Hopp til hovudinnhald

Folka, dyra og landskapet

Kulturlandskapet vårt har blitt til gjennom folka sitt nærvær gjennom fleire tusen år. Skal dette landskapet takast vare på, er vi avhengige av at bruken held fram. Sjå for deg eit Norge der dyra ikkje lenger beiter i utmarka fordi det er billigare å importere fôr. Landskapet vil gro att, og einsarta kratt vil overta der det ein gong var artsrike beiter. Sjå for deg eit gjengrodd Norge der hytta på fjellet ikkje har utsikt lenger fordi bjørka veks opp til takmønet. Kanskje har vi allereie nådd dette punktet? Korleis hindre at det kulturavhengige artsmangfaldet går tapt i effektiviseringas og mekaniseringas tidsaldar? 

Avhengigheita er gjensidig. Det var artsmangfaldet som gjorde det mogleg for oss å overleve i dette landet. Det kan også vere nøkkelen til ei berekraftig framtid. Kanskje er sauen og ljåen vår redning i ei tid med klimaendringar og befolkningsvekst? Velkomen til ein kveld der Anna Blix og Ellen Svalheim møtest i samtale om kulturlandskap og det unike samspelet mellom dyr, folk og landskap.

STAD: Festsalen, Valdres Folkemuseum
TID: Torsdag 12. desember kl. 18.00
PRIS: Kr 140 (Kr 50 for dei under 26 år)
ARR: Valdresmusea

Fjordkafeen er open før foredraget, kjøp gjerne middag, kaffi eller kake.

Om innleiarane

Anna Blix er biolog, og skriv om samspel mellom menneske og natur, om evolusjon og om klimaendringar, naturtap og miljøpolitikk. Ho er ein solid formidlar og skribent med fast spalte "Naturligvis" i Klassekampen på niande året. Ho har mellom anna skreve boka «En hyllest til sauen. Fortellinga om det lille dyret som bygde landet». Boka er for alle som er interessert i landbruk, men kanskje ikkje veit kva ein fôreining er. For dei som er oppteken av berekraft, for dei som strikker, for dei som et mat, og for dei som liker ulv - eller hater han.

Ellen Svalheim er forskar ved divisjon for matproduksjon og samfunn ved NIBIO. I fleire tiår har ho vandra i den sårbare, kulturavhengige naturen i Norge saman med dei som kjenner landskapet aller best, nemleg brukarane. Ho har studert det unike samspelet - «Folka og landskapet», som også er tittel på boka ho gav ut i 2018. Svalheim står bak «Arvesølvmodellen», ein forvaltingsmodell som tek sikte på å bevare og sikre artsmangfaldet i kulturavhengige landskapet for framtidige generasjonar.

Arrangementet er del av museumsprogrammet Eit skigardsdele - frå stølskultur til hytteindustri.

  • 1/2
  • 2/2
Museum24:Portal - 2024.10.08
Grunnstilsett-versjon: 1