Hopp til hovudinnhald

Folkemusikk i notid og framtid

Utlysning av midlar til produksjonsstøtte 2025

Valdreskommunane forvaltar ei tilskotsordning for produksjon og framsyning av folkemusikk og folkedans. I 2025 er det 60.000 kroner til fordeling. Støtta blir gitt til 1–3 produksjonar som produksjonsstøtte og/eller turnéstøtte.

Produksjonen skal ha røter i musikk- og dansetradisjonane i Valdres og utøvarane bør ha tilknyting til Valdres. Hovudformålet er at flest mogleg born og unge skal oppleve levande folkemusikk frå Valdres. Produksjonen kan inngå i den kulturelle skulesekken eller visast i samanhengar der det er naturleg at born og unge er med.

Søkjarar busett i Valdres vert prioritert.

I 2024 gjekk tilskotet til Åsgårdsreia Teaterlag for framsyninga "Eg er Tølleiv".

For å få produksjonsmidlar innan ”Folkemusikk i notid og framtid” må:

  • Produksjonen skal være klar for framsyning innan utgangen av 2025
  • Produksjonen vere egna og visast på arena for born og unge/familiar/alle
  • Produksjonar som blir produsert for (DKS) Den Kulturelle Skulesekken skal sendast ut til alle Valdreskommunane

Her finn du søknadsskjema (Søknadsfrist: 15. desember 2024)

For spørsmål, ta kontakt med Frank Rolland på frank.rolland@valdres.museum.no/ 90632556 eller Marianne Straum på marianne.straum@valdres.no/ 91876235.

Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 2