Hopp til hovudinnhald

Restaurering av vindauge

Kurs

Valdres Folkemuseum
Tyinvegen
06. – 08. nov. 2026
09.00 – 16.00
restaurering av gamle vindauge

Kursinnhald

På kurset skal vi lære å restaurere gamle vindauge. Det blir mykje praktisk arbeid og ein del teori.

Når me her i Valdres pratar om "glas", pratar me om heile vindauge, med karm, ramme, sprosser og sjølve glasruta.

Er du så heldig at du er eigar av eit gamalt hus der glasa ikkje er skifta? Er du klar over at desse gamle glasa kan bli like bra, eller betre, enn nye glas? Både når det gjeld varmeisolering og støyisoelring! I tillegg beheld du ei viktig historisk kjelde, gode materialar, flotte profilar på listverk og sprosser som vanskeleg let seg erstatta.

Skiftar du glasa i huset ditt, kan du sikkert få ein dyktig snekker til å kopiera dei gamle, og få det nesten likt. Men "nesten likt" er ikkje nok. 

Kanskje er dei gamle glasa ròtne og stygge? Eller er dei ròtne? Om du stikk ein kniv inn i det gråe treverket råkar du truleg friskt og hardt treverk, sjølv om vedlikehaldet har vore fråverande dei siste tiåra. Kitt og måling har ikkje vore tema. Kanskje er det råte? Likevel treng du ikkje skifta glasa dine, dei let seg reparera. Vil du få ein snekker til å ta på seg dette? Eller vil du gjera det sjølv men synest ikkje du kan nok? Fortvil ikkje. Eit av kursa Valdresmusea arrangerer i år handlar om dette; korleis skifta ut råte i glaset, korleis ta vare på det for framtida og korleis kan eit gamalt glas bli like bra, eller betre, enn eit nytt?

Ta gjerne med eigne glas!

Det blir servert dugurd (lønsj) på Fjordkafeen.

Fakta

TID: 6. - 8. november 2026

STAD: Valdres Folkemuseum

INSTRUKTØR: Tone Bråthen

PRIS: Kr 3300 inkl. materialar
Kr 3100 for medlemmer av Verne-Vøla
Kr 3100 for dei som har årskort til Valdresmusea
Kr 1600 for dei under 26 år

PÅMELDINGSFRIST: 24. oktober

MÅLGRUPPE: Kurset er ope for alle.

ARRANGØR: Valdresmusea

Med atterhald om endringar.

Spørsmål