Hopp til hovedinnhold

Byggeskikken i Valdres

I 1862 kom boka "Om bygningsskikken på landet i Norge". Her vart omgrepet byggjeskikk teke i bruk for fyrste gong. Sundt definerte byggjeskikk som folkeleg praksis for husbygging, og konstaterte at denne praksisen var tufta på uskrivne reglar som folk innanfor geografisk avgrensa område var einige om. Sundt såg i tillegg at desse reglane og normene var stabile over lengre tid. Sundt merkte seg at det var store geografiske skilje og at byggjeskikken på Austlandet skilde seg frå byggjeskikken i andre deler av landet. I Valdres vart den før-industrielle byggjeskikken karakterisert omtrent slik:

Husa var relativt små og dei var lafta av rundtømmer. Husa på garden var samla i tette tun, berre i Vang har det vore tendens i nokre tilfelle til å samle fleire gardar i klyngetun. Eit litt uregelbunde firkant-tun med våningshusa øvst og uthusa lenger nedi bakken har vore den vanlegaste tun-løysinga i Valdres.

Det kunne vera opptil 20 hus på ein vanleg gard i Valdres. Alle husa hadde sin spesielle funksjon: våningshus, kårbygning, loft, stabbur, kyrfjøs, sauefjøs, stall, grisehus, kornlåve, fôrløe, smie, kvern, skåle, eldhus osb, i tillegg til hus på heimstøl og langstøl. Loftet var bygd i to høgder og var eit av dei viktigaste husa på garden. I første høgda oppbevara ein mat: Korn, spekemat, flatbrød, mjøl, salt mm. I andre høgda oppbevara ein tekstilar: Helgeklede, sengeklede/skinnfellar, tepper, vinterklede ol. I andre høgda var det også sengeplass til bruk om sumaren. Loftet skilde seg frå stabburet som berre hadde ein etasje og som var nytta til oppbevaring av mat og reiskap.

Lafteteknikken

Frå cirka år 1000 har ein bygd hus i den teknikken som framleis blir rekna for å vera det mest typiske trekket ved byggjeskikken i Valdres: Laftebygning med saltak og taktekking av torv eller bord, og noko seinare, skifer. I ein laftekonstruksjon er heile laftestokken nytta. Rotenden på stokkane er lagt vekselvis den eine og den andre vegen, slik at stokkane ligg mest mogleg i vater. Utforminga av novene har endra seg gjennom hundreåra.

Den nedste stokken i veggen blir kalla svill. Denne kviler på ein grunnmur eller eit fundament. Stokkane vart festa saman i hjørna ved tilpassa hogg over og under kvar stokk. For at veggane skulle bli tette, måtte kvar stokk tilpassast kvarandre. Til dette brukte dei ein reiskap dei kalla meddrag, som liknar ein gaffel med to tindar. Denne drog dei langsmed stokkane, med ein tind på overstokken og ein tind på understokken. Konturane av understokken vart då overførte, og overstokken kunne hoggast til så han passa akkurat til understokken. Under kvar stokk fylte ein mose, filler, gamle klede og liknande for isolasjon. Bygningsmaterialet var helst malma furu, dernest gran. Nedste omfaret i Skattebustogo er trekanta og er gjort av særleg store tømmerstokkar. Dette var vanleg allereie i mellomalderen og syner i tillegg slektskap til botnsvillane i stavkyrkjene.  

Taket vart laga med sperrer eller åsar, eller i kombinasjon, og med kløyvde stokkar eller bord oppå. Den eldste taktekkinga var torvtaket. Denne var einerådande fram til 1750-åra, då skiferen kom meir i bruk. Skiferen var dominerande fram til om lag 1950. I mange høve vart skifersteinen lagt oppå det gamle torvtaket. Eit torvtak er bygd opp av fleire lag bjørkenever (3–16 lag) og to lag torv, det nedste med torva ned, det andre med torva opp. Slike tak stod gjerne i 25–30 år.

Den akershusiske stoveforma

Grunnplanet i dei tidlegaste husa var to- eller treroms, eitt stoverom og ein eller to mindre klevar med inngang i den eine av dei. På 1700-talet vart inngangen flytt til stoverommet og me fekk det som Eilert Sundt kalla den akershusiske stoveforma. Då vart den gamle gangen gjort om til vasskleve eller eit grovkjøken og den inste kleven vart gjort om til soverom. Dei akershusiske stovene har namn etter det som på den tida var Akershus Amt, og viser til at dette var ei vanleg stoveform på Austlandet på denne tida.

Peis vart vanleg på landsbygda i Noreg på 16 og 1700-talet. Dette gjorde det også mogleg å byggje hus i to høgder, noko som vart vanleg utover på 1700-talet. Som første høgda hadde andre høgda stort sett tre rom, men kunne òg ha to rom med dør inn frå svala til kvart av dei. Mest alle dei akershusiske husa hadde sval framom inngangsdøra, og der huset var tohøgda, var det naturleg at trappa opp i andre etasje gjekk opp i svalgangen. Eit hus i ei høgd vart i Valdres kalla stogo, eit hus i to høgder vart kalla bygning.

Vindauge og glas

Dei eldste vindauga var glasruter med blyinnfatning, slik ein ser det på Haftonbygningen. Her i Valdres kan ein rekne med at slike glas vart nytta frå 1500-talet. Før den tid var lyset frå røykomnen einaste lyskjelde. Etter kvart som teknikken for glasproduksjon vart utvikla, kunne ein produsere større glas og ruter. To-rams vindauge med seks eller åtte ruter i kvar ramme (rokokkovindauge) vart vanleg frå om lag 1750. Rammene var hengsla i sidekarmen og dette gjorde det mogleg å opne glasa, noko som gav betre luft og helse.

Tidleg på 1800-talet vart det vanleg med to-rams vindauge med tre ruter i kvar ramme (empirevindauge). Frå midten av 1800-talet vart vindauget delt opp med ein krysspost, slik at det vart to små rammer øvst og to store rammer nedst, med to ruter i kvar av dei nedste rammene. Frå cirka 1880 vart delesprossa i dei nedste rammene borte, slik at ein fekk det typiske sveitsarstilvindauga. Sveitserstilen er eit anna døme på det nære forholdet mellom byggjeskikk og kampen for å betre folkehelsa. Rettleiingsbøker  frå slutten av 1800-talet gjev greie for forholdet mellom estetikk og sosialt program ved sveitsarstilen. Store glas og opne verandaer skulle gje betre inneklima, meinte ein. 

Ein kan ikkje utan vidare datere hus etter glas og vindauge, folk moderniserte hus før i tida også. Derfor ser ein ofte hus med vindauge frå fleire forskjellige tidsperiodar.  

Byggjeskikk i endring

Omgrepet byggjeskikk har sterke ideologiske føringar og er lite verdinøytralt. Som oftast set ein sluttstreken for den typen hus ein definerer innafor rammene av eit byggjeskikkomgrep, til ein stad mellom 1850 og 1900. Det vil seie solsvidde loft og tømmerhus, slik som husa på Valdres Folkemuseum. Hus produserte etter 1900 blir ofte ikkje rekna som døme på lokal byggjeskikk. Kvifor er det slik?

Bakgrunnen finn ein i ideologisk tenking under Romantikken (1800-talet), som knytte band mellom element frå den norske folkekulturen og ideane om ein norsk nasjonalkarakter. I dette arbeidet søkte romantikarane dei eldste formene innanfor norsk folkekultur, folkekunst og byggjeskikk. Menneska i kulturen vart oppfatta som kulturberer, ikkje kulturskaparar. Endring i byggjeskikk, kunst og klede var korkje ynskjeleg eller vart oppfatta som mogleg. Enno er det ein romantisk ide om den før-industrielle byggjeskikken og estetikken (byggjekulturen fram til cirka 1850), som ligg til grunn for ei forståing av byggjeskikk frå Valdres. Utan å forstå at byggjeskikken romar både variasjonar, endringsvilje, individuell skapartrong, og at den står i forhold til den internasjonale arkitekturen, er det fort at ein kan gå glipp av vesentleg kunnskap om kulturhistoria vår.   

Sveitsarstilen som døme 

Sveitserstilen er knytt til dei store endringane innan landbruket, turismen og industrien frå midten av 1800-talet. Stilen vart mykje nytta på Fagernes, men braut med prinsippa i eldre byggjeskikk. Kjenneteikna er rik ornamentikk i listverk, sperrer, bjelkeendar og rekkverk, i tillegg til opne verandaer og store takutspring. I perioden 1860–1920 vart det reist ei mengd sveitserhus i Valdres og på Fagernes. Annekset (1885) og Skarpsno (1906) er døme på stilen, sjølv om desse er endra sidan den gong. På Valdres Folkemuseum er Slidrehuset og Susen døme på sveitsarstil.

Sveitserstilen symboliserte modernisering og økonomisk vekst, men vart meir eller mindre utskjelt av arkitektane, som meinte stilen mangla forankring i norske byggjetradisjonar. I dag reknar vi sveitserstilen som god byggjeskikk og fleire syner vilje til å ta vare på slike hus, Skarpsno og Østensvig-garden (Fagernes) til dømes). I dag nyttar vi omgrepet byggjeskikk om stilen som for 100 år sidan symboliserte brotet med den gamle, norske byggjeskikken. Her har med andre ord skjedd ein omskaping. Sveitsarstilen er eit godt eksempel på korleis tid og rom, er avgjerande dimensjonar for når og om ein definerer noko som byggjeskikk.

Andre byggjeskikkar på 1900-talet

Tiåra etter hundreårskiftet var prega av store sosiale motsetningar. Eit av måla for arkitektane var å utvikle ein arkitektur utan referansar til gamle sosiale skilje. Dette er noko av bakgrunnen for framveksten av jugendstilen. Fleire hus på Fagernes vart bygde i denne stilen, gjerne i kombinasjon med sveitserstil, drakestil (Øvre Nes gard, til dømes) og klassisistiske stilar. Dei fremste kjenneteikna er bølgjande utskjering og småruta glasruter øvst i vindauga. Vestre Nes gard (nabo til museet) er delvis døme på representativ villaarkitektur i jugendstil.

Arkitektane på byrjinga av 1900-talet var skolerte i ein vestleg, klassisk arkitekturtradisjon. Fleire nybarokke bygningar i Fagernes er døme på denne tradisjonen. Bjerknes (hus sør for Skreddarhuset) langsmed Nes-elva er krona med eit monumentalt mansardtak. Slike tak var vanleg også på hus i jugendstil.

Modernistisk arkitektur vart vanleg på Fagernes frå slutten av 1930-talet. Framleis meinte arkitektane at ein gjennom arkitekturen laut syne sosialt ansvar. Arbeidsrørsla var veksande, folk trong hus, og butilhøva skulle jamne ut dei sosiale skilja. Modernismen skulle vera nyskapande og reinska for overklassesymbolikk. Nye byggjemateriale og ynsket om å setje funksjon føre dekorelement, vart viktige kjenneteikn for modernistisk arkitektur. Fagerlund Hotell, Kredittkassen, Rådhuset og Handelsbygningen er døme på ulike variantar av modernistisk arkitektur.

Interesse for byggjeskikk i vår tid 

På 1980-talet skjedde det store endringar i byggjeskikken på Fagernes. Interessa for gamal byggjeskikk førde til ei dreiing vekk frå modernistisk formspråk. Fagernes Hotell føretok eit hamskifte i 1994. Utvendig fekk hotellet preg av sveitserstil med raust, tårnmotiv og småruta vindauge. Arkitekt Rune Urne var ein av dei som foreina lokal byggjeskikk og moderne formkjensle. Eit av prosjekta hans, Fagernes Lufthamn, er døme på ein slik bygning ikledd ein regional ”bunad”. DnB NOR, Gjestegården, Skysstasjonen og ei mengd bustadhus er andre døme byggjeskikkarkitekturen på 80 og 90-talet. Inspirasjonen finn ein mellom anna i før-industrielle hus, slike som på Valdres Folkemuseum.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1