Hopp til hovudinnhald

Elling Goplerud

Elling Goplerud (1864-1932) var ungkar og bonde på slektsgarden sør i Hedalen. Der laga både eit gardsmuseum og eit slags utandørs kyrkjerom på Vatneberget med mengder av steiner og bautaer. Den største er tre meter høg og til minne om Goplerudætta. Det måtte 7 hestar og 18 mann måtte til for å få frakta fram steinen.

Elling var særs interessert i speidarsaka, og bidrog til at garden hans vart fast møtestad for utdanning av speidarleiarar frå heile landet. Staden skal ha passa godt: «Her var et av vårt lands mest yndede egne, — storslagen natur med dyp betagende ensomhet.»

Anders Mehlum, redaktøren av vekebladet Nu, gjekk mykje gjennom Hedalen og Vassfaret og samla stoff  – med «heile sitt kontor» under armen. I 1925 skreiv han om Goplerud at han var både godseigar, keisar, farsediktar og «Selvhersker af det gode Slaget».

På biletet er Elling kledd i ein bunad som er ein kopi av staskleda til far sin. Foto: A. Johansen. BHS 0005.

19. mars 2021

Kjelder

Mehlum, Anders: "Godsejer E. Goplerud" i Vekebladet Nu, 15-17 1925.
Gjermundsen, Jon Ola: Gard og bygd i Sør-Aurdal, D. Hedalen. Valdres 1992.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1