Hopp til hovedinnhold

Erik Strand

  • 1/1
    Erik Strand (VFF 4-000078)

Foredrag på møte i Vennelaget for Valdres Folkemuseum 11. mars 2021:

Erik Strand var bror til bestefar min. Og eg vaks opp i eit hus som Erik Strand hadde bygd. Men han døydde 10 år før eg vart fødd, og det var lite snakk om han heime. Blei han nemnt, var det som lensmann, aldri som politikar.

Eg var ikkje ein gong sikker på om han eigentleg hadde hatt fast plass på Stortinget. Men då eg skulle sjekke det og såg på Stortinget sine nettsider (der ligg alle innlegg frå 1814 og fram til i dag) så fann eg mellom anna eit innlegg frå våren 1933. Han stod med eit hefte i handa der det stod «Torpa» med raud skrift, og han var så sint at stortingspresidenten Hambro ikkje forstod kva han sa. Då vart eg nysgjerrig!

Lokalt engasjement
Erik Strand var fødd i 1877 på Midt-Strønd, dvs. den garden som ligg rett etter strøndakyrkja når du køyrer frå Fagernes.

Han gjekk dei fyrste åra på grendeskulen på Strønd, så gjekk han middelskulen i Aurdal og lærarskulen på Elverum.

Som så mange andre starta han engasjementet sitt lokalt.

Her vil eg skyte inn at den viktigaste kjelda mi har vore avisa Valdres. Lokalavisa er ikkje til å koma utanom for den som vil skrive lokalhistorie.

Når avisa Valdres blir starta i 1903, er Erik Strand 26 år, lærar og kyrkjesongar på Strønd.

Og i 1904 skriv han det fyrste avisinnlegget sitt. Det store politiske spørsmålet er unionsoppløysinga, men det var ikkje det han er oppteken av når han skriv til avisa. Saka gjeld heradsstyrevalet denne hausten. Det måtte sparast, meinte han, og veljarane måtte sjå etter kva representantane faktisk hadde røysta når det gjaldt løyvingar. Offentleg sparing var ein sak han var oppteken av gjennom heile det politiske livet sitt.

Heradsstyrevala
Den tida Erik Strand tok til i lokalpolitikken, var det slik at kvart kyrkjesokn valde sine eigne representantar til heradsstyret. Så i Nord-Aurdal skulle Ulnes velja fire, det same med Svenes og Skrautvål, mens hovudsoknet Aurdal (som omfatta Leira, Sørskogen, Vestringsbygda, Åbjør, Tisleidalen og Liagardane) valde åtte. Dei fire frå Svenes utgjorde då eit soknestyre, som ikkje hadde noko med kyrkja å gjera, men som var eit politisk og administrativt nivå under heradsstyret. Soknestyret hadde mellom anna ansvaret for fattigstellet. Og den som hadde fått flest røyster i soknet, vart formann og sat i formannskapet.

Alt frå 1896 hadde det vore høve for dei einskilde herada å halde val etter prinsippet om forholdstal, det vil seie at ulike parti og grupper kunne leggje fram lister og at seta i heradsstyret vart fordelte etter kor mange røyster kvar liste fekk. På denne måten kunne fleire politiske syn koma til uttrykk.

Men hos dei som sat med makta lokalt, var mantraet ofte at heradsstyra skulle vera upolitiske. I praksis var det slik at nokre karar kom i hop og vart einige om kven som kunne vera høvelege kandidatar. Slik var det i Aurdal i 1913 ein sakførar, ein postopnar og gamleordføraren Thore T. Aaberg i 1913 kalla inn til møte i Aurdal for å få fram namn på kandidatar til heradsstyrevalet, som dei sa «på sakleg og upolitisk grunnlag.» Politiske standpunkt skulle ikkje ha noko å seia for kven som kom med i framlegget, sa dei, dei hadde berre utelate folk som ville arbeide for landsmålet. Der gjekk grensa!

Det var stort sett berre bønder som kom med. I Svenes sokn var det namn som Ola Lo, Gudbrand Fodnes, Ole T. Svenes, Nes, Hådem … Det er tydeleg at òg innafor soknet, var den geografiske fordelinga viktig. Det måtte vera frå minst ein frå kvar side av fjorden osv. Men i 1907 kjem det eit innlegg i lokalavisa frå ein som kalla seg «En arbeider», og han spør om ikkje arbeidarane òg burde ha ein plass eller to frå Svenes sokn. … «men der ser ikke ut til at der er nogen der kommer i hug os.»

For særleg i hovudsoknet, i Aurdal og Leira, var det fleire som såg på seg sjølve som arbeidarar og småbrukarar og meinte at dei hadde andre interesser enn bøndene.

I Aurdal hadde dei radikale kreftene ein særs tale- og skrivefør leiar i felespelaren Olav Moe, tidlegare redaktør i bladet Valdres. Moe trudde ikkje lenger på denne «dudeli-visa» om det upolitiske, som han skreiv.

Bygdepolitikk er politikk det òg, meinte han og ville tale «småfolkets sak» som han kalla det. Poenget var at han ville ha forholdstalsval.

Ved valet i 1919 vart lova endra att slik at herada blir pålagde å halde forholdstalsval i dei sokna der det låg føre to eller fleire lister. Det gjorde det då i Aurdal og Skrautvål, mens ein i Svenes og Ulnes held fram på gamlemåten til utpå tredvetalet.

Det er elles interessant å merkje seg at Vestre Slidre var tidleg ute med å opne for forholdstalsval, sjølv om det nok ikkje var der ein fann dei største klassemotsetnadene. Kanskje vitnar det om ein meir moden politisk kultur der. Men dette har eg ikkje gått inn i.

Attende til Erik Strand:
Han blir varamann til heradsstyret i 1907, kjem han inn fast frå 1910 og blir ordførar frå 1920. Då var praksis her slik at viss ordføraren kom frå eit av anneksa, Ulnes, Skrautvål eller Svenes, så skulle hovudsoknet ha varaordføraren. Der var det lista til Olav Moe som hadde fått flest røyster, og med det han varaordførar. Erik Strand og Olav Moe stod på kvar sin ytterkant i det politiske landskapet i Valdres. Personleg var dei òg heilt forskjellige: den eine frilynt felespelar, den andre prega av ei alvorsam gudstru. Dei var som hund og katt, og krangelen gjekk og i avisspaltene. Skulle ein gjera nok med dyrtida, skreiv Erik Strand, måtte «småfolket til Moe ta oppatt den gamle skikken å arbeide». Til det svara Moe at småfolket arbeidde vel så mykje som det Erik gjorde for den løna han fekk som lærar og ymse godtgjeringar attåt.

Kva slags saker handsama dei i heradsstyret? Skjenkeløyve gjekk att. Ein ting var å skjenke turistane, men bygdefolket og særleg ungdomen burde skånast. «Drik og usædelighed er det norske folks største ulykke, og disse to følges ofte ad» skreiv Erik Strand i 1913. Og så var det budsjettsaker, naturleg nok. Kraftutbygging var ei anna viktig sak, det var stor optimisme etter at første verdskrigen var over.

Stortingsval
Det var ikkje berre den lokale politikken som hadde vore «upolitisk». Heller ikkje ved stortingsvala var det sterke partipolitiske skilleliner i Valdres ved hundreårsskiftet.

Fram til 1921 var det einmannskrinsar ved Stortingsval, og Valdres var eigen krins. Her i dalen var det Venstre som var det store partiet. Og heilt sidan partiet vart skipa i 1884, var det dette partiet som hadde stortingsmennene frå Valdres. Det var Ola Knutsson Ødegaard, skulemann, lensmann og seinare folkeminnesamlar frå Vestre Slidre, og så gardbrukar Elling Eriksson Wold frå Sør-Aurdal. Desse to bytta i mange år på å vera Valdres sin mann på tinget.

Men Venstre vart for breitt og sprakk. Dei mest radikale gjekk ut og skipa Arbeiderdemokratane, eit parti som særleg stod sterkt i Hedmark og Oppland. Her skal vi merke oss partileiaren. Det var Gjøvik-advokaten Johan Castberg, og han blir hugsa for to ting. For det fyrste var det han som stod bak det som vart kalla barnelovene, som gjorde at ungar fødde utanfor ekteskap fekk arverett. Men viktigare i denne samanhengen har var at han fekk gjennom den fyrste konsesjonslovgivinga. Det handla fyrst og fremst om vasskraft, men det var eit heilt nytt prinsipp og ein inngripen i den private eigedomsretten som gjorde at mange vart redde. Som ein kar frå Åbjørstølen i Tisleidalen skreiv i avisa Valdres i 1915. Han heitte Thore Eriksson Aaberg og var onkel til Erik Strand: «Hva hunden skal stat og kommune ha med min rætmessige eiendom at gjøre.» Slik var det nok mange som tenkte om konsesjonslovgivinga. I Valdres var det altså Olav Moe frå Aurdal som var leiaren for Arbeiderdemokratane.

Så sjølv om Arbeiderdemokratene sjølve kalte seg eit ikkje-sosialistisk arbeidarparti, var det redsla for sosialismen som motstandarane spelte på. Og i Valdres kom motstanden frå ei anna utbrytargruppe frå Venstre. Dei kalla seg Frisindede Venstre. Desse var dei mest konservative, og stod partiet Høgre nært. Stortingsmann frå 1909-1912, lensmann Helge Thune frå Vang, sokna til dei Frisindede, det same gjorde doktoren i Etnedal og doktoren i Bagn, og fleire sakførarar i dalføret.

Og det var i denne flokken at kyrkjesongaren i Svenis, Erik Strand, fann den fyrste politiske heimen sin. Det var med andre ord ikkje fyrst og fremst bøndene som søkte til de Frisindede.

Det gamle Venstre levde framleis, I Valdres brukte dei ofte nemninga Bondevenstre. Dei hadde folkehøgskulestyraren Ola Eriksson Bø frå Ulnes, i leiinga , saman med veteranen OK Ødegaard og så Knut Alfstad og Ole Bjelbøle frå Øystre Slidre.

Så frå valet i 1907 var det var ei oppsplitting på borgarleg side i Valdres. Bondevenstre, Frisindede Venstre og Høgre slost om dei same veljarane. Og ved valet i 1912 så la denne oppsplittinga vegen open for Arbeiderdemokratene sin mann, øystreslidringen og sakføraren Ole Gudbrandsson Hovi. Han kom på tinget. Det same skjedde i 1915 då folkehøgskulestyraren og museumsmannen Olaus Islandsmoen fekk Valdres-setet på tinget, innvald for Arbeiderdemokratene.

Det må nemnast her at Arbeidarpartiet ikkje var aktive i Valdres før på slutten av 1920-talet då Olav Meisdalshagen frå Skrautvål kom med.

Så etter to periodar med «radikale» representantar frå Valdres, kom det eit rop om bondesamling. Ropet kom frå dei Frisindede med Erik Strand i front. Bøndene måtte stå saman for å slost mot sosialismen, var slagordet. Frisindede Venstre ville ha eit forpliktande samarbeid med Landmandsforbundet og Venstre.

Landmandsforbundet, som var stifta i 1896, hadde vore ein fagorganisasjon for bøndene. Men heilt frå starten gjekk diskusjonen om ikkje forbundet burde agere som eit politisk parti og stille lister ved Stortingsvala.

Men Venstre-mennene i Valdres var skeptiske til eit slikt samarbeid. Ola E. Bø, folkehøgskulestyraren frå Ulnes, skreiv: « Partipolitikken har sin grund i menneskenes natur og livssyn – slik også hos bonden». Han meinte at ein ikkje kunne vente at bønder skulle vera samde om alt, og at det difor var meiningslaust for bøndene med eigne lister.

Spørsmålet vart òg om kven som var bonde god nok. Som Venstre-mannen Ole Bjelbøle sa det i 1915: «Tør man spørre hvad har kirkesanger Strand å gjøre på Landmandsforbundets kretsmøte?» For der hadde kyrkjesongaren og doktor Evjen frå Bagn stilt opp og prøvd å kuppe møtet for å få til eit listesamarbeid.

Kyrkjesongaren hadde rett nok eit bruk på 20 mål, men det var ikkje det som var viktigaste inntektskjelda hans. Og Bø spurte om dei som ivra for bondesamling, det vil seia lensmann Thune, doktorane Evjen og Wischman og kyrkjesongar Strand var meir bønder enn venstremennene Ødegaard, Bjelbøle og Alfstad.

Men samling vart det. I 1918 vart Landmandsforbundet, Venstre og Frisindede einige om ein felles kandidat i Valdres, Ola Tronrud frå Bagn. Lista hadde nemninga Venstre/Landmandsforbundet, og avtala var at den som vart valt på denne lista skulle vera del av Venstre si stortingsgruppe. Tronrud vann og vart Valdres sin tingmann.

Så i 1920 bestemte Landsmandsforbundet seg for å ta steget fullt ut og bli eit politisk parti. Avgjerda var at forbundet skulle halde fram med det landbruksfaglege arbeidet, men at det politiske arbeidet skulle skiljast ut i ei eiga eining med eiga leiing.

Med «landmendene» som politisk parti vart det politiske landskapet i Valdres på borgarleg side heilt endra. Helge Thune, meldte overgang, det same gjorde Erik Strand som skulle ta over etter han, og venstremannen Ole Bjelbøle. Olav Moe, som hadde vore den fremste radikalaren i dalen, gjekk og etter kvart over frå Arbeiderdemokratene til Bondepartiet. Frisindede Venstre og Arbeiderdemokratene forsvann meir eller mindre i Valdres utover på 20 og tredvetalet. Det same med Høgre, men dei hadde likevel aldri hatt riktig hatt fotfeste her.

Men i 1919 hadde det kome ei endring i vallova. Det var ikkje lenger einmannskrinsar, Valdres var ikkje lenger eigen krins. Og den som ville inn på Stortinget, måtte koma langt nok opp på partiet si Opplands-liste.
Likevel, ved valet i 1921 fekk Landmandsforbundet inn ein valdris på tinget. Det var lensmann Helge Nilsson Thune frå Vang. Han hadde hatt plass der frå 1909 til 1912, då for Frisindede Venstre. Far hans, Nils Trondsson Thune, hadde og sete på Stortinget på 1870-talet. Vallista i 1921 bar namnet Norsk Landmandsforbund med Norges Bondelag i parentes.

Thune vart sitjande i tre periodar på tjuetalet, den siste som president for Lagtinget. Thune var både den første og den siste representanten frå Valdres frå Landmandsforbundet. For ved neste val, i 1924 er det namnet Bondepartiet som står på vallistene. Det var Landmandsforbundet si stortingsgruppa som fyrst begynte å bruke namnet Bondepartiet, og frå 1921 var det det namnet som gjaldt. Heilt til 1959 då namnet vart Senterpartiet.

Erik Strand vart i 1920 valt til den fyrste leiaren for det politiske arbeidet i Landmandsforbundet, og han vart òg leiar av lokallaget i Nord-Aurdal. Og både i Vang og nørre Aurdal vart dei ei sterk mobilisering. Det vart vald rotemenn i alle skulekrinsar: til dømes tre frå Tisleidalen, tre frå Strønd og Fødnes, tre frå Skrautvål, og så bortetter. Rett nok var det ikkje berre politikk desse rotemennene skulle styre med, den fyrste oppgåva for rotemennene var å samle gevinstar til eit lotteri. Slik er det kanskje i dag og? Dei tillitsvalde må ordne med så mangt.

Erik Strand blei attvalt som ordførar i 1923 og 1926, og ordførarane var alltid med i diskusjonen føre stortingvala. Men Erik Strand nådde aldri høgre opp på Bondepartiet si Opplandsliste enn nummer seks og sju, utan sjanse til fast plass.

I 1926 vart så stillinga som lensmann ledig i Nord-Aurdal. Erik Strand søkte og fekk ho. Ei alt anna enn makeleg stilling, skriv avisa Valdres. Ho krev eit arbeidsjern og ein rakrygga og karakterfast mann som ikkje ser gjennom fingrane «med gamal slendrian og lystige forteelser, men resolutt griper inn der hvor det bør gripes inn.» Avisa meiner at Erik er rett mann på den plassen, for som dei skriv: «han er en uforferdet handlingens mann» og «han er ingen kujon».

Då han vart lensmann gjekk Erik av som ordførar og var på veg ut av politikken.
Men kvifor stod han likevel på Stortinget i 1933 og var så sint og tala om Torpa?

Torpa
Jo, det hadde seg slik at Torpa, som då var eige herad hadde gått konkurs og vart sett under administrasjon. Det skjedde mange kommunar på den tida for det hadde vorte satsa hardt blant anna på kraftutbygging samstundes med at det var lite overskot i jord- og skogbruket.

Og det blir lensmannen i Nord-Aurdal som i 1928 blir utnemnd i statsråd til å styre konkursbuet Torpa. Dei var tre menn i administrasjonsstyret: Torpa sin eigen representant var ein lokal politikar, tidlegare ordførar, og kreditorane sin mann var ein sakførar på Dokka.

Disse tre skulle godkjenne alle utbetalingar frå kommunen.

Så var saken den at det om lag samtidig hadde brote ut ein arbeidskonflikt som råka Torpa hardt. Det var tømmerfløytarar som forlangte tariffavtale, ein konflikt som etterkvart nesten lamma skogsdrifta i Randsfjordvassdraget. Det fantes inga streikekasse, så for dei streikande vart fattigkassa einaste utvegen. Og med det så vart administrasjonsstyret part i konflikten. Steiken fekk stor merksemd nasjonalt, han spreidde seg til Drammensvassdraget, og statspolitiet vart sett inn.

Erik sitt namn vart kjent, og plutseleg var han nummer tre på Bondepartiet si Stortingsliste i 1930. To plassar var sikre, om den tredje sto kampen mot Arbeidarpartiet sin 3. kandidat, hedølen Eirik Klemmetsrud, ordførar i Sør-Aurdal. Erik Strand køyrde ein hard valkamp og sa at Ap hadde erklæra krig mot kristendomen og at dei fekk meiningane sine diktert frå Moskva. «Vil du ha borgerkrig og brodermord?» skreiv han. Om folk var redde Arbeidarpartiet eller gjerne ville ha Erik, er ikkje godt å seia, men han tok det siste Opplandsmandatet og kom inn på tinget.

For fagrørsla vart det ein heilt ny situasjon. Leiaren i administrasjonsstyret i Torpa var stortingsmann i kanskje det partiet som stod hardast imot dei streikande.

Oppland Arbeiderblad, som på denne tida var eit partiorgan, nytta høvet: «Stortingsmann Strand er enig i den fryktelige utsulting av Torpas befolkning» var ei førsteside vinteren 1931. At han «svinga «sultepisken» var eit anna omgrep dei brukte den vinteren.

Valdrisar involverte i Randsfjordkonflikten
Det som òg var spesielt, var at ein annan valdris, Einar Haganæs, opphaveleg frå Aurdal, hadde ei viktig rolle i Torpa-konflikten. Han var krigsflygar og ein periode tilsett ved flyskulen på Kjeller. Han tok ei sterk interesse i skogsarbeidarane sine kår, og under Ransfjordkonflikten vart han tilsett i Norsk Skog- og Landarbeiderforbund. Ikkje berre var han sentral i organisasjonen, han skal òg ha vore med å slåst ute i skogen. For det var fysiske kampar mellom dei streikande og streikebrytarar. Eller dei arbeidsvillige» som den andre sida kalla dei.

Men Haganes var òg ein god skribent, og han styrte Oppland Arbeiderblad sitt Valdreskontor. Når han fekk det for travelt i Torpa, tok Olav Meisdalshagen over pennen. Haganes og Meisdalshagen starte saman det fyrste Arbeidarpartilaget i Valdres, i Aurdal, på denne tida.

Det er mykje ein kan seie om situasjonen i Torpa. Heradet var politisk delt. Det var til dømes det einaste heradet i landet som fekk ein demokratisk vald ordførar frå NS. Konflikten i Torpa stod om viktige prinsipp i arbeidslivet og vart ikkje løyst før i 1936. Då var det Arbeiderpartiet som regjerte, og då kom det ei løysing på Torpa si gjeld. For meg ser det ut som om tidlegare regjeringar ikkje ville ha ei løysing. Dei ville gjerne ha ei sterk hand på rattet i Torpa så lenge arbeidskonflikten heldt fram. Den handa hadde Erik Strand.

På Stortinget
Erik Strand kom soleis inn på Stortinget i 1930 og sat der dei to åra då Bondepartiet hadde regjeringsmakta. Det var nok ei av dei mest turbulente tidene i norsk regjeringshistorie. Ikkje berre var det ei tid med stor arbeidsløyse, lange streikar, økonomisk krise, men Bondepartiet hadde svakt grunnlag i Stortinget (25 mann), var urøynde i regjering, den fyrste regjeringssjefen Peder Kolstad døydde brått etter eit år, og han som overtok, Jens Hundseid, var oppfarande og lite føreseieleg. Til alt overmål hadde dei Quisling som forsvarsminister, og han var ustyrleg og laga mykje bråk i Stortinget. Jens Hundseid hadde inga styring med Quisling i regjering. Alt bråket i regjeringa må ha verka inn på arbeidet i partiet si stortingsgruppa.

Erik Strand var som alle andre oppteken av saker som gjaldt eigen region. Å få staten til å ta over ansvaret for Valdres-banen kom att kvart år. Elles stod han støtt på Bondepartiet sitt program og tala sparing. Men her i denne forsamlinga kan vi merke oss, han ville ha løyvingar til dei små bygdemusea og til Valdres Husflidcentral.

Men det som vekte kjensler hos han gjaldt to ting: Gud og fagrørsla. Motsette kjensler kan ein seia.

Våren 1933 debatterte Stortinget om dei skulle og kunne forby eit teaterstykke som var satt opp på Nasjonalteatret. «Guds grønne enger», heitte det, og fleire meinte det var blasfemisk. Og som i så mange debattar var det ulike motiv hjå dei som tok ordet. Men Erik tala utan tvil ut frå trua si. «Han er den høyest ophøide himmelens og jordens herre og konge.» Erik Strand hadde heile livet ei alvorsam gudstru og var aldri redd for å peike på det han meinte var Guds vilje.

«Arbeidsløsheten er etter mitt kjennskap i stor utstrekning skapt med viten, vilje og velbehag som et våpen i klassekampen.» Slik innleier han eit ordskifte om løyving til tiltak mot arbeidsløyse. Og det er då han dreg fram det vesle heftet med tittelen «Torpa» i raud skrift. Det var skrive av den kommunistiske organisasjonen «Internasjonal Arbeiderhjelp» etter eit besøk til Torpa. Det fekk han til å sjå raudt!

Erik Strand meldte våren 1933 frå at han ikkje ville ta attval til Stortinget. Han var nok ein betre lensmann enn han var politikar. Kompromiss og taktikkeri låg ikkje for han.

Men attende til Valdres:
Han tok ei ny periode i heradsstyret 1934-1937, men så gav han seg. Då var det ikkje lenger Arbeiderdemokratene og Olav Moe som var hovudmotstandar, men Arbeidarpartiet med Olav Meisdalshagen, seinare tingmann og finansminister.

Under okkupasjonen vart han avsett som lensmann, og det er karakteristisk for Erik Strand at det er frå Bibelen han hentar svaret då han nektar å melde seg inn i NS. Den føraren han hadde, skreiv han, hadde sin programtale i Matheus evangeliet 5. kap. Det er Bergpreikene.

Ordskiftet
Mange hadde lest mykje. Bibelen og ein del salmar var eit felles referansegrunnlag. Det var ikkje nødvendigvis eit poeng å skrive eller snakke slik at alle forstod ein. OK Ødegaard skriv i avisa at Erik Strand «har plantet sin nese på Libanon, liksom et tårn der vender mot Damaskus». Ødegaard hadde henta inspirasjon frå eit erotisk dikt i Salomos høysang. Og det er ikkje så lett å vite kva han ville seie med dette. Så går han vidare til Mattheus evangeliet og seier at Erik «går i vannet som Gergesenernes svin». Det var nok fleire då enn no som skjønte kva han meinte, men det kan vel knapt kallast folkeleg språk.

Olav Moe gjer bruk av ein Grundtvig-salme «Hva solskinn er for den sorte muld, er sann opplysning for muldets frende» for å seie at Erik Strand verken er opplyst eller heiderleg.

Det har slått meg kor krass tonen var i debatten. Tonen var frisk, både i lokalpolitikken og på Stortinget.
• Nygaardsvold kalla Erik for «innskrenket på det sosiale området», utan å bli klubba ned for det.
• Og Erik skreiv i avisa at Olav Moe, som i mange år var den radikale røysta i heradsstyret, ikkje var så mykje tess som bonde, og at det ikkje ein gong var Olav Moe sjølv som eigde garden, det var kona hans.
• Prosten Wisløff sat i heradsstyret og kalla dei andre der for «sinnsyke folk».
• Ein sakførar på Fagernes skreiv om ein partikollega som var doktor i Etnedal, og som han syntest tek seg til rette, at han var ekspert på alt mellom himmel og helvete. Og det var ikkje meint som ros.
Det er mykje vi i dag kan le av, men vi skal huske på at vi sit med fasiten. Vi veit korleis det gjekk. Ikkje minst gjeld det redsla for kommunismen på tjuetalet. «De fedrelandsløse», var ei nemning Erik brukte jamleg om sosialistane, ikkje minst i 17. mai talene han heldt som ordførar og lensmann.

Eg har gitt boka undertittelen «Om menn og politikk i Valdres 1905-1940». Ja, for det var berre menn. Det var inga kvinne i heradsstyret i Nord-Aurdal før krigen. Truleg ikkje i heile Valdres, men der er eg ikkje heilt sikker. Kvinner var heller ikkje nemnde som moglege kandidatar. Og kvinner tok ikkje del i det offentlege ordskiftet. Dei aller fleste måtte døy før dei fekk namnet sitt i lokalavisa.

Ja, kva meinte Erik Strand om kvinner i styre og stell? Ein sumardag køyrde han lensmannsbilen gjennom Aurdal, og i Torshaugsvingen kolliderte han med oslodama og skodespelarinna fru Soot. Fru Soot meinte at lensmannen hadde halde stor fart og kome over i feil køyrebane, noko Erik var heilt ueinig i. Etter at det smalt, uttala han at «luksusdamer fra Oslo ikke burde ha lov til å kjøre bil.» Det vart rettssak, og han stadfesta det han hadde sagt. Han vann og «luksusdama» fekk bot.

Men: Stort sett var det dottera Elida som køyrde lensmannsbilen. Då Erik vart tilsett som lensmann, vart den 20 år gamle dottera hans, Elida, kontorhjelp. Det var vel ikkje unaturleg. Men då Erik skal ha permisjon for å møte på Stortinget, rykker lensmannsbetjenten opp som lensmann og Elida blir utnemnt til ny lensmannsbetjent. Det var nok ikkje mange kvinnelege lensmannsbetjentar i 1930. At dette var Eriks initiativ er heilt klart. Men Oppland Arbeiderblad raljerer over tjuvar og heimebrennarar som nok ikkje vil bli skremt av denne «jentungen». «Henge lensmannsmerket på en jentunge» som dei skriv. Ikkje berre det: jobben skulle gis til ein som trengte han. Underforstått, det gjorde ikkje ei kvinne.

Alle er barn av si tid, heiter det. Og eg vil seia at det gjeld politikarar endå meir enn oss andre. Dei må fange tidsanden, som det heiter i dag. Skal ein forstå ein politikar, så må ein forstå den tida han levde i. Erik Strand var politisk aktiv frå 1905 til 1940. Så eit spørsmål eg stilte meg heile tida gjennom skrivinga, var om eg faktisk hadde forstått tida han levde i.

Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1