Hopp til hovudinnhald

Dåpsenglar i kyrkjene

Velkomen til foredrag om dåpsenglane i Valdres og Norden v/kunsthistorikar Elisabeth Andersen ved Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU).

TID: ​Torsdag 12. desember 2019 kl. 19.00
STAD: Valdres Folkemuseum
PRIS: Kr 100
ARR: Valdresmusea
Munkekroen er open i forkant av foredraget

Kampen om dåpsfatet

Dåpsenglar er englar som bær eit dåpsfat i hendane. Dei heng, knelar eller står. Dei fyrste dåpsenglane dukka opp i Nord-Tyskland midt på 1600-talet, og dei hadde si storheitstid på 1700-talet. Då spreidde dei seg òg til Sverige, Danmark og Norge. Mot slutten av 1800-talet vart dei umoderne - då skulle nye moderne døypefontar inn eller endå betre; døypefontane frå mellomalderen skulle tas i bruk att.  ​

I dag har vi bevart over femti dåpsenglar i norske kyrkjer. Tre av dei er i Valdres og er av dei stiligaste! To av dei står med hankebollar i hendane, og dei er lettkledde, staute karar. Den eine står og skin i kyrkja i Bruflat, medan den andre står litt trekt attende på ein sokkel av tre i Ulnes-kyrkja. I Ulnes har vi i tillegg ein litt nyare, yndig knelande dåpsengel laga av bilethoggaren Ole Fladager. To dåpsenglar i same kyrkje er uvanleg! 

Kvifor fekk vi dåpsenglar? Korleis er dåpsenglane i Valdres samanlikna med sine nordiske slektningar? Kvifor vart dåpsenglane så upopulære, og korleis gjekk kampen om dåpsfata?

Dette og meir vil kunsthistorikar Elisabeth Andersen ved Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) utforske. Ho er spesialist på middelalderkunst i norske kyrkjer og har ved fleire høve tidlegare halde foredrag om madonnaen i Hedalskyrkja.

  • 1/3
  • 2/3
  • 3/3
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1