Hopp til hovedinnhold

Europeiske notespor

I perioden 15.–21. september møtast åtte unge musikarar frå Tyskland, Vilnius og Noreg på garden Meisdalen i Skrautvål. Her skal dei bu og jobbe saman i ei veke, før dei legg i veg på konsertturné rundt om i landet. Ei av dei åtte musikarane er pianisten Mariam Kharatyan. Torsdag 19. september kl. 19.00 held ho solokonsert på Valdres Folkemuseum.

Europeiske notespor er eit europerisk samarbeidsprosjekt drive av partnarane Notenspur Leipzig (Tyskland), Opus – MB Classics (Noreg) og M.K Ciurlionis House (Litauen). Prosjektet tek utgangspunkt i filosofien og grunnideane til komponistane Edvard Grieg, Mikalojus Konstantinas Čiurlionis og Clara Schumann, representerte alle endring i musikkfeltet på 18- og 19-hundretalet.

Meir om konserten

I perioden 15.–21. september møtast åtte unge musikarar frå Tyskland, Vilnius og Noreg på garden Meisdalen i Skrautvål. Her skal dei bu og jobbe saman i ei veke, før dei legg i veg på konsertturné rundt om i landet. Ei av dei åtte musikarane er pianisten Mariam Kharatyan. Torsdag 19. september kl. 19.00 held ho solokonsert på Valdres Folkemuseum.

Inspirert av musikken og reisene til Edvard Grieg (1843–1907), Clara Schumann (1819–1896) og Mikalojus Konstantinas Čiurlionis (1875–1911), blir det festival og miniturné – frå Bergen i vest til Valdres i aust. I Bergen innleier musikarane Europeiske notespor med morgonkonsert på Troldhaugen, før dei set vegen austover.

Opus – MB Classics, etablert i 2015 arrangerer og produserer orkesterkonsertar og opera, i Noreg og Europa. I dag arbeider Opus – MB Classics meir mot den internasjonale marknaden, og selskapet er partnar i fleire internasjonale prosjekt. Hovudmålet til Opus’ er å spreie kultur – der folk bur – og alltid på høgste nivå.

Europeiske notespor er eit prosjekt som handlar om musikken si samlande kraft i eit mangfaldig Europa. Dei tre partnarane, Notenspur Leipzig (Tyskland), Opus – MB Classics (Noreg) og M.K Ciurlionis House (Litauen), har utvikla prosjektet med utgangspunkt i filosofien og grunnideane til dei store komponistane. Edvard Grieg, Mikalojus Konstantinas Čiurlionis og Clara Schumann representerte alle endring i musikkfeltet på 18- og 19-hundretalet og dei er alle særskilt viktige komponistar i dei tre respektive landa Tyskland, Litauen og Norge. 

Velkomen til konsert med Marian Kharatyan torsdag 19. september kl. 19.00

Museum24:Portal - 2024.04.07
Grunnstilsett-versjon: 1