Hopp til hovudinnhald

Vil du bli instrumentmakar?

Er du i alderen 18–25 år og har interesse for tradisjonshandverk? Vil du prøve deg som instrumentmakar?

Prosjektet Ungt tradisjonshandverk søker no etter ein ung kandidat med interesse for instrumentmaking, til praksisplass ved verkstaden på Valdres Folkemuseum på Fagernes. Engasjementet strekker seg over seks månadar og er løna av Norsk håndverksinstitutt. I nokre tilfelle blir det gitt dispensasjon frå øvre aldersgrense. Oppstart innan utgangen av 2025.

Norsk håndverksinstitutt har dei siste åra tilsett 25 unge handverkarar i praksis på museum over heile landet. Målet er at dei unge skal få auka kompetanse og eit nettverk som gjer det enklare å satse på tradisjonshandverk .

Søknadsfrist 15. august

Prosjektet er støtta av Sparebankstiftelsen DNB og Innlandet fylkeskommune. For tilsetting ved Norsk håndverksinstitutt gjeld Landsoverenskomst for museum og andre kulturinstitusjonar. Medlemskap i Statens pensjonskasse.

Kontaktinformasjon:
Birgit Sildnes
Prosjektkoordinator
Norsk håndverksinstitutt
Mobil 91 83 14 97
www.handverksinstituttet.no

Museum24:Portal - 2025.06.11
Grunnstilsett-versjon: 2