Hopp til hovudinnhald

Fjellredning og beredskap

Foredrag v/Langfjella alpine redningsgruppe

Mann med klatreutstyr opp ein bratt fjellskrent i snø

Fjellredning og beredskap i bratt og krevjande terreng i Valdres blir handtert av Langfjella alpine redningsgruppe (LAR). Dette er ei av ti alpine redningsgrupper i Noreg, som alle opererar i sitt geografiske område. Redningsgruppene bistår Politi- og lensmannsetaten og Hovedredningssentralen under redningsaksjonar i bratte fjell, på bre og andre områder som krevjar spesielt utstyr og kompetanse. Kvar enkelt redningsgruppe driv regelmessig samtrening med 330 skvadron og luftambulansehelikoptrene. Medlemmane i dei alpine redningsgruppene består av tilsaman over 200 aktive klatrarar, som med ynskje om å hjelpe arbeidar frivillig.

I dette kveldsforedraget vil tindevegleder Even Berntsen, frå Fagernes busett i Ulnes, fortelja om Langfjella alpine redningsgruppe sitt arbeid og om eigne erfaringar frå hans deltaking i gruppa. Han vil vise bilete frå øvingar og reelle redningsaksjonar, syne og demonstrere noko av utstyret som blir nytta, og gje oss eit innblikk i korleis redningsgruppa fungerer her lokalt.

Me inviterer til ein spanande og hyggeleg og kveld for alle fjellinteresserte.

TID: Onsdag 22. november 2023 kl. 18.00
STAD: Festsalen, Valdres Folkemuseum
PRIS: 100 kr
ARR: Valdresmusea og Langfjella alpine redningsgruppe

Museum24:Portal - 2025.01.29
Grunnstilsett-versjon: 2