Hopp til hovudinnhald

Arkiv- og fotokveld i Hedalen

  • Arkiv med herbarium

Bautahaugen samlinger og Valdresmusea gjorde innsamling av foto og arkivmateriale i Hedalen førre veke, torsdag 19.01.2024. Hensikten var å sikre at dokument og fotografi frå Hedalen blir bevara på best mogleg måte for framtida. Spesielt viktig er å samle opplysningane om kva og kven dette materialet viser og fortel om. Kven personane på gamle fotografi er blir ofte gløymt når det ikkje lenger lever nokon som hugsar kven desse menneska er. Om informasjonen blir skreve ned og tatt godt vare på, vil kjennskapen til kven menneska i fotografia er leve lenge etter at både dei og dei næraste etterkommarane deira er borte. Med trygg lagring vil det væra mogleg å finne tilbake til fotografia og menneska dei viser, også i framtida. Det same gjeld lyd og musikk, tekst og papir. Om ingen sørger for å ivareta informasjonen, kan kjennskapen til innhaldet i bileta forsvinne. 

Bautahaugen samlinger og Valdresmusea inngår i arkivfellesskapet Innlandsarkiva, saman med dei andre musea i Innlandet. Musea samarbeider om best moglege bevaring av foto, arkiv og lyd, og strekker seg etter å følgje standardar ogkrav gjeldande for museum. Valdresmusea låner inn eldre fotografi for å skanne desse, og bevarer ei skanna fotofil, men museet tek også imot fysisk fotomateriale til bevaring. Museet nytter den nasjonale museumstenesta Kultur-it, som bidreg til trygg datalagring, og sikrar dei digitale foto-filane for framtida. Dei skanna fotografia blir delt på internett på nettstaden Digitalt museum, saman med foto av gjenstandar,bygningar og anna. Dersom du har sett eit gamalt bilete frå Valdres på internett, er det ganske sannsynleg eit bilete museet har delt på Digitalt museum. Har du ikkje besøkt nettsida enno bør du gjere det no. Søker du på «Hedalen» på Digitaltmuseum kjem det opp 545 fotografi du kan kikke på, og talet veks. Valdresmusea har delt over 15 000 gamle bilete fråValdres på denne nettsida. Mykje av dette er bilete frå privatpersonar, gamle sort-kvit bilete folk har hatt heime som dei har valt å dele med museet. Då blir ikkje berre fotografiadelt, men informasjonen om dei blir og sikra. Fleire foto vil komma på nettstaden, så lenge foto blir delt med museet og det finns frivillige og tilsette på museet som gjer jobben med å skanne, lagre og publisere. Etter arkivkvelden i Hedalen fekk museet låne med seg fleire nye gamle foto frå Hedalen, som snart vil bli lagt ut på Digitalt museum.

Under foto- og arkivkvelden i Hedalen på torsdag vart også levert inn arkivmateriale i form av papirarkiv. Blant anna fleire sider handskrivne dagboksnotat frå ein sjøfartsmann frå Hedalen som deltok på ein seilas til Sydishavet i 1934-1935. Det vil no bli oppretta eit arkiv med namnet til sjøfararen, og informasjon om arkivet blir lagra ved museet og publisert på nettstaden Arkivportalen.no. Dagboksnotata, som består av fleire ark med sirleg handskrift blir pakka ned i syrefrie arkivesker, som gjer at papiret held seg lengst mogleg og teksten held seg best mogleg. Alle som ønsker kan ta kontakt med museet for å få sjå innhaldet i arkivet. Det krev berre ei førespurnad, ein telefon eller ein epost. Arkivmateriale frå over 700 ulike lag, foreiningar, personar, bedrifter og andre aktørar er samla og lagra på Bautahaugen samlinger, Bagn Bygdesamling og Valdres Folkemuseum. Dette er historie på papir. Musea har lister over innhaldet i arkiva, og arbeider for å publisere informasjon om kva arkiva inneheld på internett, så det blir lettare for alle å finne fram til arkiva. Informasjonenom fortida som er samla i arkiva blir gjennom systema til musea tilgjengeleg også utanfor nærområdet, og kan bli ein del av større samanhengar. Blant anna kan samlingane museatek vare på nyttast av universitet og andre institusjonar til forsking. Under arkivkvelden på i Hedalen vart det levert inn eit Herbarium, ei tjukk bok frå 1898 med pressa blomar og planter limt inn på kvar side. Kven veit, kanskje kan den eingong i framtida gje oss informasjon om naturen her og korleis den endrar seg? 

Nettverket Innlandsarkiva mot løysningar for å betre bevare også digitale filer, ettersom historia i dag ikkje lenger skrivastmed penn men med tastatur. So langt finns moglegheita for trygg lagring av lyd og lydspor. Valdresmusea driftar Valdres Folkemusikkarkiv, som samlar lyd- og videopptak av folkemusikk her i regionen, så vell som anna informasjon kring dette. Lyd- og videoopptak av folkemusikk gjort av privatpersonar som ikkje er kommersielt utgitt er spesielt interessant for museet. Det er eit stort ynskje frå museet si side å finne fram til slike opptak. Lyd frå Hedalen har såklart sin plass i historia, og museet ynskjer spesialt at alle som kan har slik materiale tek kontakt. 

Bautahaugen samlinger og Valdresmusea vil ynskjer å gjere fleire innsamlingar av foto, arkiv og lyd i Hedalen i framtida. 

  • Arkiv med herbarium
    1/1
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1