Hopp til hovudinnhald

Anders Anmarkrud

11.4.1942- 23.11.2022

Anders var fødd på Anmarkrud i Aurdal, som den eldste av fem brør, han var tvilling med Gulbrand, så var det Ådne, og tvillingane Nils og Bjørn. Faren Arne var teolog og jobba attåt å være gardbrukar på realskula i Aurdal og på Valdres Gymnas. Mora, Anne Olava Solberg, var frå Vestfold.

Fleire av brørne valde høgare utdanning, og Anders og Gulbrand gjekk på Eidsvold landsgymnas før Anders held fram med studiar i m.a. engelsk og historie på Universitetet i Oslo. Hovudoppgåva si skreiv Anders om folkedans i England.  I studietida i Oslo var han aktiv i Valdreslaget, og satt m.a. i lagsstyret fram til 1969.

Etter kvart vart han tilsett på Hønefoss videregående skole der han var fram til han vart pensjonist.

Anders var ein allsidig idrettsutøvar i ungdomen, og ferdigheiter og interessa for idrettsprestasjonar var med på å motivere interessa hans for hallingdansen.

Han lærde hallingdans av Gullik Kirkevold (1895-1978) frå Røn i Vestre Slidre. Han var dansar og spelemann på hardingfele og held kurs i Oslo i tiåra etter krigen. Slik vart rekrutteringa i hallingdans på 1960-talet fyrst og fremst gjennom kurs i Oslo. Saman med Reidar Bakken, Randi Før og Boye Wangensten førde Anders dansen vidare gjennom kurs i Valdres og i Oslo. Dei fekk mykje positiv merksemd, dansa ved større konsertar og opptredde i fjernsyn. I 1969 vart det gjord opptak av desse hallingdansarane på Norsk Folkemuseum.

Kona, Sidsel Dølerud, hadde Anders treft på Valdres Folkemuseum der ho var vertinne og han var tilsett som hallingdansar. Dei fekk borna Arne Syver og Kjersti.

I 1970 fekk Anders eit engelsk stipend for å studere folkedans. Dette kombinerte han med to ulike oppdrag. Det fyrste var ei norsk veke i Coventry, der dronning Elisabeth fekk sjå både dans og norske bunader. Seinare var dansarane frå Valdreslaget, med Sidsel og Anders i spissen, med på ein internasjonal musikktevling i Llangollen i Wales der dei gjekk til topps blant 18 nasjonar. Her var Trygve Bolstad spelemann, og Gullik Kirkevold reiseleiar.

Anders dansa også i ei programserie på NRK i 1971, «Spela spelemann, lat fela låte».

Same året reiste Sidsel og Anders i lag med Kjellaug og Torleiv Bolstad på turne i Amerika og opptredde m.a. på Nordic Fest i Decorah

Anders inspirerte dansarar som Ingar Ranheim og andre i hans generasjon som utvikla dansen som stiluttrykk og med estetiske kvalitetar som bidrog til å heve statusen og gav publikum gode opplevingar. Det var interessant å legge merk på kor ulikt uttrykk Anders Anmarkrud, Reidar Bakken og Boye Wangensten hadde. Dei hadde lært frå same kjelda, likevel fann dei sin personlege stil, og bidrog soleis til eit variert uttrykk.

Anders vann halling, klasse A, landskappleiken på Geilo i 1969 og i Bergen 1973.

I fleire år deltok han på Jørn Hilme-stemnet der han også dansa springar i lag med kona Sidsel.

Etter at han sjølv slutta og tevle i dans var han årviss tilskodar på Jørn Hilme-stemnet. Kontakten med heimbygda held han gjennom hytte på Binnhøvd der han stortreivst, og også feira 80 årsdagen sin sommaren 1922.

Felespelaren Torleiv Bolstad var oppteken av dans og sette dansen til Sidsel og Anders høgt. Venskapen med dei beheld Torleiv så lenge han levde, og han trekte ofte fram kor viktig Anders var for utviklinga av bygdedansen på 1960 og 1970-talet.

  

  • 1/2
  • 2/2
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1