Tale ved Elisabeth Kværne si båre
Eg vil få bera fram ei helsing og ein takk på vegne av tilsette og tidlegare kollegaer ved Valdresmusea. Folkemusikkarkivet på Fagernes var arbeidsplassen til Elisabeth i nesten 20 år, frå 2004 til 2023. Elisabeth var ein fagleg svært dyktig, høgt akta og godt likt kollega. I dag er vi fylde av eit stort sakn og endå større vemod.
Sjølv om innsatsen i det daglege var knytt til den lokale musikken og dansen, så var interessa hennar stor for kultur og menneske frå heile verda. Og det begrensa seg ikkje til musikken åleine, men roma heile spekteret av kulturelle ytringsformer. Frå kunst og handverk, til kulturlandskap og Tibet, og kvardagen for dei som blir straffa berre for å elska tonespråket. Elisabeth fronta aldri seg sjølv, men stod på barrikadane for oss alle.
Derfor er det også vanskeleg å gripe denne eine, særlege innsatsen til Elisabeth. Eg kunne nemnt livsverket hennar, boka om langeleiken, som ho skreiv saman med Bjørn Aksdal, eller innsatsen i kulturskulen gjennom 43 år. Men slike innsatsar teiknar ikkje eit heilt bilete av Elisabeth.
Alice Gudheim peikar på det same i eit portrett av Elisabeth, og som kjem på trykk i Årbok for Valdres i år. Og eg har fått lov av Alice til å sitere frå teksten.
Å portrettere Elisabet er som å springe etter sumarfuglar i enga. Ein let seg stadig distrahere av ein ny, greier ikkje fange dei, vil kanskje ikkje heller. Ein trur stadig at ei kode er knekt, no har eg henne, og så flagrar ein ny skapning opp frå ein heilt annan blome. Kanskje er det ingen motsetnad, kanskje alle livsvala til sjuande og sist handlar om kjærleik til dei lange linene som snor seg gjennom musikken og dansen, kunsten og handverket. Kjærleik til alle gåtene som ligg og ventar på å bli løyst, all kunnskapen som hendene forvaltar. Alt dette har vore himmelen over livet til Elisabeth.
Ho sat aldri stille, Elisabeth. Og ho hadde det travelt også på slutten. Om mogleg travlare enn nokon gong. Det var eit timeglas som rann og rann – og ho gav seg i kast med det største prosjektet nokon kan ha: Å rydde i sitt eige liv. Eg veit ikkje om ho kom i mål. Men det er uansett ikkje så farleg for vi er mange som står klare til å ta fatt på oppgåvene, og føre arven etter Elisabeth vidare. Det lovar vi deg.
Takk for innsikt, klokskap og lojalitet. Kvil i fred, Elisabeth.