Hopp til hovudinnhald

Bolstadbakken - smågutdraumar i 100 år

Dette er historia om eit kulturminne som ikkje lenger finst, men om høgst levande barne- og ungdomsminne. Hoppet og domartribunen i Bolstadbakken er rive for lengst, men forteljingane om gubberenn, bakkerekordar, stive kne og "mauling" (tyder: tryne, dette, falle) i unnarennet gjev klangbotn til smågutdraumar også i vår eiga tid.

Den nasjonale sporten

Skihopping var den viktigaste nasjonale idrettsdisiplinen gjennom heile 1800-talet. Forteljingane om nordmenn med ski på beina strekkjer seg likevel tilbake til midten av 1700-talet. Då Schønings  "Norges Riiges Historie" vart publisert i 1771, vart skihopping og "allehaande Legems Øvelser" for fyrste gong knytt til ideane om nasjonale heltetypar og ein idealisert nasjonalkarakter. I boka Skiidrett før Sondre tek mag. art Olav Christensen livet av myten om at det var nasjonalromantikarane som i perioden 1830–1850 definerte den norske nasjonalkulturen:

"Allerede på 1700-tallet var de viktigste nasjonale elementer utvalgt og defineringen av en egen nasjonalkultur godt i gang. […] Den symbolverden som ble bygget opp er i det store og hele identisk med ettertidens." (Christensen 1993:80).

Historikaren Rune Slagstad peikar på det same i boka Sporten. I 1821 drog studenten C. F. Neumann på oppdagingsferd til Vestlandet, Jotunheimen og Dovrefjell. Med reisa ville Neumann søkje vitskaplege forklaringar til opphavet for fjellformasjonane. Men, reise til Noreg også ein lekk i Neumann si intellektuelle danningsreise – han ville trene og skjerpe blikket sitt gjennom "anskuelsen" av dei norske fjella, som han sa (Slagstad 2008:29). I medvitet til dei intellektuelle hadde det skjedd ei omskaping. Hundre år tidlegare omtala ein landet i nord som barbarisk og usivilisert. Her var ingen kultur,  meinte intelligentsiaen.

Tida etter grunnlovsfestinga i 1814 og fram mot unionsoppløysinga i 1905 gav framgang til ein nasjonal demokratiseringsprosess og vekst i etableringa av kultur- og idrettsorganisasjonar rundt om i landet. Organisering av kultur og idrett skulle stimulere til bygginga av eit felles, nasjonalt verdigrunnlag, tufta på det ein oppfatta som særeigne, norske natur- og kulturverdiar.

Ideane om skihopping som helse- og styrkebringande var gjerne radikalt formulert. I tida fram mot unionsoppløysinga i 1905 vart norsk idrett og friluftsliv skildra i direkte opposisjon til det norsk-svenske unionsfellesskapet. Svenskane var ikkje utrusta i samsvar med topografiske og klimatiske forhold som i Noreg, og dei beherska korkje vinter eller ski, vart det sagt (Christensen 1993:53).

Masserørsle

"Den aukande interessa for allsidig idrett som vi ser i Øystre Slidre, er ein del av ei utvikling som var synleg her i landet og i dei fleste europeiske land på den tida", skriv Asbjørn Windingstad i jubileumsboka for Øystre Slidre idrettslag (Windingstad 2004:28). Interessa for idrett på 1800-talet vaks derimot ikkje fram av ingen ting, men var ei forsterking av moderne kroppsøvings- og kroppsutviklingsideal med røter tilbake til 1700-talet. Den tidlegare omtala Gerhard Schøning (1722–1780) var utan tvil påverka av kulturkritiske, intellektuelle europearar, med ynskje om samfunnsmessige endringar. Det idealiserte bilete av naturen og det naturlege livet var berande motiv i Schøning sin forfattarskap, og den representerte eit brot med eldre forestillingar om det kultiverte mennesket.

Denne åndsretninga er det fyrst og fremst filosofen Jean-Jacques Rousseau (1712–1788) som skal ha æra for. Om Schøning sine inspirasjonskjelder heiter det at "han yndede og meget den berømte Rousseau’s Sætning om Menneskets større Lykke i den naturlige Stand, end i den slebne" (Schøning 1773:Fortalen). Idrett og fysisk aktivitet har sin eigenverdi, og eit sitat frå Øystre Slidre Idrettslag si jubileumsbok illustrerer korleis desse ideane har gjort seg gjeldane også i nyare tid. Sitatet er frå avisa Valdres, laurdag 3. februar 1912:

"Vi hilser med glæde, at der i de første dage vil blive avholdt et par større skistevner i Valdres. […] De flest mulige skiløbere i Valdres bør delta i disse stevner – for skisporten maa ikke komme ut av kurs. Dertil er den en altfor sund og gagnelig idræt." (Windingstad 2004:24).   

Nasjonale føringar og ideologiar til trass, på lokalt nivå fekk ideologiane lite å seie for den kvardagslege, folkelege idrettsutøvinga. For store og små skihopparar var drivkrafta den same som no – viktige metermål, sosiale samkome, sportslege høgdepunkt og personleg suksess. 

Kulturminneåret 2009

I kulturminneåret er det nettopp dei personlege, kvardagslege forteljingane som er sett i sentrum. For mange handlar kulturminne om materielle, målbare objekt – om gjenstandar, slik vi kjenner dei frå musea og kunstsamlingane. Men, utan minna og forteljingane i og omkring desse gjenstandane, har slike minne liten verdi i seg sjølv.

Skyttarlaga fyrst ute

Det er ein samanheng mellom etableringane av dei lokale og nasjonale idrettsorganisasjonane og framveksten av hoppsporten i Øystre Slidre. Ein må likevel gå ut i frå at det har vore idrettsleg aktivitet i Øystre Slidre også i tida før organiseringa av idretten. Så tidleg som i 1867 er det dokumentasjon på skirenn i Øystre Slide, og i 1892 hadde Sigurd Gjero (Hegge) gjort opptak til eit skirenn på Veningstad (Windingstad 2004:17).

Det var skyttarrørsla som stod for var den fyrste idrettsorganiseringa i Øystre Slidre. Utover på 1860-talet vart det danna fleire skyttarlag enn idrettslag i landet, og i Øystre Slidre vart det fyrste skyttarlaget, "Rogne Skyttarlag", stifta i 1867. Sentralorganisasjon har òg verka inn på etableringa av dei lokale skyttarlaga. 15. mars 1861 vart "Centralforeningen for Udbredelse av Legemsøvelser og Vaabenbrug" stifta i Kristiania. Formålet var klart – Centralforeningen skulle oppmode til organisering av fysisk aktivitet og våpenbruk (Windingstad 2004:17).

Dei nyetablerte skyttarlaga stod med tette band til den politiske leiinga, dei var verkemiddel for norske, forsvarspolitiske mål og dei vart viktig aktørar i det som etter kvart vart ein tilspissa politisk situasjon mellom Noreg og Sverige. Det heile kuliminerte då Stortinget 1. juli 1893 etablerte Det frivillige Skyttervesen. Unionstida nærma seg slutten. Nordmenn skulle rustast mot faren frå aust.

Skisporten organiserer seg 

Det er med organiseringa av skisporten på slutten av 1800-talet at hoppbakkane for alvor kjem fram i lyset, snakkast om, skrivast om. Med utgangspunkt i denne veksande aktiviteten vart det etter kvart behov for å organisere og stimulere aktiviteten. I 1897 vart Øystre Slidre Skiforening stifta. Sju år seinare skifta laget namn til Øystre Slidre idrottslag. Om namnskiftet og etableringa av idrettslaget står det fylgjande, i den fyrste lagsprotokollen:

"På festen etter eit premieskirenn i Jonsrud, 7. februar 1904, kom formannen i Øystre Slidre Skiforening, Haakon Skattebu med framlegg om å forandre namnet Øystre Slidre Skiforening til Øystre Slidre idrottslag, som skulle drive all slags idrott. Han kom òg med framlegg til lover for laget, og alt dette vart samrøystes vedtake på staden. Samstundes vart det innmeldt 31 lagsmedlemmer (21 vaksne og 10 ukonfirmerte)". (Ødegaard: Det gamle Øystre Slidre idrottslag's historie 1904–1936:5).             

Det var også val på nytt styre denne dagen, og den fyrste formannen i idrettslaget var Knut T. Jonsrud. Både Jonsrud og Haakon Skattebu hadde vore med i det gamle skiforeiningsstyret, og slik kan ein vel seie at dei begge var med å starte og leggje ned skiforeininga. 

Ein må gå ut i frå at det alt i den fyrste tida fanst mange hoppbakkar i Øystre Slidre, men i den protokollførte delen i laget si historie, finn vi i all hovudsak aktiviteten lagt til Berglibakken (seinare kalla Rudibakken) i Røsslend. Som ein naturleg konsekvens av at Berglibakken kom til å stå i sentrum for hoppaktiviteten i laget, kom også dei beste hopparane i lang tid framover til å vera frå området synst i kommunen. Gode hopparar dei fyrste åra var Gudbrand G. Skatrud, Syver Smedsrud, Ole T. Bakkene, Ola O. Viken og Georg Børresen. Alle var dei 1. premiehopparar med lengder på godt over 25 meter. Utover på 1920- og 30-talet kunne dei beste hopparane strekke seg godt over 40 meter. Den offisielle bakkerekorden i Berglibakken er 47 meter, men det blir fortalt at Hallvard Skattebu hoppa 50 meter, datt og braut den eine foten. Nokon har fortalt at han hoppa 58 meter, men dette har ein ikkje dokumentasjon på (Windingstad 2004:25). Fotografi frå 1943 viser at det framleis er liv i bakken og mange nolevande kan fortelje at dei har hoppa i Berglibakken til langt ut på 1950-talet.

Forfattaren Trygve Bjørgo omtalar heile 33 bakkar i Øystre Slidre, i boka Valdresidrett, truleg har det vore fleire, sjå oversikt bak i artikkelen. I laget si tidlegaste dokumenterte soge er til dømes bakkane i Jonsrud, Veningstad og Hovda omtala. Seinare er det dokumentasjon på skirenn i Rognebakken, Ekerbakken, Alfstadbakken og Langedalsbakken. I 1927 stod den største Herangsbakken ferdig, etter prosjektering i nesten ti år, og dermed var også den dominerande rolla til Berglibakken over.

Bakke for kvart eit lag

Eit typisk trekk frå denne tida er at det er heile fire idrettslag i kommunen. Øystre Slidre idrettslag frå 1904, Fram idrettslag frå 1923, Heggeljom idrettslag frå 1924 og Nordskogingen idrettslag frå 1934. Og som Berglibakken vart bakken til Øystre Slidre idrettslag og Herangsbakkane vart Fram idrettslag sine bakkar, vart Alfstadbakken bakken til Heggeljom idrettslag. I 1949 slo dei fire laga seg saman att til Øystre Slidre Idrettslag.

Bolstadbakken – ein fin, liten bakke

I den dokumenterte soga om Øystre Slidre idrettslag er Bolstadbakken knapt nemnt. Det er ikkje det same som at det ikkje var aktivitet her. Fleire informantar fortel at Bolstadbakken var i bruk allereie tidleg på 1900-talet. Etter at skulen vart flytt til noverande tomt i 1880-åra, må ein gå ut i frå at bakken var i bruk som skuleskibakke. Som skuleskibakke har Bolstadbakken vore i bruk heilt fram til vår tid. Ein informant og tidlegare skuleelev på Sørre Rogne skule fortel at dei rakk eitt hopp i friminuttet, før dei måtte inn att til time. Og dei gongene det vart arrangert skirenn her var det som oftast tjukt med folk til stades. Slike minne illustrerer kva Bolstadbakken i røynda var – sosial samlingsplass for bygdefolket og skuleskibakke for skuleelevane ved Sørre Rogne skule.

No er det fleire som peiker på at det var Vøllebakken som var den eldste og beste bakken i denne delen av bygda. Bakken låg med ovarenn om lag der Ygna Trevarefabrikk seinare etablerte seg, trast nedanfor nye skulehustomta. Bakken held fram over noverande riksveg, med hopp og unnarenn nedanfor her att. Inga Kolstad Helle (1998–1978) var skuleelev på Sørre Rogne skule tidleg på 1900-talet. Ho fortalte at dei kvar vinter var i Vøllebakken, og det var denne bakken skihopparane helst tok i bruk før i tida, i denne delen av bygda.

Dei eldste informantane hugsar godt at det vart arrangert skirenn i Bolstadbakken – også i åra før 2. verdskrigen, og fleire av dei fortel om skirenn her så tidleg som på 1920-talet. Men, i motsetning til konkurranserenn i storbakkane (Berglibakken og Herangsbakken) lenger nord i bygda, og som drog folk frå heile Valdres, vart skirenn i Bolstadbakken helst skipa til for folk i Kolstadbygda. Foreininga ”Sørre Rogne badstogo” var døme på ein slik lokal tilskipar, av både renn og sosiale samkome, noko som gjerne var to sider av same sak på den tida. Skulene i Øystre Slidre skipa også til skuleskirenn. Annakvart år var Sørre Rogne skule arrangør av slike renn, der elevane kjempa om skjold. Arve Helle (1939–) og Ola G. Rogne (1940–) fortel elles om eit uformelt, ikkje-organisert skimiljø i og omkring Bolstadbakken på 1950-talet.

– Var det nokon som kjende ansvar for bakke, skileik og renn på denne tida, var det mest eldre gutar og lokale, sosiale organisasjonar, seier Helle og Rogne.

Dei største organisasjonane stod på sidelina, det var ikkje her ein tok ut kreftene for den verkelege hoppsporten i Øystre Slidre. Og der dei i andre bakkar tevla om pokalar og fat, var det søtsaker som lokka unggutane til skirenn i Bolstadbakken. Ein gong var det Per Engen, kafédrivar på Melbybrøta, som tok på seg å vere arrangør av eit skirenn i Bolstadbakken. Då resultatlista vart kunngjord i kafeen noko seinare på dagen, var det sjølvsagt sjokolade som låg på premiebordet.

Den eldste bakken i Bolstad

Fram til 1960-talet vart Bolstadbakken rekna for å vere ein liten 20-metersbakke. Dette var ein ordinær naturbakke utan planert hopp og utgrave unnarenn. Ovarennet starta ved låven på Kolstad. Mellom ovarennet og overgangen til hoppet var det ein tverr søkk. Dersom ein stod her var det i seg sjølv eit kunststykke. På ettervinteren vart snøen i ovarennet hardare og då flytte dei hoppet lenger innpå kulen. Då var mest heile området så hardtråkka at ein kunne gå på føtene der. Den eldste Bolstadbakken var ein utradisjonell, og ikkje særleg god hoppbakke, men lengdene strekte seg til godt over 20 meter. Fyrst på 1960-talet drog dei hoppet lenger opp i ovarennet, det vart bygd trehopp og tribune, men bakken vart ikkje betre av den grunn.

Stollaradn

Uorganiserte fritidsaktivitetar er sjeldan i sentrum for offisiell historieskriving, og det er få skriftlege kjelder som omtaler skihopping i Bolstadbakken. I staden er det ein gutegjeng på fire som skal gje farge til, og eit tidsbilete av skihoppinga i Bolstadbakken på 1940- og 50-talet. Arve Helle (1939–), Sigurd Bolstad (1940–), Steinar Hovi (1939–) og Ola G. Rogne (1940–). Alle vaks dei opp med kort avstand til skibakken i Bolstad, og det var desse fire som utgjorde den harde kjernen i gutemiljøet i Kolstadbygda i etterkrigsåra – initiativrike og kreative (eigen  fotballklubb, Rappfot, hadde dei òg) og med evne til å sjå det store i vesle – som eit apropos til essensen i forteljinga om Bolstadbakken. Kameratgjengen si glansperiode i Bolstadbakken var i perioden 1945–1955. I 1947 begynte dei på Sørre Rogne skule. Her gjekk dei annakvar dag dei to fyrste åra. Dei dagane dei ikkje var i skulen var dei stort sett i Bolstadbakken. Preparert bakke sytte dei for sjølv, kvar vinter frå 6-7-års alderen. Arve Helle seier at:

– Eg kan aldri hugse vi fikk hjelp av vaksne, dette var noko vi ordna med sjølve. Dei vaksne var berre med når det var skirenn, elles var det småguten som regjerte i her.

I ungdomstida kom desse fire til å gå under namnet Stollaradn. Det var Ola Hall (1917–2000), gardbrukar og postopnar i Øystre Slidre, som gav gutane oppnamnet. Kva var grunnen til det? Hall skal ha vore svært interessert i skiferdrifta i Rogne. I bergverkssamanheng er ordet stoll nemninga på ein skrånande gruvegang med opning i dagen, eller sambandet mellom jordoverflata og underjordiske gruvegangar. Kva Hall såg i gutane som skulle minne om bergverksdrift og gruveslusk skal vera uvisst, men namnet var hengande ved gutane frå den tid og fram til i dag. 

Smågutdraumar

Dersom ein spurde ein smågut på 1950-talet kva han skulle bli når han vart vaksen, svara han kan hende Holmenkoll-hoppar. Det var ikkje så rart. Det kvilte ein historisk sus over ærverdige Holmenkollen. Skirenn i Kollen var djupt forankra i medvitet åt det norske folk, og renommeet til bakken var knytt til nasjonale, maskuline idrettsideal. Hopping i Kollen var definitivt det idrettslege målet for smågutar på denne tida. Særleg etter olympiaden i 1952 fekk draumen om Kollen ein ny glans.

– Me levde oss inn i livet til dei store skihopparane. Det vart som eit rollespel der me gjekk inn i karakterane som Arnfinn Bergmann, Hans Bjørnstad, Torbjørn Falkanger og Heiki Hasu. Ein av oss kunne til dømes rope: Arnfinn Bergmann! Og så hoppa han som skulle vera Arnfinn Bergmann. Om det då gjekk nokon etter vegen, så var det stor stas om desse stana og såg på. Det var også lokale hopparar me såg opp til. Då me kom i konfirmasjonsalderen var det mellom anna Trygve Volden, Reidar Belgum og Oddbjørn Skjærstein.

Kulturhistorikar Frode Rolandsgard skriv i hovudoppgåva si "Kunsten å bli mann – sosialisering til maskuline uttrykk blant barn og ungdom i øvre Valdres 1925–1940", om korleis det å måle styrke og ferdigheiter er noko gutar har drivi med heilt i frå barndomen. Når dei daglege syslane var unnagjort og ein ikkje måtte på skulen var det ofte god tid til leik. Skihopping fortel alle om, sameleis langrenn, aking på kjelke, snøballkasting, lyfting og skeisegåing (Rolandsgard 2007). Ei av informantane i denne oppgåva uttrykker det slik:

– Det einaste som mø dreiv med som sagt, det va å aka på ski. Og det dreiv mø med heile tide, når mø ikkje måtte arbeide eller lese på lekso. At mø ikkje fraus spent ihel, det har e lurt på mange gonge. Mø va ute sama ko kaldt det va.

Leik har ofte eit tevlingsmoment. Rolandsgard peiker på kor viktig tevling var for ein smågut – det var viktig å slå den og den i hopp, skeiser og langrenn, og også snøballkastinga var ei tevling mellom kameratgjengar. Om tevling i skihopping seier ein av informantane at:

– E låg ved glaset i støgun heime, isamen me`o far, og då hugsa e e vakna om natte, også høyrde e `n far sa «nei, ko går det te det gut» sa`n. Og då låg e krabba på gølve, og då hugsa e det atte det e tok sats før å høppe forbi`n N.N, og då hadde e høppe over`n far også nedpå gølvet. Så så ivrige kunne ein bli altså.

Rolandsgard seier at det berre var gutar som hoppa på ski. Dette kan ein jamføre med opplysningar frå Liv Emma Thorsen si bok "Det fleksible kjønn", der ho fortel at jentene som voks opp i denne tidsperioden ikkje hadde ski (Thorsen 1989). Slik vart idrettsleg leik ein tidleg innføring i mannleg samvær med jamaldringar, og i kontrast til samvær med jentene. Gutane lærde seg at samfunnet verdsette det å vera fysisk sterk og god i noko. Medan familien gav viktig maskulin arbeidskunnskap og arbeidsførebilete, var det mellom jamaldringar at kunnskap, meistring og styrke i særleg grad vart testa ut. Her fekk unggutane målt seg mot andre. Leiken og tevlinga mellom gutane gav mannleg status i kameratflokken.

Om lag det same seier Ola G. Rogne – om skihoppinga i Bolstadbakken. Konkurranse og tevling var ein viktig dimensjon, også for Stollaradn. Mykje av drivkrafta var å hoppa langt, gjerne lengst. Den som meistra kunsten fekk status. Konkurranseaspektet førde òg med seg uvennskap, og det var ikkje alltid Stollaradn skildest som vener etter ein dag i bakken. Stadfesting av eige manndom kom òg til uttrykk gjennom eit ynske å imponere jentene. Då var det viktig å vise seg som kar, som den beste hopparen. Ola G. Rogne seier at:

– I røynda var vel dette noko me berre innbilte oss, at me imponerte jentene. Men for unggutar i konfirmasjonsalderen var desse dimensjonane om lag like viktige som den reint sportslege utøvinga.

Utstyr og klede

Alle hadde ski – av tre. Arve Helle fortel at han, i forhold til mange andre, alltid hadde gode ski.

– Ski fekk eg av brørne mine. Ein gong fekk eg hoppski i julepresang. Dei fyrste bindingane var regulære hælbindingar som me stramma med ei reim bak hælen. Desse var frykteleg lealause og fæle. Etter kvart tok me i bruk hikori-ski, splitcane-ski og kandahar-binding. Sjølv om eg etter forholda hadde bra utstyr, var det dette skihopping utan sikkerheit. Me hadde korkje dressar eller hjelm, slik dei har i dag.

På 1950-talet vart det vanleg med strekkbukse. Arve Helle fortel at han gjekk i strekkbuksa si heile vinteren, på skulen og i skibakken. Laurdagskvelden la han press på buksa, som skulle vera klar til skirenn dagen etter. – Eg hugsar det dampa, seier Helle, for buksa var gjennomblaut av snø og is. Buksa strauk eg på kjøkenbordet. Dagen etter, under skirennet, hadde vi blå v-genser med fin, kvit stripe i halsen – og tilsvarande lue.

Kvardagsleg skileik skjedde på eige hand og utan tilsyn. ­– Eg kan ikkje hugse at eg snakka så mykje med mor og far om dette. Ikkje bekymra dei seg heller, seier Arve Helle. Skileik i Bolstadbakken var noko me held for oss sjølve, seier han. – Men eg hugsar ein gong, då Steinar Hovi braut av foten. Han vart dregen heim til Ni´garden på kjelke. Ein gong drog eg på meg skikkeleg hjerneskaking, i alle fall meinte mor det, som drog meg heim på kjelke.

Gubberenn

Slike renn høyrde ikkje til konkurranseidretten i vanleg meining. Siktemålet var å laga mest mogleg moro, og desse renna skapte mykje liv og samkjensle i ei grend eller ei bygd. Dei var med andre ord ein triveleg miljøfaktor. Litt tevling høyrde også med. Det galdt å hoppe både langt og høgt, og prestasjonane vart stundom mælte både i kvadratmeter og kubikkmeter, i alle fall vart det sagt slik.

Sigurd Bolstad hugsar det vart arrangert gubberenn då han var smågut. – Eg hugsar særleg ein som ok på sykkel. Heilt edru var han ikkje, og datt stadig overende. Men, "e ska nok greie det, meinte han sjølv, og kom til slutt over hoppet. Eg hugsar òg ein gong då ein av bilane frå Helle slakteri stoppa nedved ved vegen. Ut kom ein svær kamel (fire karar utkledd), gjorde ein sving, og så bar det inn att. Sidan kom slaktaren med slaktemaska og skaut kamelen!

I den fyrste tida låg hoppet nedst i bakken eller jamvel ute på flata. Sjølve bakken tente fyrst og fremst til fart. Det var elles vanleg i den fyrste tida når det galdt tevling i hoppbakkane i det heile, ikkje berre på gubberenn. Helst skulle det vera dugeleg spretthopp, til hjelp for "opplyftet", og akarane fór derfor beint til vers. Oftast maula dei, og di meir moro vart det for glåmarane. Men, var det nokon som greidde å stå etter desse luftige sveva, fekk i alle fall slike sprekingar ordet for at dei ikkje var "røtne i føto" (Bjørgo 1992:37).

Rekord

Stollaradn har fortald om skeiseløp på Høvsfjorden, skihopping i Harvehaugen, klining (flatbrød og smør) i Ni´garden, fotballspeling, skirenn, lagsaviser og meir til. Forteljinga om Stollaradn,  Bolstadbakken og gutemiljøet her på 1950-talet avsluttar med følgjande oppramsing av personlege hopprekordar (ikkje Bolstadbakken): Sigurd Bolstad, 36 meter i Herangsbakken, Arve Helle, 50 meter i Midtstubakken, Ola G. Rogne, 36 meter i Herangsbakken og Steinar Hovi, cirka 40 meter i Harvehaugen.          

Nytt lag, ny giv

Bolstadbakken er knapt omtala i lagsprotokollane til Øystre Slidre idrettslag. Det er ikkje før Rognsbygdingane etablerer eige idrettslag i 1959, Rogne idrettslag, at bakken kjem i sentrum for den organiserte idretten i Øystre Slidre. Kvifor eige idrettslag i Rogne, ti år etter at dei fire idrettslaga slo seg saman?

20. april 1959 var 19 personar samla på Melby kafé for å samtale om skipinga av eige idrettslag i Rogne. Bakgrunnen var ein splid mellom initiativtakarane for utbygging av Solhaug samfunnshus og Øystre Slidre idrettslag. Konflikten galdt spørsmålet om finansiering og eigarskap i samband med bygginga av det nye samfunnshuset. Ved tildeling av tilskott til bygging av idrettsanlegg, stilte staten krav om at idrettslaget tok ansvar som deleigar. 

I møte 19. april same året bestemte Øystre Slidre idrettslag seg for at det ikkje hadde kapasitet til å ta på seg ansvaret for bygginga. Dermed var saka klar: eige lag laut skipast dersom ein skulle få gjennomført bygginga av Solhaug med statlege midel. Eit idrettslag med medlemsmessig tyngd synst i Øystre Slidre hadde eksistert tidlegare òg (det gamle Øystre Slidre idrettslag), fram til 1947, men vart seinare slege saman med dei andre idrettslaga i kommunen.

Tippemiddelsaka var dermed den viktigaste årsaka til skipinga av Rogne idrettslag. Men, det kvilte også ein tru på at eit eige lag ville vera til beste – også for idretten, i denne delen av kommunen.           

Alle frammøtte var einige i at ein skulle gå til skiping av idrettslag i Rogne med namnet Rogne idrettslag. Ein meiner at dette best vil tene idretts- og ungdomsarbeidet i denne   delen av bygda.  

På møte 20. april vart det vald førebels styre. Torgeir Bolstad var vald til formann, og Trygve J. Melbye, Ola Røe, Erik Erikson Moe og Ring Rogne som styremedlemmer. 3. juli same året vart det halde konstituerande generalforsamling i det nye idrettslaget. Til formann vart vald Torgeir Bolstad, nestformann Ring Rogne, sekretær Erik Erikson Moen, kasserar Trygve J. Melbye, styremedlem Knut Lindstad, varamenn Eirik Hovi og Torgeir Melbye. Eige skigruppe vart vald med Eirik Hovi som formann.

Filosofien med berre eitt idrettslag i Øystre Slidre, vart altså berre 12 år gamal. Geografisk kom det nye Rogne idrettslag no til å omfatte det som før samanslåinga i 1949, var Øystre Slidre idrettslag.

Ynsket om eige bakke går att i fleire møte, utan at det blir gjort vedtak om korkje bygging eller leige. I årsmeldinga for 1960 går det fram at arbeidet med bakke held fram. Skirenn er arrangert fleire gonger, men: ”det blir ikkje slik som det skal før skibakken er i stand. […]. I året som kjem må laget prøve få sett opp skriftleg avtale med Hovi om leige eller kjøp av grunn til skibakke”, heiter det vidare. På årsmøtet same året vart det notert:

[Om] skibakke vart det gjort vedtak om at Erik Erikson Moe og Torgeir Bolstad skal prøva få til ei avtale med Torgeir Hovi. I vinter får skigruppa prøva få til ein midlertidig skibakke på jordet hjå K. O. Melby. 

Bakken på Bolstad har ei enno ikkje i tankane. I årsmelding for 1961 går det fram at ein enno ikkje har fått til skibakke. I møteprotokollen står at:

Når det gjeld skibakke så er det ikkje gjort noko vedtak. Hjå Inger Hovi er det bra emne til bakke, men mange synes den ligg litt vanskeleg til frå vegen. Styret har samtala ein del om dette, men er ikkje  kome til noko resultat. At laget ikkje har nokon bakke er ikkje bra, så dette bør det arbeidast vidare med.  

Tre år går det før Bolstadbakken vart vurdert som høveleg bakke for idrettslaget. På styremøte 14. november 1962 fekk Nils Lunde i oppdrag å skrive kontrakt med Torgeir Bolstad og Lars Kolstad om skibakke på Bolstad. Frå årsmøtet, tre dagar seinare, vart det opplyst at: ”skigruppa har arbeidt ein del med ny bakke hjå Lars Kolstad og Torgeir Bolstad. Hvis det går etter planen kan ein få til ein bakke på cirka 30 meter. Ein skal prøve å få til ein bakke i vinter.” Det er andre aktuelle skibakkar i Rogne òg. Bolstadbakken og Rognsbakken blir omtala om kvarandre. På styremøte 13. februar 1963 vart Rognsbakken omtala slik:

Formannen refererte skriv frå Øystre Slidre kommune, ungdoms- og idrettsutvalet om Rognsbakken. Utvalet ynskte her eit samarbeid mellom dei to idrettslaga i bygda slik at desse kunne utbyggje bakken og ta på seg vedlikehaldet i lag. Vedtak: laget er interessert i samarbeid med Øystre Slidre idrettslag om Rognsbakken. Formannen vart vald til å møte og forhandle om bruksrett på bakken.          

20. februar same året vart Bolstadbakken omtala att. No har ein planar om utbetring av bakken. Formannen vart pålagt å kontakte T. Viken og prøve å få han til å rette på bakken i haust, heiter det frå møteboka.

Bakken blir utbetra

I årsmeldinga for 1963 går det fram at det har vore arbeidd ein god del med Bolstadbakken, og at denne no er i fin stand. Laget har samtidig sagt seg viljug til samarbeid med Øystre Slidre idrettslag om utbetring av Rognsbakken, men dette har enno ikkje har gått i orden. Frå skigruppa blir det referert at det har vore liten aktivitet det siste året, men det er venta stor aktivitet når Bolstadbakken kjem i stand. Som ein passus til punktet om økonomien i laget vart det lagt til at ein burde få til ei domartribune, og eit mindre hopp ved sidan av det store, heiter det. Same året har laget arbeidd for å få til propagandarenn i julehelga, då: ”ein venta at dette skulle verke stimulerande på interessa mellom dei unge.”

Aktiviteten held seg bra desse åra. Frå årsmøte 14. november i 1964 les me at: ”skigruppa har skipa til to renn, eitt av dei propagandarenn. Her deltok 38 deltakarar frå heile Valdres. Magne Moe Viken frå Vestre Slidre vann seniorklassen og sette ny bakkerekord i Bolstadbakken – 30,5 meter. Gruppestyret har arbeidd mykje med bakken, og denne er no i god stand. […] Arbeidet i skigruppa går bra, med skibakken og propagandarennet som dei største sakene. Dei aktive hevda seg godt i fleire renn, og interessa for skiidretten ser ut for å vera stigande”, heiter det.

Og slik held det på. I årsmeldinga for 1965 står det at: ”laget har skipa til tre klubbrenn. På eit kretsrenn var det med over 60 deltakarar. Bolstadbakken er no ganske bra, vi har arbeidd på overgangen, men denne skulle me gjerne ha pynta på. Ovarennet har vi fått retta på, så no er den òg fult brukbar. Rogne i.l. har søkt om kretsrenn i 1966, vonar det går i orden.” På styremøte hjå Lars Schlytter, 14. oktober 1966, vart det bestemt å gjera om på hoppet i Bolstadbakken.

I årsmelding for 1966 heiter det at: ”skisporten har gått ganske bra. Særleg den yngre garde møter jamt fram. […] Men me trur vi kunne drive dette endå lenger. Vi har hatt eitt kretsrenn med bra deltaking og fire klubbrenn. Våre hopparar har take ein del premiar, då særleg i Bolstadbakken vart det ein 1. premie og to stk. 2. premie.” 13. februar 1966 var det kretshopprenn i Bolstadbakken. Ragnar Sagstuen frå Nordre Land sette ny bakkerekord med 32 meter, og vann rennet.

Bakken ut av bruk

Sidan er det slutt. Ikkje før på utpå 1970-talet les vi om ny interesse for skihopping i Rogne, men store planar om hoppanlegg på Juvikåsen strandar. Rekordhoppet i 1966 sette eit verdig punktum for den organiserte idrettsutøvinga i denne delen av kommunen.

Gulladaren er forbi, meisterskapa finn nye arenaer. Noko av grunnen er truleg arbeidet med dei nye Storefossbakkane som blir stikka ut i 1967. Behovet for satsing og utbetring av bakken i Bolstad fell burt. I 1984 stør Rogne idrettslag arbeidet med bakkeanlegget i Storefoss (fullføring av hoppbakkane, dommartårn, måletrappar og lysanlegg). Det går likevel 20 år før opningsrennet i Storefossbakkane. I 1985 er den store bakken omsider klar, og det ser ut til å blåse liv att i hoppsporten. 

Bakken i Bolstad går mest ut av bruk, men minna om sosiale samkome og stor aktivitet på 1950- og 60-talet gjev håp om ny giv. På årsmøte på Solhaug i 1991 er det fleire som tek til orde for at ein må skipe til gubberenn att. Møtebøkene seier ikkje om dette vart gjennomført. Gullalderen for skihoppinga i Bolstadbakken er over, men på 1990-talet finn nye ”stollarar” seg til rette – Audun Skrindsrud og Torgeir Bolstad.

Ungar i Kolstadbygda tek ikkje lenger ut kreftene i bakken i Bolstad. Draumar om sportslege høgdepunkt, personleg suksess og viktige metermål lever enno – ein annan stad. Kanskje finn dei ein gong tilbake til den vesle bakken i Bolstad.

--

Publisert 25.10.2019

--

Kjelder

Beitrusten, Geir 1987: Gardar og slekt i Øystre Slidre, band B, Volbu og Rogne. Valdres Bygdebok, Valdres Bygdeboks Forlag.
Bjørgo, Trygve 1992: Valdresidrett, fyrste del. Valdres Bygdebok VIII, Valdres Bygdeboks Forlag.
Bjørgo, Trygve 1992: Valdresidrett, andre del. Valdres Bygdebok VIII, Valdres Bygdeboks Forlag.
Christensen, Olav 1993: Skiidrett før Sondre. Vinterveien til et nasjonalt selvbilde. Ad Notam Gyldendal. Oslo.
Rogne idrettslag: Møteprotokoll  1959–1991.
Rolandsgard, Frode 2006: Kunsten å bli mann – sosialisering til maskuline uttrykk blant barn og ungdom i øvre Valdres 1925–1940. Hovudoppgåve i kulturhistorie ved Universitet i Oslo.

Slagstad, Rune 2008: Sporten – en idéhistorisk studie. Pax Forlag AS. Oslo.
Windingstad, Asbjørn 2004: Med fortida inn i framtida. Øystre Slidre idrettslag 1904–2004. Øystre Slidre idrettslag.
Ødegaard, Thorvald: Det gamle Øystre Slidre Idrottslags historie. Frå 1904–1936.

Munnlege kjelder

Arve Helle
Ingrid Bolstad
Kjellaug Bolstad
Kolbein Skaare
Nils Rødningen
Ola G. Rogne
Sigurd Bolstad
Steinar Hovi
Tor Harald Skogheim
Tordis Bolstad
Torgeir Bolstad 

Oversikt over bakkar i Øystre Slidre 

Alfstadbakken
Bakkemarken
Beito
Berglibakken
Bjelbølsbakken
Bolstadbakken
Bratthaugbakken
Dalabakken
Dale
Hauglibakken
Hauglibakken
Havrehaugen
Heggejordet
Herangsbakken (uoffisiell bakkerekord, 63 meter)
Idstad
Jordisbakken
Langedalsbakken
Lyngstad
Molor
Nedre Vindingstad
Nørre Ekerbakke
Rognebakken
Rudibakken
Rødningsbakken
Sebubakken
Skammestein
Skammesteinmarken
Skatrud
Storefoss
Ukshøvdhaugen
Ukshøvdkampen
Vingdal
Vøllebakken
Øvre Skattebu

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1