn for ein ideologi der kultureliten såg det som si fremste oppgåve å redde restane av ein gamal, utdøyande bondekultur. Etnologen Bjarne Kildegaard skriv om fenomenet i artikkelen «Omkring nostalgi-begrepet».

Det udvikledes en slags kultur-ikonografisk forskningsmodel, der man søgte efter den ældste, reneste og mest ægte ur-form – inden for folkekunsten, redskabskulturen, husbygning, dragt og tekstil, eventyr, historier, folkesagn og viser. [1]

Kven var forskaren?

Ideane om den velutdanna forskaren og dei sterke tradisjonsberarane frå folkedjupet passar ikkje alltid med dei historiske sanningane. Fyrste døme i denne artikkelen illustrerer på sett og vis dette. Møtet mellom folkemusikksamlaren Ludvig Mathias Lindeman (1812–1887) og kjelda hans, Andris Eivindson Vang (1795–1877), er alt anna enn eit møte mellom den store og vesle kulturen, den skolerte samlaren og den anonyme tradisjonsberaren.

Vang er inga taus og anonym kjelde. I staden demonstrerer han korleis utøving og innsamling kan slå følgje i ein og same person. Kven som representerer kva av eit utøvarmiljø og ein forskartradisjon spelar med eitt ei mindre viktig rolle. Skilja mellom tradisjonane blir viska ut. Men kan ei slik samanblanding av forskar- og utøvarrolla gå bra?

Utøvar og samlar

Då domorganist, komponist og folkemusikksamlar Ludvig Mathias Lindeman reiste på si fyrste samlarferd i 1848, var målet songkjelda Andris Eivindson Vang i Vang i Valdres. Lindeman skreiv ned 144 folketonar etter Vang, som òg var den fyrste i Noreg til å gje ut segner og folkeminne på dialekt. Gamla Reglo aa Rispo ifraa Valdres kom ut i 1850. Det meste av materialet etter Vang vart gjeve ut i Ældre og nyere Fjeldmelodier, som kom ut i hefteform i perioden 1853–1867. Desse kom seinare med i band VII av Valdres Bygdebok, Valdrestonar, i 1973.

I 1830 bygsla Vang husmannsplassen Lund under prestegarden, som han sjølv rydda.[2] Andris Eivindson Vang var i tillegg til husmann også handverkar, lærar og kjøkemeister. For kulturkjennarar i dag er han likevel mest kjend som folkeminnesamlar.

For museumsarbeidarar i Valdres er det som samlar og som utøvar at Andris Eivindson Vang får tene som førebilete og leiestjerne – i arbeidet med dokumentasjon, forsking, bevaring og formidling av song- og musikkarven i Valdres. Og lik som Vang er å rekne som både utøvande forskar og forskande utøvar, er også Valdresmusea sitt arbeid med den immaterielle kulturarven grunnfesta i begge desse tradisjonane, den utøvande og den forskande. Forskaren åleine, slik vi kjenner han frå dei store institusjonane, passar ikkje inn.

Mangesyslaren

Andris Eivindson Vang er det fremste dømet på den allsidige perfeksjonisten – mangesyslaren. Når naturressursane åleine ikkje gjev grunnlag for inntekt og matauk, tvingar mangesyslaren seg fram. Under natur- og samfunnsforhold med knappe tilgangar på godane blir kunnskapen om natur, kultur, dyr og menneske ein føresetnad for å overleve.     

I slike samfunn er naturen dagleg nærverande og altomfattande som element, ikkje berre i fysisk og handgripeleg forstand. Naturen utgjer eit grenselaust landskap, og han formar menneska i sin vidaste forstand. Slik blir naturen ein vesentleg leverandør av innhald til ein kultur – kulturen som menneska møter, til dels skapar og som dei ber med seg vidare i livet. Her spelar kunnskap om skikkar, segner, førestillingar, tru, song, musikk, handverk, folk og dyr ei viktig rolle og blir ein føresetnad ikkje berre for å forstå verda omkring, men for å handtere og meistre ho.

*10.2. Valdres Folkemuseum har vore ein viktig samlingsplass for folkemusikarar og folkedansarar heilt tilbake til 1940-talet. Etter at Jørn Hilme-stemnet starta i 1960, vart dei lokale spel- og dansarlaga viktige samarbeidspartar og museet ein viktig arena for opplæring og formidling av folkemusikk og folkedans. I 1971 skreiv avisene at: «[D]et var ungdommen som tok vare på tradisjonane ved Jørn Hilme-stemnet.» I 1973 vart Slidrehuset, eit gamalt forsamlingslokale frå Vestre Slidre, flytt til museet. Det vart snøgt teken i bruk til spel og dans. Konsert på Slidrehuset, Jørn Hilme-stemnet ein gong på 1970-talet. Foto: Valdresmusea Immateriell kultur som identitetsmarkør

Då kulturnasjonen Noreg vart skapt frå andre halvdel av 1800-talet, var målet å etablere ein brei og samlande nasjonalkultur. På sett og vis eksisterte det ingen slik kultur. Den måtte skapast, ikkje ut av ingenting, men på tuftene av dei lokale og regionale kulturutrykka. Desse fekk namn, merksemd og ikkje minst status som nasjonalkultur.[3]

I dette bilete vart Valdres eit viktig fangstområde. Og i den nasjonale håven sopte ein inn segner, songar og gamle skikkar. Den materielle kulturen fekk andre ta seg av. Samlarane søkte seg inn på det levde livet, den handlingsborne kunnskapen, eit elles mykje brukt omgrep med røter i ein kulturfilosofisk tradisjon. I dag nyttar vi den meir byråkratiske nemninga den immaterielle kulturen.         

Knut Hermundstad

Ein som vidareførte Andris Eivindson Vang sin innsats med innsamling og dokumentasjon av folkeminne, var Knut Hermundstad (1888–1976). Hermundstad var den fyrste tilsette leiaren ved Valdres Folkemuseum, tilsett i 1956. Fram til då hadde det meste av museumsarbeidet vorte utført som ulønna arbeid. Hermundstad var fødd i Vang. Etter lærarskuleeksamen frå Hamar Lærerskole vart han tilsatt som lærar på Valdres Folkehøgskule.[4]

Hermundstad la i heile si levetid ned ein stor innsats for det lokalhistoriske arbeidet i Valdres. Han var ei årrekkje ein viktig pådrivar i Valdres historielag og Valdres Bygdeboknemnd. I 20 år var han leiar av bygdeboknemnda, og i desse åra var han redaktør for fem bind i bokserien Valdres bygdebok. Hermundstad skreiv mykje av dette stoffet i tillegg til at han publiserte ei rekkje andre bøker med folkeminne frå Valdres. Det var særleg etter at Hermundstad vart statsstipendiat i 1953 at han kunne samle seg om kulturminnearbeid på heiltid.       

*10.3. Berit på Pynten (1812–1899) er den mest kjente av langeleikspelarane på 1800-talet. I dag blir ho rekna som ein av våre mest fargerike folkekunstnarar, med eit rikhaldig og variert repertoar. I tillegg til langeleikspelet trakterte ho dansedokkene, og ho underheldt reisande som passerte den vesle plassen hennar. Av folkelivsgranskarar og notesamlarar i si eiga samtid vart ho latterleggjort og omtala i humoristiske ordlag. Musikken let dei seg rett nok fascinere av, men som menneske og som folkekunstnar oppfatta dei ho som ein raritet. I dag er låttane og tradisjonane etter Berit på Pynten høgt skatta. Og i kulturskulene, i arkivet på museet og i det levande folkemusikkmiljøet lever arven etter Berit vidare. Foto: Valdresmusea

Knut Hermundstad er rekna som ein av våre fremste folkelivsgranskarar. Produksjonen tel over 20 publikasjonar, eit utal artiklar og ein enorm notatsamling.[5] I Hermundstad si tid ved museumsroret vart det reist heile 27 bygningar på Valdres Folkemuseum, i tillegg til planlegginga og prosjekteringa av ein rekke framtidige museumsbygg.

Som granskar og museumsmann stod Knut Hermundstad med føtene solid planta i sin eigen folkekultur. Han var fødd i enkle kår som eldste son av grendeskreddar Håvard Knutsson Hermundstad. Bakgrunnen hans og kunnskapen og respekten han fekk i oppveksten for menneske og natur, dyr og kultur fekk betyding for det som seinare vart ein særskilt museumsprofil ved Valdres Folkemuseum.

Valdres Folkemuseum vart i Hermundstad si tid alt anna enn titteskåp på folkekulturen for ein velutdanna museumselite, slik ein såg tendensane til ved andre friluftsmuseum. Museet vart i staden ein arena for musikk og dans, ein møtestad for utøvarar og forskarar. Gjensidig respekt på tvers av fag- og interessefelta senka skilja mellom representantar for akademia og dei lokale tradisjonsutøvarane.

Musea som utøvar av levande folkekultur

På 1970- og 80-talet vart utøvarperspektivet ved Valdres Folkemuseum forsterka ytterlegare. Motkulturrørslene etterlyste eit folkeleg og inkluderande kultursyn, og musea opna dørene for deltaking og utøving innafor ein rekke folkekulturdisiplinar. Valdres Folkemuseum skulle ikkje berre jobbe som granskar av ulike fenomen i Valdres. Musea skulle ta del som utøvar i ein levande folkekultur. I 1970 vart det oppretta eit lokalt folkemusikkarkiv ved Valdres Folkemuseum, og i 1981 opna landets fyrste instrumentverkstad lokalisert på eit museum. Med eit utvida rammetilskott frå Kulturdepartementet frå 2013 skal Valdresmusea legge til rette for vern og vidareutvikling av veike instrumenttradisjonar.

Og som om ikkje det var nok med musikken og tradisjonsinstrumenta tek Valdresmusea også mål av seg å formidle kunnskapen om støling og stølskultur og tekstil og bunadsaum. Ved Valdres Folkemuseum har ein arbeidd med støling og stølskultur sidan Knut Hermundstad si tid på 1950- og 60-talet. På 1980-talet skipa museet fleire seminar om stølsdrift, og på 1990-talet deltok museet i fleire forskingsprosjekt. Rapporten Nomadar gjennom tusen år, ein samtidsdokumentasjon av stølslivet i Valdres ved tusenårsskiftet (2006) er resultatet av denne deltakinga.

*10.4. I juli månad inviterer Valdresmusea tradisjonsberar til museet, som kan lære oss kunsten å skjera gras med ljå. Einar Tvenge er ein som kan kunsten, og som syrgjer for at jorda rundt Kviistunet blir slegen etter alle kunstens reglar. Foto: Anne Marit Noraker / Valdresmusea

Formidlinga av denne kulturen står høgt på Valdres Folkemuseum. Då treng vi hjelp av sterke tradisjonsutøvarar som praktiserer stølsarbeidet på ordentlig og ikkje «på lat», slik ungane så meisterleg uttrykker seg. Truverde i formidlinga ligg ikkje i mengda bøker eller artiklar publisert, men i forståinga av at kakene blir til på rette viset. For kva er eigentleg «på rette viset»? Ein neve med mjøl og ein kopp med sukker er ikkje unøyaktige parameter i mangel av meir kjente måleinstrument. Dei er røynsler og erfaringar, og dei er lærdom frå liv som kan hende ikkje lenger finst.

Lik kulturytringar elles er produksjonen av lapperøre, feler og langeleikar tufta på sterke, lokale handverkstradisjonar. Utøvinga av denne vil berre vera mogleg innafor rammene av ein levande og fleksibel folkekultur.

Forske i eige miljø – ei utfordring

Valdresmusea er arena for ein levande folkekultur. Museumsarbeidarane her er ikkje berre granskarar og samlarar av ein lokal kultur, dei er utøvarar i den same tradisjonen. Det er ofte ein fordel at ein kjenner den kulturen og det fenomenet ein skal utforske. At ein sit inne med kunnskap frå før, gjer at ein slepp å bruke store krefter på å bli kjend med fenomenet eller kulturen ein skal til å forske i. Men ein slik kompetanse kan også gjere forskaren blind, og ein kan oversjå viktige detaljar som forklarar fenomenet ein studerer.[6] Forsking i eige miljø krev medvit om eiga forskarrolle, tilstrekkeleg analytisk distanse og evne til å sjå fenomenet ein studerer, «utanifrå».[7]

Ein annan fare ved å studere fenomen i eigen kultur er at ein lett kan oversjå sider som kan leie til kritikk, motstand eller usemje. Då er det viktig at ein styrer forskinga med eit presist blikk på metode, kjeldekritikk og analyse. Formidlinga av folkekulturen har ofte hatt ei triviell og uproblematiserande ramme. Slikt arbeid fører lett til idyllisering av tradisjonen og ukritisk repetisjon av kjente fakta. Valdresmusea står trygt plassert i både ein forskartradisjon og ein utøvartradisjon. Vi gjer vel i å ta vare på dei begge.

UNESCO-konvensjonen

UNESCO-konvensjonen om immateriell kulturarv vart ratifisert i Noreg i 2007. Konvensjonen er eit viktig oppdrag for UNESCO, og deltakarlanda er forplikta til å realisere særlege mål innafor kulturarvfeltet. Det er verdt å merke at ratifiseringa i seg sjølv ikkje sikrar friske tilskott, frå til dømes UNESCO, til arbeidet med den immaterielle kulturarven. Tvert imot kviler det ei forventing om at deltakarlanda sjølve skal sikre dei økonomiske rammene til arbeidet med denne kulturen.

*10.5. Tilverking av bunadar blir ivaretatt gjennom sterke familietradisjonar og ved Valdres Folkedraktsaum, som har tilhald ved Valdres Folkemuseum. Sommarstid formidlar unge

handverkarar ulikt tekstilhandverk ved museet. Rekrutteringa til handverket er ikkje god,

og enno har ein ikkje komen fram til eit tilfredsstillande utdanningsløp som kan sikre

 handverket for framtida. Foto: Anne Marit Noraker/Valdresmusea

Enno har ikkje styresmaktene i Noreg greidd å samle seg om heilskaplege, relevante tiltak for sektoren. I arbeidet med dei veike instrumenttradisjonane, til dømes, er dette merkbart. Den same situasjonen gjeld i dei andre nordiske landa.[8]

I Valdres har arbeidet med vern og vidareføring av instrumenttradisjonane hatt høg prioritet dei siste åra. Manglande heilskaplege strategiar frå styresmaktene til trass gjer auka statlege rammetilskott til Valdresmusea at ein no har håp om å styrke tilhøva for instrumentmakarane og instrumentbyggjarhandverket i Noreg.

Det viktigaste tiltaket for instrumenttradisjonane blir tilsettinga av éin eller fleire nye instrumentmakarar ved Valdres Folkemuseum. Vidare skal tilskottet nyttast til investering i bygningsmasse og anna infrastruktur ved verkstaden. I tillegg til produksjon av langeleikar og hardingfeler er det også eit mål å auke kompetansen med konservering og vedlikehald av eldre historiske instrument og å delta i dokumentasjons-, forskings- og formidlingsamarbeid, både ved Valdresmusea og i landet elles.

Kurs, seminar og kompetanseheving er også ein viktig innsats i arbeidet framover. Hausten 2013 inviterte Valdresmusea til Nordisk instrumentseminar i samarbeid med Eric Sahlström Institutet i Sverige og Norsk senter for folkemusikk og folkedans i Trondheim. Arbeidet med folkemusikk, folkedans og dei norske folkemusikkinstrumentradisjonane er med andre ord i ferd med bli det viktigaste satsingsområdet ved Valdresmusea.

Konvensjonen – kva vil vi med den?

I arbeidet med den immaterielle kulturarven dei siste åra er det diskusjonane om dei nasjonale og internasjonale listeføringane som har prega dei offentlege ordskifta. Også her er det essensen av dagens kulturpolitikk som pregar debatten. For når målet er å femne det meste og inkludere dei fleste, ja, då er det berre å sleppe fantasien laus, kan det verka som. Men kva ynskjer vi med listene, og kven og kva er kvalifisert til å stå på dei? Skulekorps, russefeiring, felespel eller låttetralling?

Listene er viktige for mange. Dei gjev prestisje og merksemd og støtte til arbeidet med vern og bevaring av særskilte fenomen. Dei har også vore av betyding i ein reiselivssamanheng, og særleg merkbart har dette vore for stavkyrkjene og dei andre materielle kulturminna i Noreg. Vonleg fører listeføring frå den norske kulturarvfloraen til auka merksemd for spennande kulturytringar, auka rekruttering til handverka og folkekulturmiljøa – og auka medvit om mangfaldet i norsk kultur og samfunnsliv.

Lister er no likevel berre lister. Det viktigaste er kva vi gjer i praksis. Klarar vi å auke sjølvtilliten til berarar av små, truga kulturytringar? Står vi på barrikadane for svake musikktradisjonar når kommunane sine kulturskulebudsjett får kjenne sparekniven? Ja, for kva slags støtte kan vi eigentleg rekne med i lokalsamfunnet, i kommunane og hjå statlege styresmakter?

Det er ikkje verdt å håpe på for mykje. I 2013 la Enger-utvalet fram Kulturutredningen 2014. Denne seier i klartekst at kommunane er sinker i prioriteringa av sin eigen heimlege kultur. Framtida for kulturarven og grunnfjellet i norsk kulturliv kviler derfor på utøvarane sjølve – på dei som står med skoa på, for dei som kvar dag fører musikk- og instrumenttradisjonane vidare – i verkstaden, i kulturskulen og i lag og foreiningar. Kommunen er enno inga støttespelar til vidareføring av den immaterielle kulturarven vår.

Kampen om merksemda     

Sidan 1960- og 70-talet har det kome til fleire nye aktørar i arbeidet med den immaterielle kulturarven. Det er spennande og bra at fleire kjem til, men det krev god manøvreringsevne i eit landskap med mange aktørar, til dels motstridande interesser og ei mengd kompliserte fagomgrep. Då gjeld det å vite kven ein er, kven ein snakkar med, og kva ein snakkar om. Statlege styresmakter skal ha ros for ambisjonane om å auke sin eigen og andres kompetanse innan eit fagfelt som synest komplekst, og som enno romar ei mengd fallgruver.

Avslutting

Vi har all grunn til å feire både UNESCO-konvensjonen og utgreiinga av den. Men aller mest bør vi feire pionerane som gjekk føre. Dei som fyrst såg verdiane av kva som var verdt å ta vare på, gjennom gransking og dokumentasjon, men aller mest som formidlarar av den same store kunnskapen, den same rike og mangfaldige kulturen.

Artikkelen er trykt i boka «Leve kulturarven». Boka vart gitt ut på Museumsforlaget i 2013. Redaktørar var Eivind Falk og Dag Feldborg.

Litteraturliste

Bråten, Ole Aastad (2006). Eit hus skal byggjast på Valdres Folkemuseum. Hovudoppgåve i etnologi. Institutt for kulturstudier og orientalske språk. Universitetet i Oslo.

Bø, Olav Gullik mfl. (1995) Arvegull: Andris Vang og livsverket hans. Vang: Vang kommune.

Ehn, Billy & Löfgren, Orvar (1982) Kulturanalys. Ett etnologiskt perspektiv. Malmö. Gleerups Förlag.

Eriksen, Anne (1999). Historie, minne, myte. Oslo: Pax.    

Hvattum, Harald (2001). Valdres Folkemuseum 1901–2001. Fagernes: Valdres Folkemuseum.

Kildegaard, Bjarne (1995). «Om nostalgibegrepet.» I: Dugnad nr. 2. Institutt for kultur- og samfunnsfag, avdeling for etnologi. Universitetet i Oslo. 

Silberg, Bjørg (2006). Nomadar gjennom tusen år, ein samtidsdokumentasjon av stølslivet i Valdres ved tusenårsskiftet. Fagernes. Valdres Folkemuseum. 

Fotnotar

[1] Kildegaard 1995:11.

[2] Bø 1995.

[3] Eriksen 1999: 72.

[4] Hvattum 2001: 45.

[5] Valdresmusea/Opplandsarkivet 2013

[6] Bråten 2006: 14.

[7] Ehn & Löfgren 1982: 10.

[8] Basert på samtale med tilsette ved Eric Sahlström Institutet, Norsk senter for folkemusikk og folkedans og Foreningen Norden

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1