Folkemusikk i notid og framtid

Utlysing av lokale tilskotsmidlar 2022

Anita_Vika_Langdegard_foto_Helge_Brekke.jpg (Foto/Photo)

Valdreskommunane forvaltar ein tilskottsordning for produksjon og framsyning av folkemusikk og folkedans. I 2022 er det 60 000 kroner til fordeling. Støtta blir gitt til 1–2 produksjonar som produksjonsstøtte og/eller turnéstøtte. Produksjonen skal ha røter i musikk- og dansetradisjonane i Valdres og skal inngå i Den kulturelle skulesekken. Valdresmusea er saksbehandlar. Søknadsskjema, kriterier og informasjon finn du i lenka under. Søknadsfrist er 20. mars 2022.