Hopp til hovedinnhold

Beredskapshagen

Kva er ein beredskapshage? Korleis kan han vera nyttig? Og kva for hovudprinsipp bygger han på?

  • Foto: Susanne Adensfield

I ti år har Barbro Helga og Anders Nordrum på Leira late seg inspirere av sine møte med den russiske datsjakulturen som døme på kva ein kjøkkenhage kan bety for privat og nasjonal mattryggleik. I mars 2021 kom boka om beredskapshagen med dottera Maria som hovudforfattar. 

Måndag 19. april arrangerer Valdresmusea digital foredragskveld der det er Maria som fortel: om beredskapshagen som konsept og prosjekt, norsk mattryggleik før og no, og kva vi kan lære av dei sovjetrussiske datsjaane, småhagane som framleis preger dagane for mange i Russland der Maria har budd i fem år. Rett og slett boka i eit nøtteskal. 

Vi vil også gi eit historisk tilbakeblikk fra Valdres og gi gode tips og inspirasjonsråd til korleis du kan få mat ut av plenen i dag.

Velkomen!

TID: Måndag 19. april kl 19.00
ARR: Valdresmusea og Datsja.no
Gratis digitalt arrangement. 
Lenke Finn du her

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1