Hopp til hovudinnhald

Ystekurs på skulen

Bjørn Nylander

Vi startar dagen med ysteritreet, der elevane blir kjende med mjølka, mjølkekua og kva som skjer før vi kan setje i gang med ystinga. Deretter får elevane sjølve vere med og lage til dømes kulturmjølk, yoghurt, ferskost, rømme og smør.

For mindre grupper kan vi også lage ein fast ost. Då får elevane sjå og erfare korleis løype verkar, og korleis mjølka blir forvandla til ost. Opplegget blir tilpassa gruppestorleiken ved den enkelte skulen.

Vi tek med mjølk og alt nødvendig utstyr. Skulen må stille med kjøken eller eigna rom med kokeplate og ein stor kjele på minst 10 liter.

Kven møter de?

Bjørn og Erika driv ein mjølkegard i Vang med 15 kyr, tre stølar og eige ysteri. Av mjølka lagar dei mellom anna yoghurt, hardost, smør og fetaost, som blir selde i gardsbutikken deira.

Gjennom kurset får elevane følgje vegen frå gras og ku til mjølk og ferdige produkt. Den same mjølka kan bli til overraskande mykje forskjellig, og elevane får prøve delar av prosessen sjølve.

Målgruppe: Frå 7. trinn til og med vidaregåande
Organisering: Omreisande kurs som blir gjennomført på den enkelte skulen
Varigheit: To heile dagar, eventuelt delt i halve dagar dersom elevgruppa skal delast
Gruppestorleik: Maks. 12 elevar per gruppe

Kontaktperson for påmelding

  • 1/1
    Bjørn Nylander