Hopp til hovudinnhald

Brudekjolar frå Nerre Sørei

I 2008 fekk Valdres Folkemuseum ei flott gåve frå Toril Sørum Boelens. Det var to kjolar, sko, skinnhanskar, understakk og brudeslør. Toril fant dette på loftet i huset sitt på garden Nerre Sørei (99/1) i Aurdal.

I 2008 fekk Valdres Folkemuseum ei flott gåve frå Toril Sørum Boelens. Det var to kjolar, sko, skinnhanskar, understakk og brudeslør. Toril fant dette på loftet i huset sitt på garden Nerre Sørei (99/1) i Aurdal.

Kjolane bar preg av å ha vore lagra lenge, og spesielt den eine kjolen (VFF 20082) var misfarga med gulbrune flekkar. Materialet i kjolen er i tynn kvit gas. Den vaska eg forsiktig og passa på å strekke gasen mens den turka. Forundringa mi var stor då eg såg kor og fin og stiv den vart etter behandlinga. Kjolen har med andre ord eit fantastisk materiale.

Truleg er dette ein fyrstedagskjole. Den er todelt med kjoleliv og skjørt. Kjolelivet er enkelt, men pynta med rubbingar. Skjørtet er utskrådd med kapper nedst og med stor vidde bak. Skjørtet er pynta med same rubbingane.   

Den andre kjolen (VFF 20083) er kanskje ein andredagskjole. Materiale er i tynn ecru-farga ull. Kjolelivet er enkelt og trongt og går ned i ein spiss midt framme. Livet har oppståande krage og opning midt framme med 24 små trekte knappar. Skjørtet er foldelagt med kappe nedst. Baksida på skjørtet har stor vidde med «kø» eller «stjert». Slepet er laust slik at kjolen kan brukast utan. Storleiken på kjolane er lik og har tilhøyrt ein tynn person med livvidde på 62 cm.

Bilete frå mellom anna boka Brudekjolen. Norske bryllaupsmoter gjennom 400, skrive av Anne Kjellberg, viser at kjolane har mykje til felles med brudekjolemoten i 1880- og 90-åra. Spesielt er kjolen VFF 20083 veldig lik ein brudekjole som er sydd hjå Steen og Strøm i 1884.

I Aurdalsbyen budde fleire kondisjonerte og som truleg hadde økonomi til å skaffe seg kostbare moteklede, nett slike som dei omtala brudekjolane. Fleire har skildra motestilen som breidde seg ut i Aurdal sist på 1800-talet. – Dei kledde seg med stil i Aurdal, skriv Jul Haganes i ein artikkel i Årbok for Valdres i 1996. Frå tidleg på 1800-talet vart moten spreidd gjennom motejournalar og moteblad. Kirsten Røvig Håberg skriv i boka Den myke historien at moteblader var inspirasjonskjelder for skreddarar og sydamer frå Lofoten til Gibraltar. 

Etter at symaskina vart vanleg i andre halvdel av 1800-talet vart det også lettare å kle seg moderne. Fleire jenter tok til å sy sjølve, og utfordra slik det mannsdominerte skreddar-hegemoniet.

Kven desse flotte kjolane har tilhøyrt veit ingen sikkert, men Astrid Sørum, mor til Toril Sørum Boelens, trur at kjolane kan ha tilhøyrt Inga Maria Lund, fødd 1870. Ho var ei av døtrene til overrettssakførar H. A. Lund i Aurdal, og gifta seg i 1903 med Gudbrand E. Sørum. Dottera deira, Kari, budde i barndomsheimen på Nerre Sørei til ho døydde i 2005, og då arva Toril huset der kjolane vart funne.

Men det kan vera andre òg som har ått kjolane, då slike kjolar var moten i 1880- og 90- åra, og bryllaupet var i 1903. Men kanskje fekk ho sydd brudeutstyret sitt i god tid før bryllaupet, eller ho overtok det etter andre? Astrid Sørum seier i at Inga Sørum var ei utruleg tynn og spinkel dame, så størrelsen kan i fall passe. I Gard og bygd i Nord-Aurdal, band E, er det også peikt på andre alternativ kjolane kan ha tilhøyrt.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1