Hopp til hovedinnhold

Bygningsvernet treng ressursar og ny kompetanse

  • Istandsetting av låve på Valdres Folkemuseum. Foto: Håvar Aabol

I 2019 gjennomførte Kulturdepartementet ein tilstandsvurdering av landets 5000 museumsbygningar. For kort tid sidan fekk vi innblikk i kartlegginga og situasjonen er langt frå god. Eit førebels estimat viser at det vil koste over tre milliardar kroner å gje bygningane eit tilfredsstillande vedlikehaldsnivå. Skal vi greie det treng vi friske ressursar, ny kompetanse og felles satsing.

Forfallet i musea er stort. Men det er ikkje manglande vedlikehald åleine som er grunnen til det. Dei siste åra har musea òg fått merke konsekvensane av klimaendringane. I rapporten Varmare, våtare, villare – musea og klimautfordringane les vi at desse endringane skapar nye utfordringar for kulturminnevernet. Med våte vintre aukar omfanget av mikroorganismar – som gir gode vekstvilkår for mugg og sopp. Dette er forhold som bryt ned kulturminna i eit raskt tempo. Då hjelper ikkje tradisjonelt bygningsvern åleine. Vi må bygge ny kompetanse som løyser utfordringane på nye måtar.

Behovet er stort for utforsking av material, verktøy og arbeidsmetodar. Men vi må ikkje berre arbeide annleis. Vi må samordne oss på nye måtar. Då kan ein kanskje skjele til Innlandet der samarbeidet om utdanning og opplæring har vore utprøvd lenge. I eit samarbeid mellom musea, fylkeskommunen og utdanningsinstitusjonane, mellom anna NTNU, har ein bana veg for eit utdanningsløp der ein kjem tett på dei faktiske utfordringane. Ein rådgjevarordning er òg på plass her. Denne er ikkje minst eit gode for kommunane og dei private huseigarane som nyt godt av dei tenestene rådgjevarane tilbyr. Skal ein jobbe vidare med kompetansebygging innfor denne sektoren, kan ein like gjerne bygge på tradisjonane i Innlandet.  

Ei ny museumsmelding er venta i 2021. Denne vil vonleg peike på dei nemnte utfordringane, og behovet for å styrke innsatsen med utdanning og kompetanseheving. Musea i Innlandet har vilje til å drive dette nasjonale kompetansearbeidet. No ventar vi på eit mandat frå staten – og ressursar til eit forprosjekt.  

Føresetnadane for å drive eit nasjonalt utviklingsarbeid er stort her. Musea i Innlandet forvaltar 25 % av dei gamle museumsbygningane i landet. 22 % av desse att er freda. Det er desse bygningane som no møter dei største utfordringane med klimaskiftet. Innlandsklimaet er ikkje lenger tørt og trygt. Dei over 1000 historiske bygningane her møter no blaute vintre som bryt ned kulturminna.  

Ei satsing på bygningsvern vil utvilsamt vere viktig for kulturminna. Men den vil òg skapa ringverknadar for industrien og handverksmiljøa, og slik bli del av det grøne skiftet. Men utviklingsarbeid er krevjande og det fordrar at styresmaktene samordnar innsatsen. Særleg når kulturminneansvaret flyt mellom departementa. Skal ein lukkast innfor bygningsvernet må statsrådane snakke saman, og dei må forstå at musea jobbar for alle kulturminna i Noreg – ikkje berre dei 5000 museumsbygningane. For, om Raja rår over bygningsarven innfor museumsskigarden, er det Rotevatn som har ansvaret for kulturminna elles. Denne delinga opplever musea og kulturminnefeltet som unødvendig byråkratisk– innfor eit område der ein uavhengig av departemental tilknyting har samla seg om måla – å sikre kulturarven og kulturmiljøet for ettertida.

Museumsforum Innlandet har lenge peikt på behovet for sterkare samhandling mellom departementa – om dei utfordringane som no møter bygningsarven – den på musea, og den utanfor musea. For, utan at musea greier å ta vare på bygningsarven på musea, vil vi heller ikkje som nasjon greie å ta vare på kulturarven vår. Kulturminne er eit gode som kan bidra til både miljømessig og økonomisk berekraft, seier statsråd Rotevatn. Då må vi samordne innsatsen og bygge kompetanse som løyser utfordringane på nye måtar. Musea i Innlandet bidreg gjerne.

Ole Aastad Bråten (Direktør Valdresmusea / Museumsforum Innlandet)
​​Sven Inge Sunde (Direktør, Anno Museum / 
Museumsforum Innlandet)

Lesarinnlegg:
Dag og tid, 24. desember 2020
GD, 27. desember 2020

Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1