Hopp til hovedinnhold

Bunadhovudplagg frå Valdres

Utstilling og hefte laga av lokale eldsjelar i Norsk folkedraktforum

  • 1/8
  • 2/8
  • 3/8
  • 4/8
  • 5/8
  • 6/8
  • 7/8
  • 8/8

På Valdres Folkemuseum vart det i juni 2021 opna ei utstilling med hovudplagg som blir nytta til dei ulike bunadene frå Valdres. Over er nokre døme på slike hovudplagg.

Bunader frå Valdres

Eit hefte med utfyllande forklaringar om bunadene som høyrer til hovudplagga i utstillinga er til sals i museumsbutikken.

  • 1/19
    1. Kjol, rekonstruert folkedrakt 1760
  • 2/19
    2. Steglatrøye med låg midje, rekonstruert folkedrakt for Øvre Valdres 1780
  • 3/19
    3. Sjarteliv, rekonstruert folkedrakt for Sør-Valdres 1800–1830
  • 4/19
    4. Bruredrakt for Sør-Valdres 1800–1830
  • 5/19
    5. Sjartetrøye, rekonstruert folkedrakt for Sør-Valdres 1800–1860
  • 6/19
    6. Bringedukdrakt, rekonstruert folkedrakt for Øvre Valdres 1810–1830
  • 7/19
    7. Kvardagsstakk, rekonstruert folkedrakt for Øvre Valdres 1810–1830
  • 8/19
    8. Bruredrakt for Øvre Valdres 1810–1830
  • 9/19
    9. Steglatrøye, rekonstruert folkedrakt for Øvre Valdres 1810–1830
  • 10/19
    10. Atthekta liv, rekonstruert folkedrakt for Vang og Slidre-bygdene 1825–1850
  • 11/19
    11. Blåtrøye, rekonstruert folkedrakt for Øvre Valdres 1825–1850
  • Fire jenter i bunadar frå Valdres
    12/19
    12. Rutastakk, rekonstruert folkedrakt for Øvre Valdres 1850–1870
  • 13/19
    13. Stuttrøye, rekonstruert folkedrakt for Valdres 1850–1870
  • 14/19
    14. Rutakjol, rekonstruert folkedrakt for Sør-Valdres 1850–1870
  • 15/19
    15. Spelemannsbunad for Valdres (og Hallingdal) 1900
  • 16/19
    16. Brodert valdresbunad 1915
  • 17/19
    16. Brodert valdresbunad 1914
  • 18/19
    17. Brodert valdresbunad 1948
  • 19/19
    18. Ny brodert valdresbunad 1948

Fem kategoriar av bunader

  1. Bunader som representerer siste ledd i ei folkedraktutvikling. Folkedrakta, særleg til fest- og høgtidsbruk, fekk etter kvart ny interesse og funksjon som bunad, utan å ha gått ut av bruk.
  2. Bunader som har bakgrunn i ei folkedrakt som var gått av bruk, men som ikkje var gløymd. Trass i at folkedrakta hadde gått ut av bruk, visste mange i store drag korleis ho hadde vore. Til dels laga ein nye plagg etter dette, og til dels brukte ein gamle plagg.
  3. Bunader som er systematisk rekonstruerte på grunnlag av bevarte, gamle folkedraktplagg frå same område, periode og
    drakttype. Desse bunadene er rekonstruerte frå ei folkedrakt etter at ho var gått ut av bruk. I rekonstruksjonsprosessen har ein nytta kjelder som fortel om drakttypen, til dømes skriftlege opplysningar, biletstoff og munnleg tradisjon.
  4. Bunader som er laga på grunnlag av eit tilfeldig og mangelfullt gamalt draktmateriale. Dei delane ein ikkje fann førebilete til, har ein utforma i stil med resten av drakta.
  5. Bunader som heilt eller delvis er fritt komponerte. Enkelte av desse har trekk frå folkedraktmaterialet, medan andre har henta inspirasjon frå ulike typar gjenstandar eller plagg.
    Museum24:Portal - 2024.04.15
    Grunnstilsett-versjon: 1