Hopp til hovudinnhald

Folkemusikarar/dansarar

Arbeidsinstruks

Folkemusikkprogrammet

Folkemusikkprogrammet har vore den største og viktigaste «merkevara» på Valdres Folkemuseum gjennom 60 år. 

Tanken bak formidlinga er å syne samanheng mellom hus, drakter, musikk og dans (og immaterielle uttrykk særlig på 1800-1900-talet), med vekt på regionale uttrykk - på same måte som dialektane. Då blir ein konsekvens å presentere stoff frå Valdres.

Ramma for programmet bør vere i kronologisk rekkefølgje historisk:

  1. Song
  2. Munnharpe
  3. Langeleik. Instrument og tradisjonar
  4. Hardingfela. Instrumentet og ulike tradisjonar (dialektar, klede, fele, spel, takt, springar)
  5. Torader og runddans. Nye trendar, også i musikken
  6. Springar. Dansen, historikk og samanheng med musikken
  7. Halling
  • Programmet skal vere på mellom 15 og 20 minutt. 
  • Der det er naturleg er det fint med samspel, som døme på nye trendar med utspring i lokale tradisjonar. 
  • Programmet skal gå til faste tider kvar dag, sjå tabell under. NB: Start presis og aldri for tidleg.
  • Som hovudregel skal programmet alltid haldast inne i Rogne-bygningen. Unntak er om publikum overstiger antall sitteplassar, inkludert utebenkar, då flyttast programmet til amfiet.
  • Hugs å ha fokus på kontakta med publikum og med kvarandre.
  • Litt om naturlege overganger i programmet:
  • Litt om klargjering av rommet:
10:30-11:00 Hardingfelespelaren og hallingdansaren varmar opp
11:00 Konsert
12.00 Konsert
13.00 Konsert
14.00 Konsert
15.00 Konsert
16.00 Konsert

Mellom programma

har folkemusikarane ulike ansvar

  • Langeleikspelaren er i Rogne og formidlar dansedokketradisjonen. Museet har som mål å ha ein publikumslangeleik og dansedokker i Rogne-bygningen, slik at publikum sjølv kan få prøve. Sjå an publikummet ditt! Be folk sette seg rundt bordet og prøv å få til gode samtalar. Ti minutt før neste program; gå ut på tunet og inviterer publikum inn i Rogne-bygningen.
  • Hallingdansaren er på festplassen og er oppsøkande guide og aktiviserar barnefamiliar med godkarsstykkje. Ti minutt før neste program; ta med deg folk frå festplassen til Rogne-bygningen. Opphald deg på tunet/i svalgangen under konserten for å invitere nye publikummarar inn. 
  • Hardingfelespelaren har ansvar for å avløyse dei to andre i deira lunsjpauser. Ta elles gjerne med deg fela ut og skap stemning. Han/ho kan også gå innom dei som sit aleine med handverk og formidling i andre hus, til dømes på Kvie og i Hafton-bygningen. Ti minutt før neste program; stem fela i Rogne-bygningen, gjer deg klar til ny konsert. Spel gjerne ein lyarlått for å varme opp fela. Skap stemning!

Publikumshandtering:

  • Møt den besøkjande på hjarteleg vis, sei hei og ønsk velkomen inn. Snakk med gjesten. 
  • Inviter til samtale om folkemusikk, folkedans, instrumentbygging, Hilme-stemnet og folkemusikkmiljøet i Valdres og Noreg
  • Fortell at du står midt i ein levande tradisjon. By på seg sjølv, fortel gjerne at du spelar til dømes bassgitar i det lokale rockebandet, men sei i samanhengen at det er naturleg å velje langeleik eller halling i kulturskulen.
  • Gjer deg kjent med dagens aktivitetar. Fortell gjerne om kva ein elles kan oppleve på museet; til dømes kafeen, utstillingane og stølen

Rutinar:

Lunsjavvikling:

Det må alltid vere folk til stades i eller utanfor Rogne-bygningen og på festplassen mellom programma. Lunsjavvikling må difor skje til ulike tider for folkemusikarane.

Hardingfelespelareen avløyser dei andre to når dei har lunsj og hjelper elles til der det trengs.

Når du kjem om morgonen:

Vakta di startar kl. 10.30 eller 11.00, sjå vaktlista. Du må vere ferdig skifta når vakta startar.

Følg påkledingsinstruksen

    Orden og reinhald:

    Gå aldri frå bygningen ulåst

    Gå aldri frå bygningen før elden i peisen er sløkt

    Sørg for orden og reinhald i bygningen du er i. Det inneberer mellom anna å koste Rogne-bygningen kvar dag

    NB: Følg instruksen Ver snill med dei gamle husa

    NB: Gjer deg kjent med rutinar for brann, førstehjelp og avfall

      Når du går for dagen:

      Lås grinda i døra og kvitter inn nøkkel i resepsjonen

      Anna:

      Ny? Som hovudregel legg vi opp til at dei som er nye følgjer ein erfaren dei fyrste dagane. 

      Lytt og lær

      Springaren Andris på Teige spilt på langeleik

      Museum24:Portal - 2025.01.29
      Grunnstilsett-versjon: 2