Hopp til hovudinnhald

Berit på Pynte

«Beste harpespillerske, verdensberømt»

Olav Norheim har skrive boka «Beste harpespillerske, verdensberømt», og no kjem han til Valdres Folkemuseum for å fortelja om denne særmerkte dama.

Berit på Pynte (1812–1900) er eit namn som er nemnt i mange historiske tekstar, og no er det samla innanfor to permar, alt som er mogleg å finne ut om henne. Forfattaren har jamvel funne ut at ho levde eitt år lenger enn det kjeldene før har fortalt.

Norheim har sett Berit på Pynte, eller Berit Skjefte, som ho heitte i kyrkjeboka, inn i ein historisk samanheng. Me får vita mykje om korleis folk levde i Vang og Vestre Slidre på 1800-talet, korleis dei reiste når dei skulle til Kristiania og Lærdal, og kva kontakt dei hadde med omverda. Ikkje minst får me vita korleis kunstnarar og andre turistar begynte å oppdaga Bygde-Noreg og bruke bondesamfunnet i arbeidet for å byggje nasjonen Noreg.

Berit på Pynte spelte for Lindeman og Bjørnson. Og ho hadde besøk av både Grieg og Werenskiold. Korleis tok den vesle husmannskjeringa imot slike storkarar? Det finst mange gode skildringar av desse møta – og dei blir gjenfortalde av Norheim i boka om Berit. Under foredraget på museet viser han bilete og fortel frå boka.

TID: Torsdag 19. september 2024 kl. 19.00
STAD: Festsalen, Valdres Folkemuseum
PRIS: 140 kr (gratis for medlem av vennelaget)​
ARR: Vennelaget for Valdres Folkemuseum

Billettsal i døra

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1