Fjellet betyr mykje for dei fleste av oss, anten vi byggjer, bur, sankar eller går tur. Kva er det som avgjer korleis vi vel å bruke fjellet? Og korleis prioriterer vi ulike fjellverdiar på veg til felles samfunnsmål?
I ei tid der verda tapar natur, meiner det Internasjonale Naturpanelet (IPBES) at vi treng vesentlege endringar i samfunnet for å nå felles berekraftsmål. Men kva betyr berekraft? Naturpanelet peikar særleg på fire berekraftsretningar: Grøn vekst, vekstfri utvikling, økokulturelt forvaltarskap, og naturvern. Desse retningane konkurrerer på mange måtar med kvarandre, dei blir støtta opp i ulike fagmiljø, og dei byggjer på ulike verdiar.
I dag er det grøn vekst som dominerer arbeidet med lokal samfunnsutvikling. Det er etablerte syn at vi treng meir vekst, og at natur- og kulturverdiar best kan takast vare på gjennom å gje dei pengeverdi. Finns det alternativ? Kan vi nytte framfor å utnytte? Og kan vi tenkje oss ei framtid i fjellet, der vi tek omsyn til mangfaldige verdiar, utan å nødvendigvis rekne dei om til pengar?
I dette mini-seminaret inviterer vi til foredrag, felles øving og samtale om kva endring i vårt berekraftssyn kan bety for framtida i fjellet.
Arrangementet er del av museumsprogrammet Eit skigardsdele - frå stølskultur til hytteindustri.
TID: Torsdag 20. mars 2025 kl. 19.00
STAD: Valdres Folkemuseum
Gratis og ope for alle!
Arrangementet er del av museumsprogrammet Eit skigardsdele - frå stølskultur til hytteindustri.
Om foredragshaldaren
Elisabeth Veivåg Helseth jobbar som forskar innan økologisk økonomi i NINA. Ho er særleg oppteken av mangfaldige naturverdiar, gjennomgripande samfunnsendringar og vekstfri utvikling. Gjennom 13 år som rådgjevar i kommune, fylkeskommune og statleg, har ho mykje erfaring frå arbeid med lokal samfunnsutvikling i distriktskommunar. I doktorgradsarbeidet undersøkte ho korleis ulike tilnærmingar til å forvalte og forstå naturverdiar kan bidra til gjennomgripande endringar i arbeidet med lokal samfunnsutvikling